Felles forsamling på bygda

  STYRET: Det første styret i Samnanger misjonsforsamling. F.v.: Astrid Hitland, Arne Jørgensen, Rune Espelid, Arnfinn Jørgensen, Kari Dyrhovden, Terje Næss.(FOTO: SAMNANGER MISJONSFORSAMLING/FORDEG.COM) Av Nils-Ove Støbakk Under eit ekstraordinært årsmøte i Samnanger indremisjon 20. september vart det vedtatt å danne Samnanger misjonsforsamling. Dette går i praksis ut på at dei ulike indremisjons- og misjonssambands-foreiningane i Hordaland-kommunen […]

 
STYRET: Det første styret i Samnanger misjonsforsamling. F.v.: Astrid Hitland, Arne Jørgensen, Rune Espelid, Arnfinn Jørgensen, Kari Dyrhovden, Terje Næss.
(FOTO: SAMNANGER MISJONSFORSAMLING/FORDEG.COM)

Av Nils-Ove Støbakk

Under eit ekstraordinært årsmøte i Samnanger indremisjon 20. september vart det vedtatt å danne Samnanger misjonsforsamling.

Dette går i praksis ut på at dei ulike indremisjons- og misjonssambands-foreiningane i Hordaland-kommunen slår seg saman og endrar status til å bli ei forsamling.

– Men innhaldsmessig vert det å fortsette som vi har gjort til no, vi har allereie hatt samarbeid i mange år, fortel formann Rune Espelid.

– Vi har drive som ei forsamling, akkurat slik som vi no etablerer formelt. Både med åndeleg leiarskap, styre og stell, dåp og nattverd.

Felles teologi
Også andre organisasjonar har innimellom møte i Samnanger misjonsforsamling sine to bedehus. Likevel vart det bestemt å melde forsamlinga inn i Indremisjonssamskipnaden og NLM Bergen krins.

– Dette har vi gjort fordi det er indremisjonen og misjonssambandet som representerer dei fleste folka her, og desse organisasjonane har ein felles teologisk plattform, forklarer Espelid.

Vil stå saman
Noko av målet med å starte forsamling er at bedehusfolket skal stå saman som ein flokk, også i framtida.

– Vi vil vere førebudde på sterkare press i forhold til organisasjonstankegang og identitet. Og så har vi tru på den forkynninga som kjem fram gjennom organisasjonane. Vi vil fremme vekkjingsforkynning og eit kall til eit personlig liv med Gud.

Positiv generalsekretær
Generalsekretær Erik Furnes i ImF er glad for å høyre om samarbeidet mellom misjonsfolket i Samnanger.

– Vi må arbeide hardt for å fjerne kunstige skiljelinjer mellom kristne brør og søstrer på bedehuset. Eg syns det er bra med samarbeidskonstellasjonar der ein over tid har sett at eit samarbeid er naturleg.

Viktig fokus
Furnes meiner det i vår tid er viktig å ha fokus på forsamlingsbygging, sjølv om det varierer frå bygd til bygd kven det er mest naturleg å alliere seg med.

– Eg registrerer at det mange plassar er ei auka tilnærming mellom indremisjonsfolket og NLM. Men andre plassar i landet kan det vere andre misjonsorganisasjonar som ein vel å samarbeide med.

Noko for alle
Mange tenkjer kanskje at ei bedehusforsamling med tilbod om dåp er noko som berre kan gå i byar og større tettstadar. Rune Espelid håper at bedehusfolket i Samnanger kan inspirere også andre til å starte forsamling ute i distrikta, om nokon skulle lure på noko så er det berre å ta kontakt.

– Vi har 60 medlemmar, oppmøtet varierer frå små grupper til hundre når vi har ein fest. På vanlege møte kan det vel vere 30-50 menneske. Men som Jesus sa, der to eller tre er samla, der er det ei forsamling. Så får ein drive etter som ein har krefter og nådegåver til. Det er viktig at folk rundt omkring tenkjer at det ikkje er umulig sjølv om ein er få!

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.