Tag Archive for: Kjetil Vestel Haga

SPOR: I Grimstad er Normisjonshallen og Norkirken synlege bevis på at Kjetil Vestel Haga har fått til myke av det han har vore med å kjempe for. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Opplevde dei lysare sidene av pietismen

Kjetil Vestel Haga vokste opp med dei lyse sidene av bedehuskulturen. Han elskar sjøen og er kaptein på eigen båt. No skal sørlendingen navigere Normisjon-skuta.

I juli takka Vestel Haga ja til landsstyret sitt tilbod om å bli generalsekretær i Normisjon. 5. oktober har han fyrste dagen sin på jobb i høgborga i Staffeldts gate i Oslo.

Turné

Noko av det fyrste han vil gjere, er å legge ut på ein 14 dagars turné saman med leiargruppa for å treffe misjonsfolket. Det er inga signingsferd, men eit middel til å bli inngåande kjent med breidda og grasrota i eigen organisasjon.

Han har mange tankar om strategiar for framtida, men vil ikkje ut med så mykje no. Først må alt forankrast hjå dei han skal leie.

– Eg er oppteken av å lytte til fotfolket, og det ville vore ein generaltabbe om vi laga ein strategi som ikkje var forankra i organisasjonen. Skal ein lukkast med å få igjennom ein strategi, må dei som skal utføre han, ha del i han, seier han til Kristelig Pressekontor.

Ressursar 

Organisasjonen har gått frå eit betydeleg underskot til overskot pr. 2020.

– Det er ein stor prestasjon, sjølv om det har vore tøft for mange. No vonar eg vi kan fokusere mindre på kostnadskutt og tenke meir på korleis vi kan prioritere ressursane så vi kan satse på misjon, ungdom og fellesskapsbygging og få styrka vi-kjensla i organisasjonen.

– Det vert hevda at du er litt av ein forretningsmann?

– Eg vil meir seie at jeg har teft for kva som funkar og ikkje funkar, og så har eg evne til å knyte til meg folk som kan ulike ting. Eg må ha mykje meir enn berre lærarar og teologar rundt meg. Vi treng administratorar som kan det med økonomi og forretningar. Du kan vere så visjonær du berre vil, men har du ikkje styring på pengar og forvalting, får du ikkje gjort noko. Eg kan ikkje alt sjølv, men eg er god på å få med meg smarte folk og til å begeistre.

Bedehuset

Dei fyrste fem åra sine hadde den nye generalsekretæren i Bærum. Sidan har han vore sørlending. Det merker du ikkje på dialekta, men på fleire andre måtar. Han har djupe røter i Mandal, midt i bibelbeltet, med viktig påvirkning frå Indremisjonen og Skulelaget.

– Det vart ein god kombinasjon. Eg fekk med meg den gode bedehuskristendomen på Sørlandet, seier 50-åringen og forklarer: – Ein del andre fekk berre «nei» frå foreldra når dei spurde om å få gå på kino eller diskotek. Dei fekk berre vite at «Der går vi ikkje». Sjølv kjenner eg at eg fekk ei grunngjeving for det eg ikkje fekk lov til, fortel han.

Vestel Haga meiner han fekk med seg dei lysare sidene ved pietismen, ikkje dei mørkare.

– Foreldra mine tok gjerne eit glass vin til maten, og det var uproblematisk at eg hadde dans som valfag på skulen. Eg fekk høyre ei klår Jesus-forkynning på bedehuset og i Laget samstundes som idrett og skulekorps var godt integrert i livet mitt.

Visjonær

Den nye generalen får skussmål som «ein fenomenal undervisar» med eit stort engasjement. Av yrke er han teolog, men av legning kanskje meir pedagog?

– Eg har to bein å stå på. Eg er teologen som er interessert i Guds ord, men også i formidlinga og utlegginga, seier Vestel Haga, som ikkje vil la seg stenge inne i ein sektor: – Må eg velgje mellom skulemannen og forsamlingsmannen, vel eg begge, seier han.

I Grimstad har han fått det. Han har hatt flest år i skulefeltet, men alltid teke del i misjon og kyrkjelyd. Før han vart rektor på Bibelskolen i Grimstad (BiG), var han då også forsamlingsleiar i Norkirken lokalt.

