ETTERKOMMAR: Britiske Lyn Julius er etterkommar av jødiske flyktningar frå Irak og kjemper for at historia og skjebnen deira skal bli høyrt og anerkjent gjennom organisasjonen Harif og boka Fordrivelsen. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK
Den gløymde jødebortvisinga
– Det talast ikkje om den store bortvisinga av jødar frå arabiske land på 50-talet. No gjentar historia seg for andre minoritetar som kristne og yezidiar, seier forfattar Lyn Julius.
Då foreldra til Lyn Julius gifta seg i heimbyen Bagdad i 1948, måtte dei halda den jødiske seremonien heime, for det var ikkje trygt å gå ut.
To år seinare vart dei, saman med 90 prosent av den jødiske befolkninga i Irak, drive på flukt ut av landet. Julius´ foreldre flykta til Storbritannia, men dei aller fleste jødane flykta til Israel.
– Denne store bortvisinga av jødar frå dei arabiske landa talast det veldig lite om, og den blir ikkje inkludert når ein diskuterer konflikten i Midtausten, seier Julius til Kristeleg Pressekontor.
Ho er i Norge i samband med den årlege markeringa av minnedagen for jødiske flyktningar frå arabiske land som blir arrangert av organisasjonane Hjelp jødene hjem (HJH) og Med Israel for fred (Miff).
Julius er forfattar av boka Uprooted frå 2017 som no vert utgitt i norsk omsetjing kalla Fordrivelsen. Boka har undertittelen Korleis tre tusen års jødisk sivilisasjon i arabiske land vart borte over natta, og den vert gitt ut av Miff. Forordet i den norske omsetjinga er skrive av KrFs Hans Fredrik Grøvan.
– Utan kjennskap til denne historia er det umogleg å forstå Israels situasjon og korleis israelske leiarar og befolkning tenker og kvifor dei handlar slik dei gjer, skriv stortingsrepresentanten i forordet.
– Historia gjentar seg
På 40-, 50- og 60-talet vart rundt 850.000 jødar pressa og jaga ut av heimlanda sine i Midtausten og Nord-Afrika. I 1948 var det 150 000 jødar i Irak, i dag er det mindre enn 5 igjen. Fleire fryktar at same lagnad ventar dei andre minoritetane i området, yezidiar og kristne.
– Den assyriske kristne befolkninga har gått frå 1,5 millionar til rundt 100 000 sidan 2003. Det er heilt katastrofalt. Det som skjer mot kristne no, skjedde mot jødane først, seier Julius.
Ho trur forteiinga av det som hende med jødane, er ein grunn til at det same skjer med dei kristne og andre minoritetar.
– Dei har ikkje lært av historia. Det talast ikkje mykje om den kristne fortrenginga heller, i alle fall ikkje i den britiske pressa. Det var litt dekning av kva som skjedde med yezidiane då IS dreiv med sin bortføring og massakre i Irak, men no snakkar ingen om dei. Det er ei slags konspirasjonen av tystnad om alle forfølgde minoritetar i Midtausten.
Julius har mellom anna starta organisasjonen Harif som representerer jødar frå Nord-Afrika og Midtausten og fremmar deira historie, kultur og kulturarv.
– Israel var løysinga
Forfattaren fortel at etter skipinga av Israel etter 2. verdskrig var det mange arabiske statar som hemna seg på den jødiske befolkninga si.
– Dei laga diskriminerande lover, strippa dei for rettane deira og tok frå dei eigedelane deira, fortel ho.
Julius meiner likevel ikkje at forfølginga og bortvisinga av jødar i arabiske land berre var eit resultat av Israels skiping.
– Problema starta lengja før skipinga av Israel. Antisemittisme var ein del av den aukande arabiske nasjonalismen som ekskluderte minoritetar. Fundamentalistisk islamisme var òg på frammarsj, med påverknad av nazistisk antisemittisme. Israel var ikkje årsaka til forfølginga, men løysinga for situasjonen til jødane, seier ho.
I 1950–51 fekk størstedelen av jødar løyve å forlata Irak dersom dei fråsa seg den irakiske nasjonaliteten sin. Etter eit år vart eigedommane deira frose, og dei som hadde valt å bli igjen, opplevde endå sterkare forfølging enn før med mellom anna skinnrettssaker og offentleg henging av jødar i Bagdad.
Julius ser særleg ein stor skilnad mellom situasjonen til jødane på 50-talet og dei forfølgde minoritetane i Midtausten i dag.
– Dei kristne og yezidiane har ikkje sitt eige Israel.
– Feila strategi internasjonalt
Forfattaren går med på at óg staten Israel har vore med på å teia om bortvisinga av jødar frå arabiske statar på 50-talet.
– Israelske styresmakter var opptatt av å byggja ein ny identitet som israelarar og legga fortida bak seg. At dei arabiske jødane hadde overlevd, medan så mange var drepne i Europa, gjorde òg sitt til at ein ikkje snakka så høgt om dette, seier ho.
Julius meiner det var riktig med tanke på nasjonsbygginga, men at dette var ein forfeila strategi når det gjeld internasjonale relasjonar.
– Israel absorberte flyktningane sine og gjorde dei ikkje om til eit politisk våpen. Medan palestinarane snakka om si sak og flyktningane sine, sa israelarane ikkje noko om dei jødiske flyktningane. Det er først no dei siste åra at jødiske flyktningar frå arabiske land blir nemnde.
Ho trur få internasjonalt er klar over kor mange jødar det pleidde å bu i dei arabiske landa og kor mange av Israels innbyggarar som stammar derfrå.
– Dette er ei historie som treng å forteljast, avsluttar Lyn Julius. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!