Bedehuskonsert med inntekt til TV-aksjonen
Alle medlemmene av bandet som held konsert på Ørstad bedehus i dag, har tilknyting til Borgund folkehøgskole i Ålesund.
I dag held Robert Tjomlid band konsert på Ørsta bedehus i regi av Ørsta Indremisjon. Konserten er gratis og rusfri, og dei som vil gje ei gåve til Røde Kors og årets TV-aksjon, får gjere det på bedehuset. Etter konserten vert det servert gratis suppe.
– Konserten passar for folk i alle aldrar. Vi kjem til å prate litt om dei tekstane vi framfører, undervegs i konserten. Det er gjerne litt lite kjærleikssongar, alle songane våre har eit tema. Til dagleg bur bandmedlemane spreidde over store delar av landet, så gler vi oss ekstra til å kunne møtast av og til og spele i lag, fortel Robert Tjomlid som er busett i Ålesund.
– Vi håper mange har høve til å komme på gratiskonserten og gje ei gåve til årets TV-aksjon gjennom deltaking på konserten, seier Hjørdis Almelid Vikenes, leiar i Ørsta Indremisjon.
CD-ar i Åmdalen
Robert Tjomlid er til dagleg lærar ved misjonseigde Møre ungdomsskole i Ålesund. Han skriv tekstar og melodiar til bandet. Tjomlid har tidlegare vore tilsett ved Borgund folkehøgskule, og faktisk har alle bandmedlemmene på ein eller annan måte vore innom Borgund. Robert Tjomlid har både åleine og saman med bandet hatt cd-innspelingar hjå Sven Erik Åmås i Audiofarm Studio i Åmdalen.
– Det viser seg at både barn og vaksne lyttar, vi vert stadig vekk overraska over aldersspreiinga hjå dei som lyttar til songane våre. Dette med å ha rusfrie konsertar er faktisk viktig å tenkje over. Mange kunne ha tenkt seg å lytta til musikken på fleire store konsertar, men dei orkar ikkje på grunn av at det vert for mykje «styr» med overstadig rusa folk. Faktisk har vi nokre songar i bandet som handlar om nettopp det. Å skape arenaer for born og unge der dei kan møte musikk og der alle er edru, er meir verdifullt enn vi klarer å tenkje oss.
Afrika og Amerika
Sjølv har Robert Tjomlid hatt oppveksten sin i Aust-Afrika og reist mykje i Sør-Amerika som vaksen, slik at dette med solidaritet, nestekjærleik og fattigdom er tre stikkord som han har møtt ofte på ferdene sine i utlandet. – Eg trur at nesten 1/3 av songane handlar om desse tre stikkorda, oppsummerer Tjomlid.