SLUTTAR: Anne Birgitta Langmoen Kvelland sluttar som generalsekretær i Normisjon ved neste årskskifte. Her er ho ved lanseringa av TV Normisjon. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Tar kveld i Normisjon

Anne Birgitta Langmoen Kvelland går av som generalsekretær i Normisjon ved neste årsskifte.

Anne Birgitta Langmoen Kvelland starta som generalsekretær i Normisjon i april 2014 og takka hausten 2018 ja til ei forlenging av åremålet sitt fram til 1. april 2022. No takkar ho likevel av ved årsskiftet 2020/2021, nesten eitt og eit halvt år før åremålet går ut.

Viktig

– Anne Birgitta Langmoen Kvelland har vore svært viktig for Normisjon i perioden ho har vore generalsekretær. Ho har hatt ein viktig funksjon ikkje minst i omstillingsfasen organisasjonen har vore inne i dei siste åra, seier landsstyreleiar Hallgeir Solberg i ei pressemelding.

Solberg seier at Kvelland har vore delaktig i å skapa ein kultur for samhandling og endring, og i hennar tid har det skjedd mykje innanfor forsamlingsutvikling, vekst innan Soul Children-bevegelsen og kursopplegget med Agenda 1 som blir brukt både nasjonalt og internasjonalt.

– Normisjon er takksam for det arbeidet Anne Birgitta har lagt ned i løpet av desse åra, og samtidig har vi forståing for at ho no finn det riktig å avslutta tenesta si i Normisjon, seier Solberg.

Gitt alt

– Eg har vore generalsekretær i ein krevjande fase av Normisjon si historie. Vi har tatt tunge tak som har kravd mykje energi. Eg har fått gjort mykje, vi har fått til mykje saman, og eg har gitt alt eg hadde, seier Kvelland og legg til:

– I slutten av januar bestemte eg derfor at det no er tid for at nokon andre tar over.

Til avisa Vårt Land seier Kvelland at avgjerda er tatt heilt frivillig.

Landsstyret i Normisjon melder at dei no skal starta ein prosess med å finna Kvellands etterfølgjar. Styreleiar Solberg seier at målet er å ha vedkomande på plass før Kvellands avgang.

Muslimmisjonen

NY LEIAR: Øyvind Hope vert ny dagleg leiar i Kristen Muslimmisjon frå 1. mai 2020. FOTO: Kristen Muslimmisjon

Medan toppleiaren i Normisjon sluttar, er det klart at Kristen Muslimmisjon (KMM) har fått ny. Landsstyret har tilsett Øyvind Hope (49) som dagleg leiar frå 1. mai 2020, melder organisasjonen i ei pressemelding.

Øyvind Hope er cand. theol og har utdanning mellom anna frå Fjellhaug misjonsskule og MF. Han har vore misjonær i Mongolia for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og dagleg leiar i Hafsfjord og Tveit kyrkjesokn. Han har òg vore dagleg leiar for det sosiale tiltaket Batteriet i Kristiansand fram til 2020.

Hope er 49 år, bur i Kristiansand og skal arbeida frå heimekontor der. Han overtar òg som kretssekretær i Agder og Stavanger krets.

Fire med løn

Kristen Muslimmisjon vil no ha fire løna medarbeidarar i Noreg og misjonsarbeid hovudsakleg i India og Senegal.

Eivind Flå har vore fungerande generalsekretær etter at Tore Arnegard slutta i juni i fjor av helsemessige årsaker. Flå held fram som fungerande generalsekretær fram til Hope overtar som dagleg leiar. Flå går då tilbake til stillinga som forkynnar, informasjonssekretær og redaktør av bladet «Lys over land».

Herdis Heimdal held fram som administrasjonssekretær i Agder og Stavanger krets fram til Hope tiltrer. Stillinga som kretssekretær i Bergen krets blir uforandra. Heimdal vil ifølgje pressemeldinga få meir tid til møteverksemd og framover kontakt med misjonsfolket i Noreg og med misjonsarbeidet i Senegal der ho tidlegare har vore misjonær.

Peder Almedal held fram i delt stilling som kretssekretær i Møre og Romsdal krets.

Kristen muslimmisjon vart grunnlagt i 1940 som Den norske Muhammedanermisjon og ligg teologisk nær NLM. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.