Sambåndet

Fredag 22. september 2017
RSS

Sommertid med 55+

Landseldrestemnet har fått ny drakt. Bibel og fellesskap 55+ er namnet på nysatsinga.

Av Vilhelm Viksøy. Publisert 25. mars 2011.

STEMNEFEBER: Det heiter ikkje lengre Landseldrestevnet. Nå er det Bibel og Fellesskap 55+ som skal samla til gode dagar med inspirasjon og kvile i juni. Hør intervju med stemnesjef Karl Johan Hallaråker i avspilleren

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.

Fakta

Bibel og fellesskap, 55 +

  • Landseldrestemnet, med nytt namn og ny drakt.
  • 6.- 10 juni
  • Bildøy Bibelskole
  • Talarar og leiarar: Henry Skogvoll, Åsrunn og Harald Myklebust, Annbjørg Barane, Sigmund Byrknes, Audun Myksvoll, Nansy Thormodsæter, Anne Marie og Karl Johan Hallaråker.
  • Last ned program som pdf her
  • Høyreklikk, og last ned intervjuet med Hallaråker som mp3-fil. (kan brukes fritt)

– Vi ynskjer å ta vare på det beste frå tidlegare stemne, samtidig som det vert ei fornying. Dette er røter og fornying på sitt beste, seier stemnesjef Karl Johan Hallaråker.

6.- 10. juni er datoen og som vanleg er det Bildøy Bibelskole som er stemnestad.
Bibel og fellesskap seier noko om det vesentlege i programmet. 55+ seier at her er både yngre og eldre pensjonistar velkomne, seier Hallaråker.

– Men ikkje berre pensjonistar, alle i alderen 55+ som kan ta seg fri desse dagane, er varmt velkomne, understrekar han.

God forkynning.
Hovudtalar for årets stemne, som vert det 21. i rekkja, er Henry Skogvoll, mangeårig sokneprest i Johanneskyrkja i Bergen.
– Men mange kjenner han nok og frå tida som ungdomsarbeidar i Bergens Indremisjon, Betlehem, seier Hallaråker som gler seg over at Skogvoll er med på leiar-laget.

– Henry Skogvoll er ein kjær forkynnar og sjelesørgjar som vert med oss under heile samlinga.

Stemnesong.
Ei nyskaping for året er stemnekoret som både skal øva og syngja undervegs på Bibel og fellesskap.
– Alle deltakarane får tilbod om å vera med, seier Hallaråker, som ikkje tar ansvar for koret. Den jobben skal Harald Myklebust ha. Myklebust er godt kjent frå tida som musikklærar i bibelskolen, folkehøgskolerektor og sist musikklektor, NLA høgskolen. Det var også han som var grunnleggjar og fyrste dirigent for ImF-koret divisi.

– Og i tillegg vil Harald ha ansvaret all songen og musikken under heile stemnet, seier Hallaråker.

Erfarne leiarar.
I tillegg til Skogvoll og Myklebust har Hallaråker med seg mykje erfaring frå tidlegare stemne. Annbjørg Barane, Sigmund Byrknes, Audun Myksvoll, Nansy Thormodsæter, Åsrunn Myklebust og Anne Marie Hallaråker er blant leiarane som tar imot gjestene.

– Så då seier eg berre: varmt velkommen til Bildøy. Både til deg som kjem for første gong, og deg som kjem igjen og igjen. Vi gled oss til å møta nettopp deg, seier Karl Johan Hallaråker.

1 kommentar »

  • 1

    Kari

    28. mars, 2011, kl. 14:34

    Dette ser veldig bra ut. Vi skal bruka alle høve til å reklamera for dette flotte opplegget. Fint at nokon løftar opp denne delen av arbeidet også.

    Svar

Skriv en kommentar

Det er forskjell på hvordan Gud kommuniserer «i fordums tid» og i «disse siste dager».

Sloveneren Primoz Roglic klatret i går inn til tempo-sølv i sykkel-VM. Oppladningen hadde han på ImF Midthordland sitt leirsted, Fjell-ly.

Tidligere statsminister Kjell Magne Bondevik og forfatter og forkynner Asle Hetlebakke er blant gjestene når Molde folkehøgskole denne uken skal feire 100-årsjubileum.

Bygda Hellevik i Fjaler kommune har vært uten skole siden 2006. Nå blir det kanskje skole i bygda igjen.

Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon blir ny medarbeider i Sunnmøre Indremisjon fra høsten 2018.

Copyright © Sambåndet 2017