Friskular får framleis ikkje undervise flyktningar

Fleirtalet av høyringsinstansane vile gi friskular høve til å undervisa nyankomne flyktningar. Men fordi ingen av dei hadde forslag til korleis det kunne organiserast, sa Kunnskapsdirektoratet nei for andre gong.

I vinter fekk misjonseigde Sygna vidaregåande skule avslag på søknad om å få lov til å gjennomføre undervising i norsk og samfunnskunnskap for dei nyankomne flyktningane i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen var at Friskoleloven seier at friskular ikkje kan drive anna arbeid.

Sygna klaga på vedtaket då friskolelovens paragraf 2-2 opnar for unntak. Denne veka blei klagen avvist av Kunnskapsdirektoratet.

Rektor Joakim Hector er skuffa over avgjerda.

– Eg er skuffa over avslaget. Men det er ikkje skulen vår – men saka – som taper på denne avgjerda. Det var behov for innsatsen vår, og dette var eit ønske frå kommunen, seier rektoren til Avisen Dagen.

Også generalsekretær i Kristne friskolers forbund (KFF), Jan Erik Sundby, er skuffa.

– Vi synest det er trist at skulane blir hindra i å vere ein positiv bidragsytar for lokalsamfunnet, seier han til KPK.

Ikkje nært tilknytt arbeid

Sygna har søkt om godkjenning for å kunne gjennomføre opplæring i norsk og samfunnskunnskap i samsvar med lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nykomne innvandrarar (introduksjonslova).

Avslaget er grunna med at opplæring etter introduksjonslova ikkje kan seiast å vere nært tilknytt arbeid etter friskulelova, og at opplæring for andre enn skulen sine elevar ikkje blir omfatta av dei tillatne tilleggsarbeida i lova.

Direktoratet viser til andre løysingar der Sygna kan opprette eit sjølvstendig selskap kommunen kan tilsetje lærarar frå. Sundby i KFF synest ikkje det er ein god idé.

– Å ha tilleggsverksemda innanfor skulen vil gi styresmaktene betre kontroll, seier han.

Også Balestrands kommunalsjef for oppvokster og kultur, Kari H. Rønnestad, synest forslaget er ein dårleg idé då mange av lærarane ikkje er frå kommunen.

– Det høyrest enkelt ut, men det er ikkje alltid så praktisk, sa Rønnestad til Dagen i vår.

Inga oppmjuking

Etter at saka blei omtalt i vinter tok stortingsrepresentantar frå Kristelig Folkeparti (KrF) og Framstegspartiet (Frp) spørsmålet opp med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

I svaret til KrFs Kjell Ingolf Ropstad skreiv statsråden at han ville sjå på regelverket for tilleggsarbeid.

«Vi vil vurdere ei viss oppmjuking av dette», skreiv Røe Isaksen til Ropstad.

I det nyaste avslaget kjem det fram at forslag om oppmjuking var ute på høyring i vår, men ikkje blei vedteke.

 «Fleirtalet av høyringsinstansane som svarte på dette spørsmålet, var positive til å gi friskulane høve til å tilby opplæring etter introduksjonslova. Det var likevel ingen av høyringsinstansane som hadde forslag til korleis eit slikt tilbod kan organiserast. På bakgrunn at høyringsinnspela i saka avgjorde departementet å ikkje endre forskrifta på dette punktet», står det i avslaget. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.