UTFORDRER: Stiftelsen Biocosmos vil utfordre Darwins teori om evolusjon. (f.v.) Daglig leder Dag Erlandsen, styremedlemmene Alv Magnus, Steinar Thorvaldsen (styreleder), Håkon Filip Lindquist, David Sjøen, Kjell Tveter og Knut Sagafos under lanseringen av ny nettside på Litteraturhuset tirsdag 22. november. FOTO: Biocosmos.
Vil gje folk eit alternativ til evolusjonsteori
Med millionhjelp frå ein av Noregs rikaste ynskjer stiftelsen Biocosmos å setja søkelys på vitskapen rundt intelligent design.
Tysdag 22. oktober lanserte stiftinga Biocosmos ei ny nettside som skal gi særleg unge i alderen 15-25 år alternativ og oppdatert kunnskap om opphavet og utviklinga til livet, på eit vitskapleg grunnlag.
– Nyare forsking viser at dei ulike livsformane i naturen i all hovudsak er resultat av ingeniørdesign, ikkje naturleg utval og små genetiske modifikasjonar, seier Steinar Thorvaldsen, styreleiar i stiftinga og professor i informatikk ved Universitetet i Tromsø i ei pressemelding.
– No snakkar teknologimiljøa stadig oftare om «ingeniørkunsten til naturen», og at vi menneske må «stela patenta til naturen for å løysa dei teknologiske utfordringane til kloden», fortset han.
Milliardær-hjelp
Med seg på laget har stiftinga Biocosmos fått skipsreiar Einar Johan Rasmussen frå Kristiansand. Han er Noregs 27. rikaste, ifølgje Kapital, og har bidrege med 15 millionar kroner til eigenkapitalen til stiftinga.
– Biocosmos står for noko eg trur på, og noko eg meiner er viktig å formidla på breiast mogleg front. Intelligent design får meir og meir tilslutnad, seier Rasmussen til avisa Vårt Land.
Den kristne reiaren, med ei formue på 8 milliardar kroner, seier at trua ikkje er heile motivasjonen bak bidraget hans.
– Utan fagleg tyngde ville det ikkje hatt nokon hensikt. I seinare tid har eg byrja å lesa atskilleg meir om dette og har vorte overtydd om at verda og livet er skapt og ikkje er eit resultat av tilfeldigheter, seier han til avisa.
Debatt
Stiftinga ynskjer ved hjelp av open debatt å utfordra det tradisjonelle darwinistiske synet om at livet oppstod av seg sjølv og har utvikla seg til det vi ser i dag. Dei hevdar ny forsking viser at levande celler på nanonivå er så avansert og planfast at det ikkje lenger nyttar å hevda at dei er vorte til av seg sjølv.
– Hittil har lite av denne forskinga komme ut til publikum. Det har Biocosmos tenkt å gjera noko med, seier styreleiar Thorvaldsen.
Dagleg leiar i Biocosmos, Dag Erlandsen, meiner evolusjonsteorien er i ferd med å mista oppslutning i akademiske kretsar.
– Over tusen akademikarar har skrive under på at dei er skeptiske til Darwins teoriar, sa Erlandsen under lanseringen av nettsida.
Bjørn Are Davidsen, forfattar av boka Evolusjon eller kristen tro? Ja takk, begge deler, deler ikkje Erlandsens syn.
– Det er ikkje vanskeleg å finna nokre vitskapsfolk som avviser evolusjonsteorien, men i forhold til kor mange vitskapsfolk som finst i verda, er det i beste fall snakk om nokre få prosent, antakeleg om promille, seier han til Vårt Land. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!