Tag Archive for: frikyrkje

NETTVERK: Misjonsleiarar fotografert i samband med danninga av Evangelisk luthersk nettverk våren 2012: Frå venstre: dåværande generalsekretær Rolf Kjøde i Normisjon, dåværande synodeformann Arnfinn Løyning, Frikirken, generalsekretær Erik Furnes, Indremisjonsforbundet, tilsynsmann Rolf Ekenes, Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn og generalsekretær Øyvind Åsland, Norsk Luthersk Misjonssamband. Foto: ImF Media arkiv

Ny diskusjon om frikyrkje

Det er meir som talar for ei ny luthersk frikyrkje no enn for hundre år sidan, og ordskiftet har så vidt starta.

Til Sambåndet nr. 11/16 sa Rolf Kjøde, då i eigenskap av leiar for styringsgruppa for Evangelisk luthersk nettverk (ELN), følgande: «Vi har en vedvarende visjon om å samle i et nasjonalt nettverk – med internasjonalt utblikk – alle oss som står sammen om klassisk reformatorisk teologi i ulike kirker og organisasjoner.»

«Søke sammen»
30. oktober 2017, gjorde Kjøde det kjent – gjennom innlegg og intervju i avisa Dagen – at han på reformasjonsdatoen 31. oktober ville melda seg ut av Den norske kyrkja (Dnk). Grunnen var vedtaket i Dnk om å signa homofilt samliv. I første runde ville han melda seg inn i det nyoppretta trussamfunnet innan Normisjon, men den tidlegare normisjonsgeneralen hadde større ambisjonar enn det han i Vårt Land 24. november omtala som «trussamfunnsregister»:

«Jeg mener at alle de lutherske frikirkene og menighetsbyggende organisasjonene og Frimodig kirke bør søke sammen og i alle fall danne et kirkelig nettverk. Over tid håper jeg det skal vokse frem en sterk, luthersk frikirke i Norge», vart Kjøde sitert på i Dagen 30. oktober. I Vårt Land 24. november konkretiserer han det til Normisjon, ImF, NLM, Den evangelisk lutherske frikirke (Frikirken) og Det evangelisk lutherske kirkesamfunn (Delk).

-For å signalisere til folk at vi er mange, grunngjev han.

Dette knyter ein tråd tilbake til intervjuet i Sambåndet i fjor (der dei første tankane om det som vart nettverket Frimodig kyrkje innanfor Dnk, òg kjem fram).

Positive
4. november vart synodeformann Jarle Skullerud i Frikirken utfordra av Dagen: «Personlig tenker jeg at jeg ikke vil tviholde på Frikirken som trossamfunn hvis det viser seg at flere små lutherske grupperinger vil danne noe nytt sammen», svara Skullerud.

I same avisutgåve har Dagen òg fått kommentar frå generalsekretærane Erik Furnes i Indremisjonsforbundet (ImF) og Øyvind Åsland i Norsk luthersk misjonssamband (NLM):

«Det er ingen hemmelighet at vi ønsker å stå sammen med andre trossamfunn på luthersk side. Allerede da vi etablerte ImF trossamfunn i 2009, var vi klare på at vi ønsket å stå sammen med andre i bedehusland», seier Furnes, som legg til at «det kan være et nettverk av trossamfunn eller noe mer.»

Øyvind Åsland i NLM er òg positiv: «Vi står i fare for en veldig fragmentering på luthersk side blant organisasjoner som absolutt burde stå sammen.»

På spørsmål om han kan sjå for seg ei felles luthersk frikyrkje i framtida, svarar Øyvind Åsland: «Ikke i nær fremtid. Men på lang sikt kan disse samtalene om enhet føre til en overbygning mange kan slutte seg til.»

I Vårt Land 24. november seier tilsynsmann Rolf Ekenes i Delk seg open for å vera med i eit nettverk.

Statskyrkja er historie i Norge, og bibellaus teologi har tatt ein leiande posisjon i Den norske kyrkja. Det gjer ambisjonar lik dei Rolf Kjøde har, meir realistiske enn på lenge

Realisme
Som Sambåndet minna om i ein kommentarartikkel i nummer 3/16 (sjå òg 10/15), er ikkje frikyrkjediskusjon noko nytt i ImF. Faktisk er det slik at Forbundsstyret (no ImF-styret) i 1906 gjekk inn for ei bibelsk ordna frikyrkje organisert ut frå indremisjonsforeiningane. Enkelt sagt var for lite gjennomslag i misjonsfolket og Ludvig Hope sine tankar i 1922 om at statskyrkja og dei frie lekmannsorganisasjonane var dei beste «stillasa» å stå på medan ein bygde den sanne, åndelege kyrkja (kristne menneske), årsakar til at vedtaket aldri vart gjennomført.

To viktige ting har endra seg sidan frikyrkjediskusjonen tidleg i førre århundre: Statskyrkja er historie i Norge, og bibellaus teologi har tatt ein leiande posisjon i Den norske kyrkja. Det gjer ambisjonar lik dei Rolf Kjøde har, meir realistiske enn på lenge.