Gjendåp og indremisjon

 KOLLISJON: Gjendåp og luthersk lære kolliderer utan tvil, seier Hallaråker. FOTO: ARKIV Av Kjell Hauan Spørsmålet har vore drøfta i Forbundsstyret og Hyrderådet i Indremisjonsforbundet (ImF) fordi mellom andre ein forkynnar i ein av krinsane har teke gjendåp. Leiinga i ImF sine synspunkt kjem fram i skrivet «Gjendåp, bedehus og indremisjon» frå generalsekretæren. Tydeleg og varleg«Frå […]

  
KOLLISJON: Gjendåp og luthersk lære kolliderer utan tvil, seier Hallaråker.
FOTO: ARKIV

Av Kjell Hauan

Spørsmålet har vore drøfta i Forbundsstyret og Hyrderådet i Indremisjonsforbundet (ImF) fordi mellom andre ein forkynnar i ein av krinsane har teke gjendåp. Leiinga i ImF sine synspunkt kjem fram i skrivet «Gjendåp, bedehus og indremisjon» frå generalsekretæren.

Tydeleg og varleg
«Frå tid til anna kjem det opp spørsmål om korleis ein i bedehuset og indremisjonen bør førehalda seg til kristne av andre konfesjonar og anna trusovertyding enn vår evangelisk lutherske. Når eg skal svara på det, har det alltid vore viktig å svara tydeleg og varleg på same tid», skriv Karl Johan Hallaråker.

Han understrekar at vi skal «møta alle si overtyding med respekt og vørdnad.» Val som vert gjort med personleg og samvitsfull overtyding ut frå Guds ord skal respekterast. Men leiarar i ImF, både sentralt, på krinsplan og lokalt, pliktar også å respektera Indremisjonen og bedehusa sin lover og trusovertyding. I paragrafer som ikkje kan endrast, heiter det at arbeidet byggjer på Bibelen og den evangelisk lutherske vedkjenninga. Det er utan tvil kollisjon mellom læra om gjendåp og luthersk lære. Difor kan ingen gjendøypt forkynnar vera utsending for Indremisjonen. Dette gjeld tilsetjing så vel som tillitsverv, og korkje leiarar, styre eller årsmøte «kan overprøva lovforankring som er uforanderleg», heiter det i skrivet.

Samarbeid med respekt
Generalsekretæren skriv vidare at dette ikkje tyder at vi som luthersk misjonsfolk ikkje vil ha åndeleg kontakt med andre trussøsken. Vi har lang historie for å vera saman med andre evangeliske kristne i fellesmøte og andre samvær, og på små stader må kristne «raka glørne saman» for å overleva og vera vitnemål for verda.
Men i samarbeidssituasjonar er det viktig at vi syner respekt for kvarandre og «ikkje misbrukar situasjonen til å fiska over til oss.» I slike situasjonar skal ikkje vi som lutherske forkynnarar bruka talarstol eller det private rom til å polemisera mot andre sitt dåpssyn. Generalsekretæren ventar same respekten frå andre sida.

Hallaråker skriv at «djupe skiljeliner ikkje går mellom konfesjonar og kyrkjesamfunn, men midt gjennom dei fleste.» Han meiner det er grunn til å ha eit godt tilhøve til alle trussøsken som vil stå for ein heil Bibel, og kjenner mange gonger nærare åndeleg samfunn med trussøsken i andre samanhengar enn med bibelliberale om dei er aldri så lutherske. Generalsekretæren viser også til Håndbok for Bedehuset som gjev undervisning om dåpen og praktisk rettleiing om dåpshandlinga.

Heile skrivet «Gjendåp, bedehus og indremisjon» finn du her

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.