Kjelder påstår at den nye generalen er meir enn godt møblert. Sjølv vil han ikkje skryte av å vere uvanleg skuleflink, men seier han har vore nøydd til å jobbe for det han har oppnådd.

– Men vert eg engasjert, har eg stor gjennomføringsevne og store ambisjonar, seier han.

Like ved BiG står nokre tunge prov på at han tenkjer strategisk og visjonært. Der det før var tett skog, har skulen fått to store nabobygningar, Normisjonshallen og Norkirken.

– I 2009, medan eg var forsamlingsleiar i Grimstad Normisjon, byrja vi å tenkje at vi burde ha ein storhall og ein stemnestad på Sørlandet. Etter kvart kom tanken om å samlokalisere hallen, forsamlinga og bibelskulen og gjere området til eit kraftsenter. Eg var ikkje åleine om visjonen, men ein av pådrivarane, seier Vestel Haga.

I 2015 var hallen realisert. Tre år seinare blei Norkirken sitt nybygg innvia like ved.

Misjonær

Toppleiaren i Normisjon lyt ha eit tett tilhøve til misjon. Vestel Haga fekk det – etter kvart.

– På BiG blei eg vald som representant for dei tilsette i landsstyret. Då fekk eg vere med på ei reise til Mali og fekk sjå arbeidet der. Det gjorde noko med meg. Før var det ein framand tanke å bli misjonær, men då fekk eg sjå at dette kunne vere kjempespanande. Eg blei utfordra av leiinga og fekk fire år i Ecuador. Det vart ein viktig del av livet mitt, seier han.

Den påtroppande generalsekretæren fortel korleis han måtte lære å stole på Gud.

– Kona, ungane og eg kom frå ein stad der vi beherska livet, til ein stad der vi mangla nettverk og ikkje forsto noko av kulturen eller språket. Eg lærte meg at eg måtte be om alt. «Gud, kva gjer eg no? Kvifor har du sendt oss hit?».

Men oppsummeringa er at det vart «ei rik tid».

– Det var ei tøff og krevjande erfaring, men når eg ser attende på det, vart det ein veldig ressurs å ha med vidare, også når eg no blir generalsekretær og leiar for misjonsarbeidet.

Båtliv

Når Vestel Haga ikkje arbeider, finn han glede i musikk, matlaging eller jogging – og i å sjå Manchester United på TV. Jobben får somme tider segle sin egen sjø, og då er han gjerne kaptein på familien sin båt. Båtliv er den rekreasjonen han likar best.

Den nye generalsekretæren er gift med Kristin Øfsdahl Haga. Dei har to voksne barn, Simen og Helene. Då familien skulle slå seg ned i Grimstad, tok dei ei spesiell avgjerd.

– Vi fann ut at om vi kjøpte hus, måtte vi vente i 20 år med å kjøpe båt. Derfor gjorde vi det omvendt og kjøpte båt først. Eg elskar skjærgården og er veldig båtinteressert, seier mannen som no skal stå til rors i Normisjon.

Båtlivet kjem han til å pleie framleis. Familien flyttar ikkje frå Grimstad, og han vil nytte eit pendlarhusvere i Oslo i veka og vende heim så ofte det let seg gjere. For banda til Sørlandet er vanskelege å rive av. KPK

FRA KRIK TIL AREOPAGOS: Silje Kvamme Bjørndal går fra jobben som generalsekretær i KRIK til samme stilling i Areopagos. FOTO: Areopagos

Fra Krik til dialogstiftelse

Krik-leder Silje Kvamme Bjørndal (39) er ansatt som ny generalsekretær i Areopagos og blir dermed yngste topplederen i organisasjonens historie.

Det går fram av en pressemelding fra Areopagos. Med sine 39 år blir Bjørndal den yngste personen i Areopagos’ historie til å inneha generalsekretærstillingen. Hun blir også organisasjonens første kvinnelige toppleder og den første pinsevennen til å lede den.

Buddhistmisjon

Areopagos er en norsk misjonsorganisasjon organisert som en stiftelse. Den bar først navnet Den nordiske kristne buddhistmisjon. Bakgrunnen for opprettelsen i 1926 var, ifølge Store norske leksikon, «at det ikke var aksept for dialogisk tilnærming til misjon innen andre misjonsorganisasjoner». Dialog og åpenhet for andre religiøse tradisjoner og erfaringer har vært et særpreg. Organisasjonen driver utviklings- og dialogarbeid og har hatt prosjekter i Kina, Taiwan, Japan og Norge.

