Bibelskule i beste sendetid

I seks månader fotfølgde eit NRK-team bibelskuleelevar ved Acta bibelskule i Stavanger. Serien startar på NRK1 i kveld.

– NRK kontakta fleire norske bibelskular og skisserte eit prosjekt kor dei ønskte å følgje unge menneske i perspektiv av å leve for noko anna enn seg sjølv. Fleire takka ja, og så valte dei oss, seier Martin Cave til KPK

Bildøy bibelskole var ikkje blant dei som blei spurt, opplyser rektor Gunnar Ferstad til sambåndet.no.

Med på alt

Martin Cave er pastor i IMI-kirken og rektor ved Acta, kyrkjelydens bibelskule. I serien, som har fått tittelen «Guds lærlinger», vert fem elevar følgde gjennom kvardagen som bibelskuleelev. TV-teamet fikk vere til stades i klasserom og samtalegrupper, på møte og når elevane ber for sjuke, til saman nesten seks månader.

– Eg håpar dette programmet gir eit positivt bilete av norsk ungdom. Dette er menneske som ønskjer å utgjere ein forskjell, og som meiner at trua på Gud faktisk fører til noko godt for samfunnet, seier Cave.

Ikkje bekymra for framstillinga

Pastoren fortel at dei i forkant stilte seg spørjande til korleis konseptet ville sjå ut, men bedyrar at han ikkje er bekymra for korleis elevane, skulen og kyrkjelyden skal bli framstilt på riksdekkjande TV.

– Vi opplevde det aldri komplisert med NRK-teamet. Deira ønske var å gjengi eit sannferdig bilete, utan nokon eigen agenda. Det var ei sann glede for oss, seier han.

Difor har han også store forventingar til serien, som er i seks delar.

– Her møter vi fem ungdomar, men det er jo tusenvis av ungdomar i landet vårt som kunne stilt opp og sagt at dei står for det same. Desse fem blir ansikta til tusenvis av unge kristne som har som mål å få hjelp til å bety ein forskjell, seier Martin Cave.

Leve ut trua

– Kva tenkjer du om at de får moglegheit til å fortelje om både Jesus og Acta-skulen på riksdekkjande TV?

– Vi har ikkje tenkt at dette gir oss ei moglegheit til å marknadsføre. At vi når breitt ut er i så fall eit biprodukt. Det viktigaste er å la det norske folk møte ungdom med ei tru på Jesus som ei positiv kraft i kvardagen. Som kristne skal vi leve ut trua naturleg og normalt, både på bussen, butikken – og på fjernsynet, seier Cave. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.