Tag Archive for: The Bible Project

SENTRAL: Generalsekretær Karl-Johan Kjøde har vore i førarsetet i arbeidet med å få animert og omsett videoane frå The Bible Project til norsk. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

200.000 til omsetjing av teiknefilmar om Bibelen

Dei etterspurde video-snuttane frå The Bible Project er sett av millionar. No kjem dei på norsk, med økonomisk støtte frå mellom andre indremisjonsfamilien.

The Bible Project – Bibelprosjektet – vert av Det Norske Bibelselskap omtalt som ein «anerkjent bibelsk ressursbank». Det handlar om korte animerte filmar (teiknefilmar) som er 5-10 minutt lange. Dei presenterer og forklarer ulike viktige bibelske omgrep og personar.

Dette skjer «med høy faglig og kunstnerisk kvalitet», står det i ei pressemelding frå Bibelselskapet. Dei samarbeider med Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget) om å få ut norske versjonar av filmane. ImF-Ung og Bedehuskirken har løyvd høvesvis 150.000 og 50.000 kroner til dette arbeidet.

Materialet er utvikla av eit idealistisk animasjonsstudio i Portland på vestkysten av USA. Mange frå Noreg har vendt seg til dei med tanke på publisering av filmane i norsk versjon, og i løpet av neste år vert dette noko av.

Filmane ligg ute på Youtube og på nettstaden bibleproject.com – og vil også bli å finne på ei eiga ressursside på Bibelselskapet sin nettstad bibel.no. Der ligg det alt ein introduksjonsfilm.

Gjer Bibelen levande

– Målet med prosjektet er å gjera levande Bibelen si store forteljing og formidle kunnskap og inspirasjon i møte med tekstane, seier Paul Erik Wirgenes som er generalsekretær i Bibelselskapet, i ei pressemelding.

Sidan starten i 2014 har The Bible Project formidla bibelhistoriene på ein ny måte, med forteljinga om Jesus i sentrum. Det er laga meir enn 140 videoar, og millionar av brukarar har sett dei. Dei er prega av ein knapp forteljarstil, men formidlar likevel gode doser teologisk innsikt og språklege poeng frå grunntekstane på hebraisk og gresk. Med det er dette noko for fleire aldersgrupper og ulike segment i og utanfor kristne krinsar.

Felleskristelig

Etter at fleire norske aktørar har vore i kontakt med The Bible Project for å få animert og oversett materialet til norsk, er det eit felleskyrkjeleg samarbeid med Laget og Bibelselskapet i spissen som dei siste månadene har fått det heile i hamn.

Generalsekretær Karl-Johan Kjøde har vore i førarsetet. Noko av det som gjorde at amerikanarane vende tommelen opp, var at kostnadene vert dekte gjennom crowd funding, på norsk kalt folkefinansiering. Per 8. september er det kome inn kring 1,8 millionar kroner på denne måten. Det trengst 2,5 millionar.

Bibelselskapet skal ha den koordinerande rolla i prosjektet og gi råd i omsetjingsarbeidet. Generalsekretær Wirgenes legg vekt på Bibelselskapet si økumeniske breidde og vonar prosjektet skal framelske auka bibelbruk.

Bibelbrukskonsulent Hans Johan Sagrusten er knytta til prosjektet som språkrådgjevar og teologisk konsulent, noko han har lang erfaring med frå tidlegare omsetjingsarbeid. Før har han også jobba med både med teikneseriar og animasjon.

Bibelselskapet vil også stå for koordineringa av den vidare pengeinnsamlinga. 73 videoar er planlagd publisert på norsk.

Gratis

For mange i Noreg er materialet alt godt kjent, men Bibelselskapet ser filmane som viktige i strategien med å spreie den bibelske bodskapen endå vidare ut. Fornorskinga krev ein del økonomisk, men videoen vil vere gratis for alle som ynskjer å nytte dei. Organisasjonane bak trur dei vil egne seg godt til bibelgrupper, som innslag i forkynning i kyrkjer og forsamlingslokale, eller som bibelleseplan. Dei er meint å fungere for alle aldersgrupper.

– Vi vonar at videoane også kan bli ein ressurs for norsk skule. Dei er undervisande og informative, utan å bli forkynnande. Derfor trur vi mange lærarar vil kunne nytte dei, seier Wirgenes som meiner The Bible Project passar som hand i hanske inn i Bibelselskapet si digitale satsing. KPK