Tag Archive for: Bok & Media

SKRENKAR INN: – Her må vi setja opp ein vegg for at butikken skal bli mindre, seier eigar og styreleiar Hans Petter Foss i Boka & Media, som treng ein god salshaust for å hente inn tapt omsetnad. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Kritisk for fleire av dei kristne bokhandlarane

2019 var utfordrande for fleire kristne bokhandlarar. Koronaåret 2020 er nokre av dei gått mot stupet. Flaggskipet i bransjen ligg tungt i sjøen, og no trengst det ein god haust.

Kristelig Pressekontor har snakka med eit knippe kristne bokhandlarar, og hovudbiletet er at dei har store utfordringar. Det gjeld både i Oslo og i bibelbeltebyar som Haugesund og Kristiansand. Tilsette vert permitterte eller sagt opp, opningstider vert innskrenka og areal redusert. Det vert ikkje meldt om nedleggingar, men det er uklårt om det vert overskot i år.

Flaggskipet Bok & Media hadde eit stort underskot i fjor, og i 2020 skulle dei snu skuta. Så kom koronapandemien. Då er det ikkje nokon trøyst for den 152 år gamle institusjonen i Oslo at også andre baskar i kraftig motvind.

– Ikke morosamt

– Vi hadde auke i salet og var svært nøgde med kundetilgangen, og det ser ut som kundane vernar om oss, men det gjekk ikkje bra i fjor, medgir eigar og styreleiar Hans Petter Foss.

Då alle rekneskapa var gjennomgått i sommar, vart det klårt at årsresultatet må skrivast med raude tal for andre året på rad. 900.000 kroner i minus er summen på botnlina. Når det også var 600.000 kroner i underskot året før, har det ikkje gått som ynskjeleg for bokhandlaren som tok over butikken etter Vivo-konkursen i mai 2016.

– Dette er ikkje særleg morosamt, seier Foss som ikkje går inn i detaljane i rekneskapen fordi det blir «for teknisk».

– Dei største utgiftene handlar om vareinnkjøp, personalkostnader og husleige, forklarer Foss til KPK.

Privat satsing

Foss dreiv bokhandelen i Akersgata 47 frå 1984 til han vart pensjonist i 2011. Då han forsto at Vivo-krakket kunne føre til at butikken forsvann for godt, kjøpte han den like godt privat, med han og kona sin bustad som pant.

– Du kan seie det er galimatias, men dette er eit kall for meg, og eg hadde forventa at det skulle gå noko betre enn det har gjort, medgir han.

– No er vi nøydde til å gjere noko, og vi er avhengige av at publikum stør oss framover hvis vi skal overleve i Oslo sentrum, fastslår Foss.

Han eig 91 prosent av aksjane, men tener ikkje ei krone på drifta. Han forklarer at butikken har heile Noreg som marknad, men at det stoppar opp når så få har reist til hovudstaden sidan nedstenginga i mars.

Berre i koronatida har bokhandelen tapt 2,1 millionar kroner i omsetnad samanlikna med same perioden året før. Noko skuldast at salet frå kristne sommarstemne fall heilt bort.

Nettsalet til privatkundar har gått noko opp, medan salet til forsamlingar har gått drastisk ned fordi konfirmasjonar og andre kyrkjelege handlingar er blitt utsett. Det positive no er at konfirmasjonane er i gang att.

– På ettersommaren var det smått på veg til å kome seg, men vi fekk ein ny nasestyvar då styresmaktene sa at Oslo var blitt «raud sone» att og oppmoda til ikkje å dra hit, seier Foss.

Innskrenker

Det er no tid for å sette inn tiltak, og det er bestemt at det skal kuttast både i butikkareal og stab. I kjellaretasjen vert lokalet noko krympa, og bøkene må stablast tettare.

– Det er ikkje dei tilsette si skuld at det har gått dårleg, men vi er nøydde til å kutte eitt av seks årsverk for å redusere dei faste utgiftene våre. Når vi då lagar butikken mindre, vert det ikkje så mykje springing på dei som er att, forklarer Foss, som skryt av sine tilsette med dagleg leiar Øyvind Hjemdal i spissen. 

Leigeavtalen Bok & Media har, gjeld fram til 2024. Lenge var det vanskeleg å få den reforhandla, men no ser det ut til å vere ei opning. Vona er redusert husleige.

Kritisk i Haugesund

Koronatiden har gitt motvind også for Kristelig Bokhandel i Haugesund. Opningstidene og bemanninga er redusert. Vanskane deira skuldast ikkje berre epidemien. Butikken ligg midt i smørauget i byen, gågata Haraldsgata, men sentrum har lenge tapt konkurransen med kjøpesentera og slit med sviktande omsetnad.

– Tilstanden er kritisk. Folk kjøper færre bøker enn før, melder dagleg leiar og styreleiar Holger Andreas Straum, som seier bøker står for under halvparten av omsetnaden deira. Resten kjem frå sal av gåvefigurar og liknande. Mykje av det kristne boksalet går også direkte frå forlaga til forsamlingane som slik får betre tilbod enn dei ville fått i bokhandelen.

