Bibelskule kombinerer dataspel og bibel

Bibelskulen Fjellhaug blir den første bibelskulen i landet som får ei eiga linje for dataspel. Linjeansvarleg samanliknar med Kristen idrettskontakt (Krik).

Med den nye linja «Bibel, Gaming og Digital kultur» skal elevane endeleg få sjansen til å kombinere gamingopplevelser med eit bibelskoleår. Den nye linja ved Bibelskulen Fjellhaug, som er eigd av Norsk luthersk misjonssamband (NLM), får oppstart til hausten.

– Vi har hatt gaming som valfag dei siste to åra, og det var det som var mest populært, seier ansvarleg for den nye gaming-linja, Andreas Ruud, til KPK

– Høy kompetanse

Ruud, som er lærar på Bibelskolen Fjellhaug og som sjølv har eit personleg forhold til dataspel, har vore sentral i utarbeidinga av linja dei siste to åra.

– Dette er inga E-sport-linje (sjå faktaboks) som somme folkehøgskular tilbyr. Men elevane skal få kunne smake litt på kva det faktisk betyr å prøve å bli litt betre på spel – og der vil vi ha inn kompetente folk som kan hjelpe dei, seier Ruud.

På spørsmål om korleis ein kan kombinerer bibelundervising og dataspel, viser Ruud til opprettinga av Kristen idrettskontakt (Krik), som bana vegen for å kombinere kristen tru og idrett.

– For 15 til 20 år sidan var det utenkjeleg, men no har Krik blitt allment kjent – og det å ha andakt på fotballtrening er heilt sjølvsagt. Det blir brukt som ein naturleg måte å drive kristent ungdomsarbeid på, meiner Ruud.

Veksande gaming-kultur

Og med ein stadig veksande gaming-kultur både i Noreg og internasjonalt meiner Ruud det er naturleg at også ein bibelskule skal rette seg mot denne gruppa ungdomar.

– Speleglede er akkurat som idrettsglede. Det kan òg vere ei velsigning frå Gud. Ein kan bruke det som eit verktøy på ein god og truverdig måte i eit ungdomsarbeid, retta mot dei som ikkje er så opptekne av idrett eller musikk, meiner Ruud.

– Men om elevane trur dei berre kan spele dataspel og sluntre unna bibelundervisinga, har dei ikkje skjønt kva dei er med på, seier han og strekar under at mesteparten av tida vil bli brukt til bibelundervising.

– Gaming som eit eige fag vil vere det største faget på linja – og det blir 8-10 timar med rein speling i veka. Samtidig har vi 18 timar med fellesfag som i hovudsak er bibelundervising, seier linjeleiaren.

Ikkje berre bibelske dataspel

Deler av bibelskuleåret vil også bli brukt til å analysere korleis kristendomen blir framstilt i ulike moderne storspel. Ruud meiner det er ein tendens til at kristendomen ofte får «offer-rolla» i dataspel:

– Er måten spelverda og internettkulturen portretterer kristen tru på, og set det religiøse på dagsorden på, eigentleg truverdig?

Ruud stiller spørsmål ved om kristne berre skal føye seg, eller som dei fleste gjer, berre halde seg unna dataspel.

– Er det ikkje betre at vi seier at «denne presten i det spelet der – det er jo ingen prestar som er sånn i røynda», spør Ruud som ønskjer å skape refleksjon rundt dette blant elevane.

– Det er mykje vald, blod og skyting i mange moderne og populære dataspel. Korleis er dette foreinleg med kristen tru?

– Dette er eit spørsmål som kjem til å bli teke opp i undervisinga. Vi kjem ikkje berre til å spele kristne spel, og vi må reflektere over kva valdelege spel gjer med oss. Men eg trur ikkje at vi blir mordarar av å spele spel som er meint som underhaldning, seier Ruud.

– Er det somme spel som absolutt ikkje vil bli akseptert?

– Ja, det er det. Spel som f.eks. «Postal» og heilt lugubre spel ønskjer vi å unngå. Eg synest heller ikkje noko om spel som mobbespelet «Bully». Men vi ønskjer ikkje fyrst og fremst og vifte med peikefingeren – men heller invitere til refleksjon rundt det som blir spelt, seier Ruud.

– Stor del av kvardagen

Rektor Jørn Martinsen peikar òg på at gaming og digital kultur er ein stor del av kvardagen for unge menneske.

– Vi ønskjer å ta det på alvor og er glade for at vi kan ta det inn i ein bibelskulekontekst der vi òg kan jobbe reflektert med dette for eksempel i høve til speleglede, etikk og kva slags innverknad digital kultur kan ha på sosiale relasjonar. Vi treng òg kristne leiarar som veit noko om dette og kan bruke det for eksempel i kristent ungdomsarbeid, seier Martinsen.

Avgrensa plass

Då linja «Bibel, Gaming og Digital kultur» blei lansert, kom det inn søknader allereie fyrste dagen. Det betyr at søkjarar bør vere tidleg ute dersom dei ønskjer plass.

– Vi har avgrensa elevtalet til rundt ti plassar for å sikre god nok oppfølging. Vi har eit laupande opptak, så det er fyrstemann til mølla. Elevane må sjølv ta med seg datautstyr, men vi vil stille med fiberlinje og veldig gode lærarar, lover Ruud. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.