Tag Archive for: Jarle Waldemar

UTFORDRANDE: – Påskeforteljinga er ikkje den lettaste å formidla, men den viktigaste, meiner Jarle Waldemar. Bildet er frå Lyngdal Bibelcamp i 2018. FOTO: PETTER OLSEN

– Påskehistoria har 18-årsgrense

Formidlaren Jarle Waldemar forkynner bodskapen til påska for barn, men skjermar dei for lidingshistoria si verkelege gru.

Waldemar er blant dei mest kjende formidlarane av kristent innhald til norske barn. Denne påska forkynner han ikkje nokon stad, men elles i året reiser han mykje rundt.

Bibelforteljinga om dagane fram til påskemorgon er prega av brutalitet. Korleis formidlar ein Jesu fysiske liding til barn utan at det gjev sjelelige skadar?

Ikkje lett

– Påska har så mange fasettar, og det er eit ganske stort spenn mellom sorg og smerte, glede og begeistring. Det er mykje å spela på, tenkjer eg. Påskeforteljinga er ikkje den lettaste å formidla, men den viktigaste, seier Waldemar til Kristeleg Pressekontor.

  Han meiner det ikkje er alle dei einskilde hendingane, som valden mot Jesus, som må fram.

  – Overfor barn og unge er ikkje detaljane det viktigaste, men det å zooma inn på det sentrale, at dette gjorde Jesus frivillig, at han valde å døy for oss og viste kjærleiken sin på den måten. Då vert ikkje smerta og lidinga framherskande, men vi ser historia gjennom andre briller. I staden for å snakka så mye om at Jesus døyr, snakkar eg meir om det som kjem etterpå.

Pyntar historia

– Du pyntar på historia?

  – Ja, og eg tenkjer at det er greitt, seier han og samanliknar med forteljinga om Noas ark.

  – Den er òg gruvsam, og vi fortel ikkje små barn om dei som står på utsida av arken og som druknar. I staden snakkar vi om Guds omsut for dei som vert berga, seier han.

  Waldemar meiner det er mange historier i Bibelen både barn og vaksne må veksa inn i med alderen.

  – Litt og litt klarer vi å gripa meir og meir av innhaldet, meiner han.

  Waldemars røynsle er at barna vert fascinert av påskeforteljinga.

  – Dei lyttar og lagar seg nokre bilete i hovudet. Det er ei omfattande historie med mange element. Det viktigaste er at barna får med seg hovudbodskapen i staden for å borre seg fast i små detaljar.

  I ei tid der mange barn er nokså vant med vald på digitale plattformer, meiner Waldemar det likevel er naudsynt å skjerma.

  – Min formidling handlar ikkje så mye om sjølve korsfestelsen, og når eg viser bilete, passar eg på så eg ikkje skapar vonde kjensler. Eg er var på kva eg serverer.

18-årsgrense

I sin eigen oppvekst var Waldemar fascinert av påskeforteljinga. Han hadde framifrå leiarar som gjenga den «med liv og lyst», som han seier, og kom skadefritt frå å høyra om dei mindre hyggelege delane av historia. Då han som voksen såg filmen The Passion of the Christ, som handlar mest om Jesu liding, skjedde det noko.

  – Den gav meg ein sånn wow-oppleving. Eg fekk ei skikkeleg kjensle av at dette var ekte. Det er noko anna enn å høyra historia gjeve att munnleg, seier Waldemar som meiner Jesu lidingshistorie er for vidarekomne.

  – Den eignar seg ikkje for små barn. Ungdom og tweens kan gå djupare inn i forteljinga. I tenåra er det viktig å opna litt. Påskehistoria i si verkelege gru er det i grunnen 18-årsgrense på, men vi kan ikkje venta heilt til ungdomane våre er myndige før vi formidlar noko om Jesu liding. Vi må snakka om han, men opna varsamt og forsiktig, seier han.

Balansegang

BALANSE: – Det handler om å vise klokskap og ha barnets behov i sentrum, sier programsjef Odd Ketil Sæbø. Foto: Søndagsskolen Norge.

