Tag Archive for: IKO-Forlaget

FOR DEI SMÅ: Illustratør Lars Aurtande og bibelforskar Ingunn Aadland står bak den nye påskeboka «Påska – fortald for dei små». FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Set Maria Magdalena inn i skjærtorsdagsmåltidet

Når IKO-Forlaget lagar ei barnebok om påske med hovudvekt på Johannesevangeliet, kjem fleire hendingar og personar med.

Det er bibelforskar Ingunn Aadland og illustratør Lars Aurtande som står bak den nye boka «Påska – fortald for dei små» som er skrive på nynorsk og omsett til bokmål.

Aadland har ønskt å få fram den kjære påskeforteljinga i ei fornya form, der eit større mangfald av dei som følgde Jesus, òg er inkludert.

¬Forteljinga i boka er sett saman av element frå dei fire evangelia, med hovudvekt på Johannesevangeliet. Vi konstruerer jo ei forteljing, og det må vera greitt i ei barnebok, seier Aadland til Kristelig Pressekontor.

Vasking av føter

I Johannesevangeliet finn vi mellom anna forteljinga om då Jesus blir salva i Betania (kapittel 12) og då Jesus vaska føtene til disiplane (kapittel 13). I den nye påskeboka er begge desse hendingane med.

– Eg ville få fram denne narrative linja mellom Maria som salvar Jesu føter, og Jesus som vaskar føtene til disiplane, seier Aadland, som også er opptatt av korleis både Maria og Jesus ofte blir framstilt i desse situasjonane.

– Eg ønskte å få kommunisert at det må sjå likt ut, slik at ikkje den eine handlinga ser ut som noko heilt anna enn den andre.

Maria Magdalena ved nattverden

KVINNENE ER MED: Ingunn Aadland håper fleire kan venja seg til å tenka at også Jesu kvinnelege disiplar var til stades under til dømes nattverden. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Kvinnene som følgde Jesus, har fått komma tydeleg fram i boka saman med dei andre disiplane. Her er både Marta og Maria, Maria Magdalena, Johanna og Maria nemnt med namn. Aadland medgir at alle dei ulike Mariaene skaper ei viss forvirring.

– Det går jo fort i surr, og det gjer det i bibelforteljinga òg. Vi har valt å vera pragmatiske å ta fram tre av dei, der Maria Magdalena er ein del av disippelflokken, Maria Jesu mor er under korset, og Martas søster Maria er med for å ha med salvingshistoria.

Også under skjærtorsdagsmåltidet er Maria Magdalena med i illustrasjonen.

– Det trur eg ikkje vi har sett i ei barnebok før, seier Aadland som presiserer at dette ikkje er gjort for å provosera.

– Vi har valt å plassera henne litt i bakgrunnen. Det er ikkje eit poeng å gjera om på bibelteksten, men å utfordra framsyninga om dette påskemåltidet. I ramma av Johannes si forteljing er det heilt innanfor, seier Aadland.

Ho forklarer at vektlegginga av at Jesus gjekk til bords med nettopp dei tolv disiplane, nok handlar om nattverden som stadfesting av den nye pakta, og som viser til den gamle pakta og Israels tolv stammar.

– Talet «dei tolv» kan forståast noko symbolsk, men om dette var eit påskemåltid, gir det jo ikkje meining at dei andre ikkje òg var der. Kanskje kan vi gradvis venja oss til at også kvinnene i Jesu følgje var med?

Utfyller kvarandre

I barnebøker for dei små er teikningane ofte vel så viktige som teksten, og illustratør Aurtande fortel at målet har vore at illustrasjonane og teksten skal utfylla kvarandre mest mogleg.

– Ting kan skrellast litt bort viss det blir fortalt i bilda, og vice versa. Dei optimale barnebøkene er når tekst og bilde flyter i kvarandre, og at ikkje teiknaren berre teiknar akkurat det som står i teksten, seier Aurtande.

– Vi håper vi har fått til at bilda gir noko ekstra til teksten, og at teksten utfyller bilda.

TOLER MEIR: Aurtande og Aadland trur barn toler meir enn mange vaksne trur, og dei har valt å visa ein lidande Jesus på krossen i boka. FOTO: IKO-forlaget

Både Aadland og Aurtande meiner at barn toler å få presentert òg det brutale i påskeforteljinga utan at det blir skjønnmåla.

– Barn toler ofte veldig mykje meir enn det vaksne trur. Ein skal jo ikkje gjera ting veldig ekkelt og fælt, men eg trur dei toler verkelegheita. At Jesus heng på korset er jo ein brutal ting. Det vart viktig å finna det rette utsnittet der han ikkje berre er ein vag figur langt borte. Det gjeld å finna den gode balansen, seier Aurtande.

– Alle kan sjå at dette er ein lidande kropp, utan at det blir for grotesk, seier Aadland.

Inspirert av «Life of Brian»

Aurtande fortel at han ikkje hadde mykje peiling på korleis klesdrakter og liknande såg ut på Jesu tid, anna enn at dei gjekk i kjortlar.

– Vi fann ut at Monty Phytons «Life of Brian» var ein ganske god referanse, seier han og ler.

– «Life of Brian» er faktisk ganske truverdig på klesdrakter og korleis dei såg ut, så vi tipsa om det, seier Aadland, som har fått veldig sansen for Aurtandes illustrasjonar av Jesus.

– Han ser litt annleis ut enn det vi er vant med, men eg er vorte veldig glad i denne Jesusen. Eg liker veldig godt at desse illustrasjonane gir litt motstand og ikkje er likt det du har sett før. KPK

Artikkelen er skriven av Ingunn Marie Ruud, KPK. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen.