Innlegg

Meir pengar å henta til kurs og opplæring

Aldri før har Kristelig Studieforbund delt ut så mykje pengar til kristen opplæring og kursverksemd som i fjor. No aukar dei satsane.

Kristeleg Studieforbund (K-stud) delte i 2016 ut over 11,5 millionar kroner i opplæringstilskot til kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn. Det er ein auke på drygt 1,8 millionar kroner i høve til året før.

– Det er rekord, og det var ei langt større auke frå 2015 til 2016 enn den årlege auken har vore dei siste fem åra, seier dagleg leiar i K-stud, Hege Irene Fossum.

Fossum fortel at auken har samanheng med auka kursverksemd over tid, som har gitt større utteljing i statspengar. Frå 2015 til 2016 auka kursverksemda 4,3 prosent, noko som er tilsvarande nesten 6000 kurstimar.

– Vi ser ein god auke i aktivitet hos fleire av medlemsorganisasjonane våre, seier Fossum.

Aukar satsane

No aukar K-stud satsane slik at organisasjonar og kyrkjesamfunn får fleire kroner per kurstime.

– Det gjer vi fordi vi har som mål å stadig kunne yte mest mogleg tilskot til medlemene og for å stimulere til auka aktivitet. Vi har ein økonomisk situasjon no som gjer dette mogeleg.

Alle pengane som K-stud fordeler, er statstilskot dei har fått over statsbudsjettet.

– Vi har auka i timetal i mange år, noko som på sikt gir utteljing i auka del av potten over statsbudsjettet. Vi har derfor fått ein god auke i offentlege pengar for 2017, som gjer at vi har høve til å auke tilskotssatsane.

Kurs får i 2017 100 kr. pr. time, og grupper får 73 kr. pr. time.

– Vi er glad for å kunne auke satsane og håper det kan stimulere til enda meir opplæring, seier Fossum.

Pinserørsla på topp

Målt i tal kurs og tal kurstimar er det Pinsebevegelsen som toppar statistikken til K-stud. Det er enkeltkyrkjelydane og Evangeliesenteret sjølv som søkjer stønad gjennom K-stud til ulike kurs og konfirmantundervising.

– Det er klart det er eit godt bidrag. Høvet til å få støtte til kurs som tilfredsstiller dei krava K-stud set, gjer det enklare å drive systematisk gjennomføring av organisert undervising, seier administrasjonsleiar i Pinsebevegelsen, Jan Eilert Aakre.

Han har ikkje oversikt over innhaldet i dei 1083 kursa Pinsebevegelsen fekk stønad til i 2016 – då søknader ikkje blir sendt ut frå sentralt hald, men han seier det i hovudsak dreiar seg om konfirmantundervising, song, musikk og tematikk-undervising av kortare eller meir langvarig art.

Pinserørsla har i K-stud sin statistikk ein auke på 3 prosent i tal kurstimar i 2016.

– Der trur eg K-stud har gjort ein god jobb i å synleggjere det tilbodet dei har, seier Aakre.

– Enkelt å søkje støtte

Kurs og opplæring som får stønad gjennom K-Stud, må tilfredsstille visse krav som blant anna godkjent studieplan, mengde kurstimar og innrapportering.

– Etter at vi innførte den elektroniske søknadsportalen har vi blitt kvitt ein del mytar om at det er komplisert å søkje støtte, og fleire organisasjonar ser at det er enklare enn dei trudde, seier Fossum.

K-stud er eit ideelt, demokratisk og offentleg godkjent studieforbund. Medlemene er kristne trussamfunn, ideelle organisasjonar og institusjonar.

– Dei aller fleste store trussamfunn i Noreg er med hos oss, og mange felleskyrkjelege organisasjonar samt ein del mindre trussamfunn, fortel Fossum.

Arbeidet blir drive i tråd med vaksenopplæringslova og blir finansiert med medlemskontingent og løyvingar frå Kunnskapsdepartementet.

– All stønaden som gis til kurs og opplæring, er offentlege pengar. Medlemskontingentane går med til drift av organisasjonen, seier Fossum.