– Det er på høy tid at vi fikk inn en kvinne som toppleder, og det er framtidsrettet å satse på yngre krefter. I tillegg er det en stor fordel å ha en toppleder med solid teologisk kompetanse. Det var ikke noe krav i utlysningen, men når det ble slik, gleder det meg. Vi er jo en kompetanseorganisasjon med teologiske studier og religionsdialog som to av våre «søyler», forteller styreleder Torstein Lalim.

Kort tid i Krik

Bjørndal, som har vært politisk rådgiver for KrF, kommer nå fra stillingen som generalsekretær i Kristen Idrettskontakt (Krik) og hadde ifølge pressemeldingen i utgangspunktet ingen tanke om å skifte jobb. Hun har vært i Krik siden april i fjor.

– Jeg stortrives i Krik og hadde tenkt å bli her lenger. Men underveis i rekrutteringsprosessen ble jeg overbevist om Areopagos sitt «prosjekt» og potensial. Det er tilnærmingen deres til tro og dialog som har gjort meg interessert. Jeg opplever at Areopagos ønsker å skape møteplasser som bidrar til økt kunnskap om tro, gjensidig forståelse mellom mennesker med ulike livssyn – ja, rett og slett litt mer fred i verden.

Til avisen Vårt Land sier Bjørndal at jobbskiftet ikke har sammenheng med saken vedrørende samlivsetikk som har pågått i Krik det siste året, og som sambåndet.no har skrevet mye om (se lenker ovenfor). Det var Areopagos’ innleide rekrutteringsbyrå som kontaktet henne om stillingen. Bjørndal tiltrer 1. desember i år.

Normisjon

I løpet av sommeren har enda en organisasjonen ansatt ny generalsekretær. 5. juli var det klart at Normisjon har hyrt inn Kjetil Vestel Haga (50) som ny generalsekretær etter Anne Birgitta Langmoen Kvelland. Han er nå rektor ved Bibelskolen i Grimstad.

I en pressemelding fra Normisjon sa landsstyreleder Hallgeir Solberg at «Kjetil Vestel Haga kjenner Normisjon og er godt kjent i organisasjonen».

– Han har en bakgrunn som passer godt for stillingen, og vi er veldig glad for at han er motivert til å ta på seg jobben som generalsekretær, uttalte Solberg videre.

Bibelskolerektor

Vestel Haga har i noen år vært rektor på Bibelskolen i Grimstad som Normisjon eier. Han har også vært leder for forsamlingen Normisjon har i sørlandsbyen. Dessuten har han misjonærerfaring, som utsending for Normisjon til Ecuador.

– Det oppleves som et stort privilegium at landsstyret vil at jeg skal overta ledelsen etter Anne Birgitta. Det gleder jeg meg til, uttalte Vestel Haga selv i pressemeldingen.

Den nyansatte ble videre sitert på at han er begeistret for Normisjons arbeid både i Norge og utenlands.

– Det er så mye bra og viktig som skjer. Norge trenger Normisjon, og verden trenger Normisjon. Jeg håper at jeg, sammen med de jeg skal lede, kan bidra til at denne begeistringen smitter så Normisjon får en enda sterkere betydning i tiden som kommer, sa den påtroppende generalsekretæren.

Tiltrer i oktober

Normisjon opplyser at den opprinnelige planen var at ny generalsekretær skulle være på plass ved årsskiftet, men at det ble satt fart i rekrutteringsprosessen da avtroppende generalsekretær Anne Birgitta Langmoen Kvelland ga beskjed om at hun ønsket å fratre allerede 1. september.

Vestel Haga skal etter planen gå inn i stillingen 1. oktober.

– Vi er veldig glad for at vi har fått en så god og rask løsning på generalsekretærspørsmålet, og at vi har fått en ny generalsekretær som har de beste forutsetninger for å gjøre en god jobb, sammen med resten av organisasjonen i årene som kommer, understreket landsstyreleder Hallgeir Solberg i Normisjon. KPK