Òg i Sundagsskulen Noreg lèt dei vera å måla ut for mange detaljar i lidingshistoria.

  – Vi har ein balansegang vi må gå. Her handlar det om å visa klokskap og ha behovet til barnet i sentrum, seier programsjef Odd Ketil Sæbø som er pedagogisk ansvarleg i Sundagsskulen.

  Han innser likevel at dei mørke sidene i livet og i bibelforteljingane må få koma fram.

  – Utan at vi snakkar om vondskapen, vert livet uforståeleg og livstolkningen vanskeleg, seier han og vektlegg at det viktigaste spørsmålet å svara på, er å finna ut på kva for eit alderstrinn ein skal snakka tydeleg om slike ting.

  – Vi har fått eit aukande medvit dei seinare åra omkring korleis det verkar på barn å høyra om dramatiske hendingar som Jesu liding og død, seier Sæbø.

Han meiner det er viktig å vera oppmerksam på korleis barn koplar det dei får høyra på sundagsskulen, med livlege fantasiar.

  – Det kan bera gale av stad. Noko barna har høyrt, kan veksa til valdsame dimensjonar i eit barnesinn, seier Sæbø som sjølv har vore sundagsskulelærar.

  Sundagsskulen Noreg legg elles vekt på at særleg dei minste skal få godt høve til å snakka om det dei høyrer på sundagsskulen.

Stramma inn

Dei seinare åra har Sundagsskulen Noreg stramma inn presentasjonen av korsfestinga i sine visuelle framstillingar. Der ein for ti år sidan viste Jesu hender og føter som var gjennombora av naglar, er dagens biletval mindre sterke. Korsfestinga vert ikkje framstelt i nærbilete for førskule- eller småskulebarn. Dempa ymtar har teke over.

  Dei seinare åra er det òg kome noko til som gjer det endå meir aktuelt å tona ned formidlinga av valden i påskeforteljinga: Det er kome barn til landet som er traumatiserte etter eigne valdsrøynsler.

  – Det er langt fleire barn i Noreg enn vi likar å tru, som har vore vitne til vald, seier Sæbø.

  Medvitet om slike tilhøve har gjort at Sundagsskulen Noreg har endra materiellet sitt. Sæbø understrekar at det vert differensiert mellom ulike aldersgrupper, og ein vil gjera dette i endå større grad framover for å tilpassa formidlinga etter behovet til barna.

  – Er det ikkje òg ein fare for at påskebodskapen kan verta for mykje pakka inn?

  – Jo, det er det, og jo eldre ein vert, jo meir må denne bodskapen formidlast som ein røyndom. Det gjeld òg heilt opp i vaksen alder. Krossen er eit anstøyt, og det er ein utfordrande tanke at Jesus har gått i døden for oss, seier Sæbø. KPK

Les òg: Ikke uproblematisk formidling.

Forsidebilde: Jarle Waldemar får foreldre og barn er med på sang med bevegelser. Bilde over: Jarle Waldemar holder høyt tempo på scenen. Alle foto: Brit Rønningen

Party for barn i alle aldre

Jarle Waldemar vil at dagens barn og unge skal trives i Guds hus. Da må bibelundervisningen også være morsom.

I møtehallen på Lygdal Bibelcamp denne fredagen, 20. juli, er foreldre og barn samlet til Kidzparty, Det er Jarle Waldemar som inviterer, Han begynner friskt og får forsamlingen med på noen fengende sanger med spreke bevegelser til. Waldemar er høyt og lavt på scenen og har høyt tempo.

– Jeg tror på Bibelen. Den er Guds ord. Den forteller om Gud. Den forteller meg hva som er rett, sier Waldemar og får voksne og barn til å gjenta det etter seg.

Lignelser
– Denne sommeren har jeg fokusert på Jesu lignelser og da særlig hans mest kjente lignelser, og mine tanker rundt det og hvordan barn og unge kan oppdage flere sider ved dem, forteller Waldemar til sambåndet.no. Han hadde familiekonsert på Bibelcampen på torsdag 19. juli.

Dagens lignelse er den barmhjertige samaritan.