Integrering og utanforskap

Tala frå K-stud viser også ein auke på 8,5 prosent i norskkurs for innvandrarar i fjor.

– Styresmaktene har utfordra oss i studieforbunda på å jobbe med integrering og utanforskap, og vi ser òg at medlemene våre i større og større grad tenkjer i den retninga, seier Fossum.

Ho har også lagt merke til at det stadig er fleire namn på deltakarlistene til ordinære kurs som ikkje har norsk opphav.

– Det er veldig gledeleg at medlemene våre er med og hjelper til medintegrering i lokalsamfunnet ved å ha med seg personar med ulik bakgrunn, seier Fossum, men legg til at utanforskap handlar om meir enn integrering av innvandrarar.

– Det handlar òg om funksjonshemma og menneske som er einsame. Det er eit tema vi set på dagsorden på årsmøtet i år, seier ho.

I tillegg til ordinært opplæringstilskot deler K-stud også ut tilretteleggingstilskot for dei som ønskjer å leggje til rette for at folk som gjerne fell utanfor, kan bli med på kurs. I fjor blei det delt ut 460 000 til dette formålet, noko som er nesten 300 000 meir enn året før.

– Nesten dobbelt så mange arrangørar søkte om tilretteleggingstilskot i 2016. Vi har jobba aktivt for å gjere denne ordninga meir kjend, seier Fossum. KPK

– Kristne organisasjonar viktig for integrering

Organisasjonane som er tilslutta Kristelig studieforbund (K-stud), spelar ei viktig rolle i integreringa av flyktningar, meiner komitéleiar på Stortinget.

– K-stud sine organisasjonar representerer jo det viktigaste felles kulturgrunnlaget som Noreg har hatt i tusen år, nemleg den kristne tradisjonen, seier Trond Giske (Ap), som er leiar av Kyrkje- utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Indremisjonsforbundet (ImF) er ein av medlemsorganisasjonane.

På årsmøtet til K-stud i mai la Giske vekt på det å kjenne til den kristne kulturarven i ei verd som blir meir og meir multikulturell og fleirreligiøs:

– I ei slik framtid er det kanskje viktigare enn nokon sinne å kjenne sin eigen identitet, kultur, tradisjon og tilhøyrsel. Ein blir tryggare i møte med andre dersom ein sjølv har tryggleiken, kjennskapen og trua på at det ein sjølv står for, er verdifullt og viktig, seier han og legg til:

– De er kulturberarar. Det kulturelle i ulike utrykk og den tradisjonelle historia vår, litteraturen og kunnskapen går hand i hand i studieforbunda.

Les òg: Integrering på bedehuset

– Raskare til å snu seg

På årsmøtet framheva han kor viktig han meiner det er å nytte seg av studieforbunda sin kompetanse og nærvær i integreringsarbeidet.

– Då vi så kor mange flyktningar som kom til Noreg i fjor, og dei store kompetanse- og integreringsutfordringane det ville føre med seg, foreslo Arbeiderpartiet i Stortinget at studieforbunda var ein av dei ressursane vi burde ta i bruk for å lukkast med god integrering, fortel han.

Stortingsrepresentanten innrømmer at organisasjonar og frivillige ofte kan kome raskare i gong med tiltak enn det offentlege.

– Vi veit at studieforbunda av og til kan vere raskare til å snu seg rundt enn offentlege etatar og offentlege utdanningstilbod, seier han.

– Vi kan få til integrering, samfunnsbygging, kulturell og religiøs forståing dersom vi tek i bruk alle dei som er villige til å gjere ein jobb, frivillig eller lønna, gjennom studieforbund og dei offentlege tilboda.

Auke i integreringsrelaterte kurs

Innanfor kurs K-stud støttar, har norskkurs for flyktningar og innvandrarar auka svært mykje dei siste åra. Frå 2014 til 2015 registrerte K-stud 21,5 prosent fleire norskkurs, ifølgje årsmeldinga for 2015.

