Sambåndet

Fredag 22. september 2017
RSS
Vi tror sammen, av Karl Johan Hallaråker

Ei god og folkeleg truslære

skriv Johannes Kleppa om Hallaråker si nye bok.

Av . Publisert 10. august 2011.

Karl Johan Hallaråker har mange år bak seg i Indremisjonsforbundet som rektor og generalsekretær. Han har i si teneste lagt vinn på sunn teologi og lære, og med det har han lagt vekt på læreformidling i undervisning og forkynning. I det han går over i pensjonistanes rekkjer, kjem det ei truslære frå han, og la det vera sagt med ein gong: Dette er ei solid og god, men samstundes folkeleg og lettlesa truslære.

Det mest overraskande med boka er tittelen, men då i positiv meining – «Vi tror sammen». Det kan lesast som ein korreks til professor Carl Fr. Wisløffs klassiske dogmatikk, «Jeg vet på hvem jeg tror», men det ville vera ei feillesing. Hjå Wisløff skal trykket liggja på «vet på hvem», ikkje på «jeg». Hjå Hallaråker skal det liggja på «sammen». Det vil også vera i feiltolking å forstå tittelen som eit oppgjer med pietismen. Vekta på det personlege i pietismen går ikkje i retning isolasjon, men det fører inn i det heilage samfunnet, forsamlinga. Tittelen er uttrykk for god pietistisk teologi med front mot dagens postmoderne og åndelege subjektivisme, som er misforstått individuali-sering.

Samtidig som framstillinga av dei ulike lærepunkta er tydeleg og systematisk, er språkbruken varsam. Nokre vil kanskje stussa på at boka ikkje er meir kategorisk på enkelte punkt, men er orienterande og resonerande. Det heng saman med eit medvite pedagogisk opplegg som svarar til tittel. Hallaråker vil dra folk med i ei prinsipiell teologisk tenking som gjer at dei endar opp i rette konklusjonar. Folk må arbeida litt sjølve, framfor å få alt ferdigtygd. Det svarar også til at boka er utstyrt med studieplan godkjent av Norsk Kristelig Studieråd, med både enkle kontrollspørsmål og spørsmål som utfordrar til omfattande arbeid med viktige tema. Ved å arbeida saman vil ein også tru saman. Det einaste punktet eg finn påfallande at Hallaråker ikkje tek læremessig stilling til, er knytt til bortrykkinga av Guds folk før eller etter den store trengselen!

Boka fylgjer det tradisjonelle opplegget for ei truslære, og legg vinn på å få fram bibelmaterialet på dei ulike punkta – det er generelt ei mangelvare i dagens systematiske teologi. Ho avvik likevel på tre punkt ved at ho tek opp det kristne oppdraget og med det går inn det politiske mandatet, Israel og Israels plass i endetida og kristen bøn. Alt dette finn eg godt og nødvendig i vår åndelege og samfunnsmessige situasjon.

Sjølv om Karl Johan Hallaråker ikkje er nokon gamal mann og vonleg har mange gode arbeidsår i teneste for misjon og samfunn enda, kan denne truslæra seiast å vera uttrykk for hans åndelege fotspor i indremisjonen – og desse vil ein gjera klokt i å føra vidare.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Det er forskjell på hvordan Gud kommuniserer «i fordums tid» og i «disse siste dager».

Sloveneren Primoz Roglic klatret i går inn til tempo-sølv i sykkel-VM. Oppladningen hadde han på ImF Midthordland sitt leirsted, Fjell-ly.

Tidligere statsminister Kjell Magne Bondevik og forfatter og forkynner Asle Hetlebakke er blant gjestene når Molde folkehøgskole denne uken skal feire 100-årsjubileum.

Bygda Hellevik i Fjaler kommune har vært uten skole siden 2006. Nå blir det kanskje skole i bygda igjen.

Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon blir ny medarbeider i Sunnmøre Indremisjon fra høsten 2018.

Copyright © Sambåndet 2017