OVER ALL FORVENTNING: Stian Talset, Torill Bjelland og Anette Sætrang ser fram til å skulle dykka djupt i heile Bibelen dette skuleåret på Gå ut-senterets nye linje Berre Bibel. FOTO: Gå ut-senteret

– Ikkje berre bibelnerdar på Bare Bibel

Studentane som skal gå gjennom heile Bibelen på eitt år på Gå ut-senteret, blir drive av høg motivasjon, men ikkje alle er bibelnerdar, fortel dei.

Torill Bjelland (22), Stian Talset (19) og Anette Sætrang (21) er tre av totalt 15 studentar som har starta på linja Bare Bibel på Gå ut-senteret (GUS) i haust. Dei skal bruka dette skuleåret på å studera alle Bibelens 66 bøker frå perm til perm. Bildøy bibelskole startar ei liknande linje hausten 2021. 

– Eg har ikkje lese heile Bibelen frå før, og eg trur det blir fint å skulla gå gjennom alle bøkene. Eg ser at eg kjem til å få mykje ut av dette året, seier Bjelland som er frå Lye på Jæren.

Ho trur eit slikt studium kan passa for dei fleste og ikkje berre for bibelnerdar.

– Eg er ikkje bibelnerd og synest det passar godt for meg. Vi er ei brei gruppe både i alder og erfaring, og alle har noko å komma med.

Talset er ein av dei som har lese heile Bibelen før han byrja på Bare Bibel-linja og trur det vil bli veldig bra å gå djupare inn i den og studera detaljar.

– Studentane på denne linja er veldig motiverte for faget. Det er sikkert ikkje ei linje for alle, men når ein er motivert, går det greitt å komma seg gjennom.

Han fortel at på Bare Bibel-linja går dei djupare inn i historisk kontekst og får setja seg betre inn i dei ulike versa som aukar forståinga av Bibelen.

– Over all forventning

Dei tre studentane skryter av undervisninga og fortel at skuleåret så langt har vore over all forventning.

– Det er stor openheit for samtalar og diskusjon. Sjølv om eg føler eg har lite kunnskap om Bibelen frå før, føler eg det er rom for meiningane mine. Det er veldig god undervisning, seier Sætrang.

Ho fortel at ho vart kristen på vidaregåande.

– Eg hadde ikkje lese mykje i Bibelen frå før. Det blir veldig oppstykka når du får informasjonen frå mange ulike kanalar. Då er det veldig fint og lærerikt å få kunnskap om Bibelen gjennom ein konsekvent gjennomgang. Her får eg ikkje berre vers eller utdrag, men ei heil bok om gongen som gir ein god samanheng, seier 21-åringen frå Hamar.

Vil bruka kunnskapen i jobb

– Eg har lyst til å byggja livet mitt på Bibelen og la den vera ei rettleiing for livet her og no og framtida. Eg trur Bibelen sit på mange sanningar om kven Gud er, og det vil eg skal få prega måten eg er på og vala mine, seier Bjelland.

Bjelland håper bibelkunnskapen kan påverka det personlege livet hennar, men ho trur òg at ho vil dra nytte av kunnskapen i karrieren ho planlegg som sjukepleiar.

– Ein stor grunn til at eg valde Bare Bibel, er at eg skjønte eg kunne ha behov for dette i yrkeslivet òg. Det er viktig for meg å kunna møta menneske med den kjærleiken Gud gir oss. Eg trur absolutt dette kan vera nyttig både for meg som sjukepleiar og i andre yrke, seier studenten som alt har tatt to av åra på sjukepleiarstudiet.

Også Stian Talset, som har erfaring som ungdomsleiar i Norkirken i Molde, trur han kan få god bruk for bibelkunnskapen i yrkeslivet sitt då han ønskjer å satsa på misjon.

– Eg synest det er bra å kunna gå djupare inn i kva Bibelen faktisk seier. Det kan vera vanskeleg å setja seg ned på eigenhand og skjønna alt sjølv, seier han.

Trong fødsel

BIBELNERD: Linjeleiar Lars Olav Gjøra er sjølverklært bibelnerd, men vil ikkje at Bare Bibel skal vera berre for bibelnerdar. FOTO: Stian Talset

Bare Bibel er den nyaste av tre linjer på bibelskulen som er eigd av Normisjon.

Linja fekk ein trong fødsel etter at Utdanningsdirektoratet først avslo søknaden til skulen våren 2019 mellom anna grunngitt i at han ikkje var tilstrekkeleg yrkesretta. Dette førte til klaga og endeleg godkjenning frå Kunnskapsdepartementet i desember same år.

– Det at oppstarten for linja vart forseinka med eit år gjorde at vi fekk lagt inn fleire konkrete formidlingsøvingar, og opplegget fekk meir tid til å mognast, fortel linjeleiar Lars Olav Gjøra.

Han skryter av studentar som er motiverte sjølv om korona har gjort studieturen til Israel høgst usikker.

– Han var eigentleg planlagt i haust. No håper vi at vi kan få til ein tur seinare på vårparten i staden, men vi veit ikkje om det vil gå, seier Gjøra

Startar med Jesus

Til no har studentane ved Bare Bibel komme gjennom omtrent halvparten av Det Nye Testamentet.

– Er det nokre delar av Bibelen de trur blir meir utfordrande å gå gjennom?

– Kanskje Mosebøkene. Dei er litt utfordrande, fordi det er vanskeleg å sjå og skjønna alt. Det kan vera tunge bøker å lesa. Men måten vi går gjennom Bibelen på, gjer at desse bøkene blir opna meir opp, seier Talset.

Bjelland meiner det er bra å få Bibelen i sin heilskap.

– Det Gamle Testamentet kan vera utfordrande, men vi er heldige som har Det Nye Testamentet å sjå det i samanheng med, seier ho.

At Det Gamle Testamentet kan opnast opp ved å lesa det i lys av Det Nye Testamentet, er eit bevisst val frå skulens side.

– Vi startar med Jesus. Det er lettare å starta i NT enn i Første Mosebok. Då får studentane fleire tolkingsnøklar når dei skal byrja på det tyngre stoffet i GT, og det blir lettare å sjå Jesus der, seier Gjøra. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.