Butikken i Haugesund har hatt underskot i fleire år uten at Straum vil seie noko om storleiken. Omsetnaden var litt over 2 millioner i 2019. At butikken framleis er der, skuldast at eigaren, Haugesund Indremisjons Forretningsdrift AS, har anna verksemd som gjev overskot. Styret har vedteke at det lyt vere ein kristen bokhandel i byen og subsidierer derfor drifta.

Paradoksal viruseffekt

Arne Reinertsen er eigar, dagleg leiar og styreleiar i det som er att av Vivo-kjeda. Han driv ein av to butikkar som framleis har Vivo-skiltet over døra, Vivo Kristiansand.

Butikken fekk ein berg- og dalbane-effekt av koronaepidemien. Starten på 2020 var svært god – til midten av mars. Då stoppa alt opp. Mot summaren var utsiktene mørke.

– Dei første månadene i år auka salet voldsomt mykje, men i mai bestemte vi oss for at vi ville avvikle til nyttår om vi ikkje greide å hente oss inn i løpet av sommaren, seier Reinertsen.

Paradokset er at det var epidemien som løyste problema ved at mange som måtte feriere innanlands, strøymde til Sørlandet. Feriegjestene løfta omsetnaden, og dette meir enn kompenserte for tapet gjennom virusvåren. No vonar Reinertsen at 2020 skal ende i pluss.

 Høsten avgjørende

For Foss og hans reduserte stab blir no hausten og julesalet avgjerande for framhald i drifta i Akersgata 47 – der det har vore samanhengande drift av kristen bokhandel sidan 1898.

– Vi veit ikkje om det lausnar så veldig i dei komande månadene heller, så vi har ei kraftig utfordring. Vi er avhengige av at resten av året går godt. Dette er normalt dei beste månadene, seier Hans Petter Foss som trass alt er optimist. KPK

Bok og Media, Vestbok

Store omlegginger i Vestbok

Butikken i Norheimsund legges ned, og Vestbok i Bergen må omstille seg i møte med nye tider.

– Styret i Vestbok har satt et krav om at vi skal drive i balanse. Vi har prøvd i det lengste å holde liv i alle tre butikkene, men nå er det ingen vei utenom nedleggelse, sier Torgeir Hauge, styreleder i Vestbok.

Oppsigelser
1. juli er det derfor slutt i Norheimsund og to ansatte mister jobben.
– Det er fryktelig tungt å måtte si opp ansatte. Det er også en av grunnene til at vi har ventet lengst mulig før vi gikk til dette skrittet, sier Hauge.

Bakgrunnen for nedleggelsen i Norheimsund er todelt.

– Vi kan ikke se hvordan vi skal greie å få et økonomisk oppsving og drive denne butikken i balanse. Den andre grunnen er avstanden til sentrum. Alle tre butikkene har en felles daglig leder. En ting er å greie dette i gode tider, men med tre butikker som alle trenger en tilstedeværende leder, blir avstanden for lang.

Selger hus
Huset der bokhandelen ligger blir nå solgt, uten at Vestbok blir rik av den grunn.
– Dette er det eneste huset vi selv eier, og sånn sett er det kanskje dumt å selge. Men huset er allerede grundig belånt, så salget vil i hovedsak dekke inn gjelden. I tillegg er huset gammelt og vil kreve en del vedlikehold dersom vi beholder det, og det finnes det ikke økonomiske midler til per i dag.

Når nå Vestbok slankes fra tre til to butikker, ser Hauge lysere på framtiden.
– Dette er ikke første steg mot slutten. Nå kan vi styrke arbeidet med sentrum og Frekhaug og vi har stor tro på at vi nå skal greie å nå målet om et lite overskudd.

Nytt i sentrum
Men også i sentrum blir det endringer. ImF som i dag eier bygget der Vestbok ligger, ønsker å selge. Dermed må Vestbok jakte nye lokaler – og kanskje nye strukturer.
– Foreløpig er vi helt i startgropen og har så vidt begynt på en tankevandring, sier Catharina Wego Livden, daglig leder i Vestbok.

Hun ser omleggingene som nå tvinger seg fram som en mulighet, mer enn en begrensning.
– Det bør og skal være marked for en kristen bokhandel i Norges nest største by. Den viktigste jobben vår nå blir derfor å se hvordan vi på best mulig måte kan videreføre bokhandelen inn i en ny tid samtidig som vi tar vare på vårt misjonsoppdrag, sier hun.

 – Endringer vil komme
Mange forhold spiller inn, ikke minst økonomiske, men Livden har stor tro på at Vestbok skal være en del av bybildet også i årene som kommer. Men to ting er sikkert:
– Vi skal videreføre bokhandelen sin oppgave med å formidle kristen musikk og litteratur, men rammene rundt kommer helt sikkert til å endres. Hvordan det til slutt blir, må vi bare vente i spenning for å se, sier hun entusiastisk.