– Det er flott å sjå at det er integrering, språk og den typen kurs vi har mest auke på. Det har vore eit mål i styret å setje fokus på at vi skal vere til stades der. Vi ønskjer at K-stud og medlemsorganisasjonane våre skal vere viktige bidragsytarar i integreringsarbeidet, seier styreleiar i K-stud Harald Skarsaune, som sit som representant for Kirkelig undervisingsforbund.

Meir enn berre norskopplæring

Ein av dei ti organisasjonane som bruker K-stud mest aktivt, er Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA). Dei opplevde i vår at byråden i Oslo fyrst ville kutte stønaden til norskopplæringa og- barnehagetilboda deira for kvinner før ho ombestemde seg og lova vidare stønad.

KIA argumenterte då for at tilbodet deira handla om meir enn berre norskopplæring.

– Kontrakten mellom KIA som frivillig organisasjon og Utdanningsetaten utløyser ikkje berre arbeidsplassar – men også arbeidstrening/praksisplassar, gratis fritidstilbod for barn og unge, fleirspråkleg leksehjelp, kvinnetrening og familieførebyggjande arbeid, helseskule og hytteturar, skreiv KIA sin avdelingsleiar Maria Greenberg Bergheim i eit opprop før byråden ombestemde seg.

Fekk ikkje fleirtal

Giske framheva at god integrering krev meir enn berre offentlege tiltak.

– Det offentlege apparatet kan berre sørgje for god integrering og inkludering ein viss grad på vegen fordi det handlar jo om å bli ein del av sivilsamfunnet. Eg trur det er mykje dyrare å mislukkast med integreringsarbeidet enn å bruke nokre kroner på at det store sivilsamfunnet kan leggje til rette for godt integreringsarbeid, seier han.

Han fortel at Arbeiderpartiet foreslo 10 millionar ekstra til tiltak som språktrening og integreringsformål, men fekk ikkje fleirtal for det.

– Vi kjem til å fortsetje å jobbe for at studieforbunda får meir armslag i å hjelpe til god inkludering. Dessverre er desse høva førebels altfor lite utnytta, seier han.

Ønskjer ikkje målstyring

I forslaget til statsbudsjett for 2016 foreslo regjeringa at 10 prosent av opplæringstilskotet til studieforbund skulle øyremerkjast kurs som hjelper til inkludering og hindrar utanforskap. Dette er noko korkje K-stud eller paraplyorganisasjonen Voksenopplæringsforbundet (Vofo) ønskjer.

– Regjeringa vil gjerne styre nokre av desse pengane, og det kan ein forstå ut i frå dei utfordringane Noreg står overfor, men eg trur tapet er mykje større enn gevinsten om ein skulle gå inn på den vegen, seier generalsekretær i Vofo, Gro Holstad.

I behandlinga i Stortinget blei forslaget om målstyring stoppa.

– Vi gjekk saman med fleirtalet i Stortinget imot ei auka detaljstyring av tilskotet.  Dei frivillige må vere både fri og villig og det er viktig at fridomen tas vare på, seier Trond Giske.

– Eg trur denne fleksibiliteten og høvet til å styre sin eigen aktivitet er drivkrafta til at mange engasjerer seg. Den frivillige sektoren blir driven i stor grad på idealisme og entusiasme og då er det viktig at ein får utvikle tilboda på eigne premissar.

– Ingen friske pengar

 Vofo arbeider aktivt opp mot politikarar for å oppretthalde og auke tilskot til studieforbunda.

– I integreringsmelding er språkopplæring eit av elementa i styrking av basiskompetanse i den frivillige sektoren. Dette er ei godkjenning av studieforbunda sine bidrag innanfor dette området, seier Holstad.

Generalsekretæren i Vofo etterlyser likevel meir konkrete tiltak.

– Det blir sagt mykje fint om det som skjer i regi av studieforbunda sine organisasjonar men det blir ikkje gitt nokre tiltak og ingen friske midlar. Det er ei utfordring. Mykje bra skjer, men å jobbe med integrering krev ekstra ressursar, seier ho. KPK