Unge menn bruker Bibelen meir enn unge kvinner
– Dette er oppsiktsvekkjande og noko vi må forske meir på, seier forskar.
I ein ny rapport, utarbeida av Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking (Kifo) i samarbeid med Det Norske Bibelselskap, har forskar Tore Witsø Rafoss analyserte bibelbruken til nordmenn basert på føreliggjande, kvantitative data.
Rapporten viser blant anna at dei eldre les meir i Bibelen enn dei yngre, men at også unge menn skil seg ut som ei gruppe som les mykje.
– Tradisjonelt sett har det vore slik at dei eldre les meir enn dei yngre og kvinner les meir enn menn. Men når vi går ned i alder, ser vi at det endrar seg. Menn under 25 år les meir i Bibelen enn unge kvinner. Dette må vi finne ut meir om, seier generalsekretær i Bibelselskapet, Ingeborg Mongstad-Kvammen.
Witsø Rafoss meiner også at dette må forskast meir på.
– Det er eit oppsiktsvekkjande funn, og det er uklart kvifor. For rundt 30 år sidan las kvinner unekteleg meir i Bibelen enn menn. Det gjer dei ikkje lenger. Over det heile er det no ganske likt mellom kjønna, seier forskaren ved Kifo.
Mongstad-Kvammen fortel at det vil bli viktig for Bibelselskapet å gjere kvalitative undersøkingar blant ungdom som høyrer til kristne trussamfunn.
– Vi må sjå på kva dei tenkjer om Bibelen og bibelbruk og kva som gjer det lett eller vanskeleg for dei. Det er strategisk viktig å finne ut av, seier ho.
Meir bibellesing blant frikyrkjelege
– Det er opplagt at bibellesing speler ei mykje meir sentral rolle i frikyrkjene enn i Den norske kyrkje og Den katolske kyrkje, seier Witsø Rafoss.
Sjølv om Pinsebevegelsen og andre frikyrkjelege trussamfunn berre utgjer 4,7 prosent av befolkninga i Norge, utgjer dei ifølgje rapporten 27,9 prosent av dei som les Bibelen kvar veke.
– Mens 10 prosent av medlemene i Den norske kyrkje seier dei les i Bibelen kvar veke, seier 86 prosent av pinsevennene det same. Det er eit veldig tydeleg og interessant funn, seier Witsø Rafoss.
Blant dei som høyrer til andre frikyrkjelege trussamfunn, seier 60 prosent at dei les i Bibelen kvar veke.
– Det kan vere grunn for oss andre å sjå på kva Pinsebevegelsen og frikyrkjene gjer, seier Mongstad-Kvammen.
Sidan tre av fire nordmenn er medlem av Den norske kyrkje (Dnk), utgjer dei 10 prosentane likevel ei relativt stor gruppe av befolkninga. Blant nordmenn som les jamleg i Bibelen, er 65 prosent medlemer av Dnk.
– Ønskjer å motivere
Rapporten er starten på eit større forskingsprosjekt Bibelselskapet ønskjer å gjere i samarbeid med Kifo om bibelbruk i Noreg.
– Det har vore viktig for oss å finne ut kva vi har av kunnskap om nordmenn sin bibelbruk, fordi vi saman med alle kyrkjer og kristne organisasjonar ønskjer å finne strategiar og motivere folk til å bruke Bibelen, seier Mongstad-Kvammen.
Rapporten blei lansert under Bibelselskapet sitt representantskapsmøte måndag ettermiddag.
Mongstad-Kvammen meiner at etter å ha fått denne oversikta over alt som har vore av kvantitative undersøkingar, blir det framover viktig å finne ut meir om kvifor og korleis folk bruker Bibelen.
– Vi må finne ut kva som er motiverande og demotiverande. Kvifor les folk i Bibelen, og kva meiner folk om Bibelen? Det seier ikkje denne rapporten noko om, peikar ho på.
Bibelselskapet ønskjer i samarbeid med Kifo å gjennomføre fleire kvalitative studium rundt bibelbruk.
– Vi treng meir forsking på brei bibelbruk og ikkje berre på lesing og kor mykje ein les. Planen er å gjennomføre både kvalitative undersøkingar og på sikt nye kvantitative undersøkingar med meir statistikk, seier Witsø Rafoss i Kifo.
Høgt utdanna les mest
Rapporten viser at delen som les i Bibelen, aukar med utdanningsnivå, og dei som les mest, er dei med høgast utdanning.
– Dette er overraskande, eg trudde kanskje det ikkje var sånn, seier Mongstad-Kvammen.
Også Witsø Rafoss synest dette med utdanning er spesielt.
– Det er ei forventing om at folk med høgare utdanning er mindre religiøse, men dersom ein ser på bibellesing, aukar det med utdanning. Det er eit interessant funn som går imot ein del forventingar og tidlegare forsking, seier han.
Forskaren trur ei årsak til dette kan vere at delen som kallar seg «vedkjennande kristne», òg aukar i takt med høgare utdanningsnivå.
– Det er spesielt dei som reknar seg som vedkjennande kristne som les mykje i Bibelen. Delen vedkjennande kristne aukar med utdanning. Dei som har høgast utdanning, som doktorgrad, er dei som les mest. Der er det også ein stor del vedkjennande kristne, seier Witsø Rafoss.
Han meiner ein må skilje mellom dei som kan kallast aktive og passive kristne dersom ein skal undersøkje samanhengen mellom religiøs tru og utdanning.
– Blant dei med høgast utdanning finn vi både den største delen vedkjennande kristne, men også den største delen ateistar. Det blir ei polarisering når det gjeld tru.
Lite forskjell på bygd og by
Witsø Rafoss fortel at det ifølgje analysen ikkje speler så stor rolle om ein bur i tettstad eller by når det gjeld bibelbruk.
– Ein tenkjer ofte at det er meir religiøsitet på små stader, men det ser vi i liten grad her, seier han.
Unntaket er hovudstaden der det er få som les i Bibelen. Mongstad-Kvammen meiner det er viktig å setje søkjelyset på bibelbruk i Oslo.
– Oslo blir veldig viktig for kyrkjene. Det er byen i Norge med flest folk. Det er også ein global trend med urbanisering. Mestedelen av befolkninga i verda bur etter kvart i dei store byane. For kyrkjene og oss som driv med bibel, blir dei store byane viktigare og viktigare, seier ho.
Sjølv om rapporten viser lite forskjell mellom bygd og by, er det framleis store regionale forskjellar på bibelbruk.
– Det tradisjonelle religiøse kartet i Norge står seg sterkt. Eitt tydeleg funn er at Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland verkeleg framleis fortener namnet bibelbeltet. Det er heilt klart i desse fylka Bibelen blir mest lest, seier Tore Witsø Rafoss. KPK