– En mann gikk alene. Noen røvere så ham og tenkte: «Han kan vi ta.» Så overfalt de mannen og slo ham og lot ham ligge igjen nede. Det kom en skriftlærd og en prest forbi. De hjalp ikke. Så kom det en samaritan forbi. Han stoppet opp og hjalp mannen. Samaritanerne var man ikke venner med, sier Waldemar.

Team Rogaland i aksjon.

Lagspill
Han trekker paralleller til det som skjedde med mannen og det å mobbe og plage andre.

– Det er galt, slår Waldemar fast.

– Men det er like mye et ord ti voksne som til barn om å vise vennlighet og godhet.
Så viser han et bilde hvor noen gutter spiller fotball. Den ene gutten på bildet har ballen og det virker ikke som han har lyst til å spille den videre til de andre på laget.

– Han spiller alene. Han sier jeg, jeg. Men fotball er et langspill. Det handler om at vi skal vinne sammen. Det handler om vi, vi. Noen av dere har ingen venner, eller kjenner ingen her. Inviter med noen. Ikke la noen være ensomme. Vi kan inkludere, og vi kan være hjelpsomme og vennlige. Men vi trenger også alenetid, sier Waldemar.

Håndballjenta får mange baller i kurven.

Konkurranse
Etter et slikt alvorlig tema er det konkurransetid.

– Jeg trenger frivillige. Noen barn sammen med en mamma eller pappa. Har vi noen fra Rogaland? Og har vi noen fra Hordaland? Og noen fra Agder?

Foreldre og barn kommer opp på scenen. Fylkesveier skal de konkurrere om følgende: Mamma eller pappa skal ta imot flest baller som sønn eller datter kaster til dem. Rogaland vinner.

– Er det pappa som har lært deg å kaste, spør Waldemar jenta fra Rogaland.

– Nei, svarer jenta.

– Hun har lært det selv, konstaterer Waldemar.

Så er det klassetrinene som konkurrerer om å kaste flest baller i nettet som den ene lagdeltakeren holder. Ei jente som får mange baller i nettet, får spørsmål fra Waldemar om hun spiller håndball. Jenta svarer bekreftende.

Gøy
Partyet er over og går kidza går videre ut i dagen og Waldemar signerer bøker.

– Hva vil du med Kidzparty?

– På et møte for barn i alle aldre prøver jeg å gjøre det slik at bibelundervisningen blir givende og inspirerende og morsom. Det skal være gøy. Hvis det bare er bibelundervisning, blir det kjedelig. Vi må ha en blanding av forkynnelse og konkurranser. Jeg vil at dagens barn og unge skal trives i Guds hus. Da blir det mer interessant. Men det betyr ikke at budskapet pakkes inn og blir utydelig. Jeg ønsker å være tydelig i min forkynnelse, sier Jarle Waldemar.

– Jeg tror på Jesus

Stor stemning og fullt hus i Foldnes kirke da lokale barnekor inviterte til gopselfest med Jarle Waldemar.

– Helt topp. Enkelt og greit, sier Ann-Magreth Hamre, en av de lokale barnekorlederne når hun blir bedt om å oppsummere dagen.

Sammen med en rekke andre ledere har hun stått på i lang tid for å få dagen i havn. Slitsomt, men moro, skal man tro reaksjonene.

– Den største opplevelsen for meg var å stå midt blant alle barna som synger ”Jeg tror på Jesus” for full hals. Da kom tårene i øynene, sier en av de andre lederne, Marianne Vassnes

Oppmøtet vakte også begeistring blant arrangørene. Nærmere 150 barn var med – først til øvelse og aktiviteter – deretter til konsert sammen med Jarle Waldemar, en av Norges mest kjente barneforkynnere.

– Det var jo kjåka fullt med barn, sier han begeistret.

For et oppmøte på 150 er godt i overkant av det som vanligvis stiller til slike arrangement.

– Det er første gang jeg er på Sotra og det har vært kjempegøy, sier Waldemar.

Hovedtyngden av barna som deltok hører til i de to barnekorene som er en del av det voksende arbeidet på Brattholmen bedehus.