LIKESTILLING: Ny forskning viser at både kristne og muslimske minoritetsungdom i større grad aksepterer ulike kjønnsroller i religiøs sammenheng enn hjemme og i offentligheten ellers. Illustrasjionsbildet er fra en migrantmenighet på Holmlia i Oslo. Personene på bildet er ikke knyttet til forskningen. FOTO: Stein Gudvangen, KPK
Muslimar ivrar meir for leiarverv enn kristne
Muslimske og kristne minoritetsungdommar godtar at leiinga i religiøs samanheng er mannsdominert, sjølv om dei forventar likestilling heime og i offentlegheita elles.
Det viser funn som doktorgradsstipendiat Ronald Mayora Synnes har gjort i samband med si phd-avhandling (filosofisk doktorgrad, red.anm.) «Ungdom i migrantmenigheter. En studie av forhandlingar om religion, etnisitet og kjønn» ved Universitetet i Agder.
– I forsamlingane eg har undersøkt, ser ikkje ungdommane på det som eit problem at det er mennene som er leiarar, medan kvinnene lagar mat og passar barn. Denne komplementariteten (som utfyller kvarandre, red.anm.) i kyrkjene opplevast som positiv, seier Synnes til Kristelig Pressekontor.
Forskaren jobbar som høgskulelektor ved NLA Mediehøgskolen. Han opplever at ungdommane ofte grunngir aksepten sin teologisk.
– Dette gjeld særleg når det er snakk om imamar og prestar. Blant muslimane var det høg aksept for at imamen skal vera ein mann, medan blant dei kristne innvandrarungdommane var det meir ambivalent (kjenslevart, red.anm.) og større spenning på dette punktet, seier Synnes.
Men han understrekar at denne aksepten ikkje strekker seg ut over veggane til forsamlinga.
– Heime blir det forventa at mennene hjelper til med til dømes huslige oppgåver, og at desse blir likt fordelte. Her er argumenta praktiske omsyn og dei samfunnsøkonomiske tilhøva i Noreg, seier han.
Skaper likevel endring
Sjølv om ungdommane aksepterer ulike kjønnsroller i forsamlingane, pressar dei likevel fram endringar der når det gjeld kjønn og forventningar, forklarer Synnes.
– Ungdommane ønskjer mindre kjønnsdeling, og vi ser at ungdomsaktivitetane i moskeane og kyrkjene skil seg frå dei voksnes på dette punktet, seier han.
Han viser til at feiringa av Eid etter fastemånaden Ramadan i mange moskear no føregår samla.
– I dei fleste muslimske land feirar kvinnene og mennene kvar for seg, men i Noreg ønskjer ungdommane å feira med heile familien, slik norsk julefeiring føregår, og dette fører til tilpassing.
Synnes fortel at særleg dei unge prestane og imamane kjem i ein slags forhandlingsposisjon mellom dei unge og foreldregenerasjonen.
– Foreldra kjem gjerne med tradisjonane sine som dei vil fortsetja med, medan dei unge påpeikar at dette er kultur og ikkje nødvendigvis ein del av religionen. Diskusjonane føregår, og sjølv om dei ikkje får gjennomslag for alt, blir forsamlingane tilpassa etter kvart.
– Ikkje berre negativt
Ein kartlegging NRK har gjort, viser at 70 prosent av norske moskear ikkje har nokon kvinner i styra sine. Blant kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja var 15 prosent utan kvinner i styret.
Synnes meiner det er mange positive sider som slike undersøkingar ikkje fangar opp.
– Tala fangar ikkje opp det som skjer inne i forsamlingane. Der føregår det tallause diskusjonar, og forsamlingane er på gli i mange spørsmål. Men slike ting tar tid, seier han.
Han meiner òg at tala får eit meir positivt uttrykk dersom ein ikkje samanliknar med Den norske kyrkja, men heller med opphavslandet til trussamfunna.
– I mange muslimske land er kvinner i styret heilt utenkjeleg. Slik sett er det at 30 prosent av styra i Noreg har kvinner, ganske bra. Også i frikyrkjeleg samanheng, både i Noreg og utlandet, er det ikkje ukjent at berre menn har høve til å sitja i styret.
Muslimske trussamfunn i Noreg har litt over 166 000 medlemmer, ifølgje SSB, medan kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja har nærare 350 000 medlemmer.
Meir leiarvilje hos muslimane
Når det gjaldt vilje til og ønske om å ta på seg leiarverv, fann Synnes ein markant skilnad mellom muslimane og dei kristne minoritetsungdommane.
– I dei kristne forsamlingane eg besøkte, var verken gutane eller jentene opptatt av å vera leiarar. Mange gav utrykk for at dei syntest det verka keisamt, og forsamlingane verka heller ikkje særleg interessert i at dei unge skulle ta over ein dag, fortel forskaren.
Mange av desse kyrkjene fungerer ikkje berre som gudshus, men òg som kulturhus der migrantane kjenner seg heime.
– Ungdommane som er oppvaksne i Noreg, har ikkje det same behovet og kjem heller med kritikk om at det er keisamt, seier Synnes.
I moskeane fann han derimot ei heilt anna haldning.
– I dei muslimske forsamlingane er det ein klar plan om at dei unge skal ta over, og ungdommen blir integrert meir i arbeidet der. Ungdommane her er interesserte i leiarverv og kan tenka seg å bli leiarar etter kvart, fortel Ronald Mayora Synnes.
Han utdjupar at dette gjeld ungdommar av begge kjønn.
– Alle av dei muslimske kvinnelege informantane mine sa at dei var interesserte i leiarverv i forsamlingane sine. Nokon av dei var allereie aktive som ungdomsleiarar. KPK
Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen