Innlegg

BIBELNERD: – Solid kjennskap til heile Bibelen er mangelvare i dag, seier bibelskulelærar ved Gå ut senteret, Lars Olav Gjøra, som har hovudansvaret for å utvikla det nye tilbodet ved skulen. FOTO: Gå ut senteret

Skal gjera djupdykk i heile Bibelen

Gå ut-senteret startar ei ny bibelskulelinje kalla «Bare bibel» med grundig undervising i alle 66 bøker i Bibelen.

Normisjon sin bibel- og misjonsskule, Gå ut-senteret i Trondheim, ventar berre på godkjenning frå Utdanningsdirektoratet før dei kan starta den nye bibelskulelinja hausten 2019.

– Solid kjennskap til heile Bibelen er mangelvare i dag. Sjølv etter fullført teologistudium har ein berre fått godt kjennskap til utvalde bøker i Bibelen, og vidare fordjuping i andre delar av Bibelen må skje på eige initiativ, seier lærar ved Gå ut-senteret, Lars Olav Gjøra i ei pressemelding.

Gjøra har sjølv to mastergradar i Bibelen, éin i Det gamle og éin i Det nye testamentet. No har han hovudansvaret for å utvikla det nye tilbodet ved skulen.

– «Bare bibel» skal møta behovet for ei unik og grundig opplæring i alle bøkene til Bibelen. I tillegg skal skulen utfordra og utrusta menneske til teneste innan formidling av bibelkunnskap, fortel Gjøra.

Bibelskulelæraren står òg bak nettstaden bibelnerden.no og har tidlegare jobba som lagsarbeidar og bibelkonsulent i Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (Laget).

Berre bibel

Rektor ved Gå ut-senteret, Ørjan Tinnen, er oppteken av at det nye tilbodet skal vera hundre prosent bibelfokusert.

– Dei fleste bibelskuletilbod vert marknadsført med vekt på linjeprofilen til tilbodet, t.d. musikk, idrett, kyrkjelyd eller misjon. Men det er nesten ingen som tilbyr berre bibel! Difor startar vi linja «Bare bibel», med full gjennomgang av alle bøkene til Bibelen, seier han.

Han forklarer at den nye bibellinja naturleg går inn i skulen sin misjonale profil.

– Vi er oppteken av at dei gode nyhenda om Jesus skal gå vidare. Difor vil studentane òg få trening i å formidla bibelkunnskap for ulike målgrupper gjennom praksis i kyrkjelydar og fellesskap, på bibelkveldar og i skulekvardagen. Kristen-Norge har behov for å konstant arbeida med evangelieformidling i tida vår, seier Tinnen.

Anvendt kunnskap

Gjennom året skal studentane på «Bare bibel» få undervising i alle Bibelen sine 66 bøker. Når det ikkje er undervising, vert det tid til å lesa Bibelen og studera tekstane på eiga hand eller i gruppe. Studiet inneber òg ein studietur til Israel, Hellas eller Tyrkia.

Etter fullført skuleår skal studentane ifølgje GUS kjenna både dei lange linjene gjennom Bibelen og ha kunnskap om innhald og kontekst for kvar enkelt bok.

– Det er viktig for oss at dette ikkje berre vert ein stad for å tileigna seg kunnskap, men at bibelkunnskapen òg kan nyttast i livet og tenesta til den enkelte student, seier Tinnen.

– Gå ut-senteret skal vera ein stad for praktisk læring og utrustning til teneste.

Læreplanen for det nye tilbodet vart send til Utdanningsdirektoratet før påske i år. No ventar skulen på klarsignal og svar på søknaden, som vert gjeve innan 1. april neste år. Dersom søknaden går gjennom, vil studentane på bibellinja kunna få full studiestøtte frå Lånekassa for å studera Bibelen frå perm til perm. KPK