Sambåndet

Lørdag 7. desember 2019
RSS
Duell: Odd Asbjørn Nybø eller Gabriel Pollestad blir ny formann i Indremisjonsforbundet. FOTO: ImF MEDIA/PRIVAT

En av disse blir ny ImF-formann

Gabriel Pollestad frå Rogaland og Odd Asbjørn Nybø frå Sunnmøre er valkomiteens kandidatar til ny forbundsstyreformann. Halvparten av dei 16 på lista, er kvinner.

Skrevet av Petter Olsen den 17. desember 2015.

Fakta

Valg av nytt Forbundsstyre

  • Formannskandidater
    • Gabriel Pollestad
    • Odd Asbjørn Nybø
  • ImF Sør/ImF Rogaland
    • Gabriel Pollestad
    • Terje Greibesland
  • Indremisjonssamskipnaden
    • Harald Voster
    • Torill Myhre
  • Midthordland og Bergen
    • Marit Hauge
    • Vigleik Brekke
  • Nordhordland/Sogn og Fjordane
    • Gudmund Furnes
    • Solveig Hosøy
  • Sunnmøre
    • Odd Asbjørn Nybø
    • Linda Austnes
  • For Nordmøre og Romsdal Indremisjon
    • Anne Bente Klokk Svendsvik
    • Astrid Johanne Brandshaug
  • Finnmark og landet elles
    • Helga Ingebrigtsen
    • Norunn Byrknes

På generalforsamlinga til Indremisjonsforbundet (ImF) 27.-31. juli neste år skal det veljast ny formann for det høgste organet i ImF. Dagens formann, Sverre Dag Ljønes, har sete i seks år og kan ikkje veljast på ny.

Mange kvinner
Valkomiteen er no klar med lista over kandidatar. Her er det fleire nye namn i forbundsstyresamanheng, og mellom dei er den eine formannskandidaten, Gabriel Pollestad. Han er i dag krinsstyreleiar for ImF Rogaland. Av yrke er han dagleg leiar og styreleiar for fleire aksjeselskap. Den andre leiarkandidaten, Odd Asbjørn Nybø, er medlem av forbundsstyret i dag. Han er òg styreleiar for Møre barne- og ungdomsskule Skodje.

8 av 16 kandidatar på lista er kvinner. I lovane for ImF heiter det at «minst fire» av dei sju medlemmene av forbundsstyret skal vera menn. Det er altså maksimalt tre av dei åtte kvinnene på lista som kan bli valde til faste representantar i styret.

Rektor
Frå valkrinsen ImF Sør/ImF Rogaland stiller, forutan Pollestad, Terje Greibesland. Han arbeider som dagleg leiar for fleire transportselskap.

Kandidatane frå Indremisjonssamskipnaden (IMS) er Harald Voster og Torill Myhre. Voster er rektor ved Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund, medan Myhre er tidlegare leiar i Horneland Indremisjon og jobbar i omsorgssektoren.

Informasjonsrådgjevar
Marit Hauge og Vigleik Brekke stiller til val for Midthordland/Bergen. Marit Hauge sit i forbundsstyret i dag og er elles sjukepleiar og tilsett på deltid i P7 Kristen Riksradio. Vigleik Brekke er informasjonsrådgjevar i Fjell kommune, som Bildøy er ein del av.

For valkrinsen Nordhordland/Sogn og Fjordane er Gudmund Furnes og Solveig Hosøy kandidatar. Furnes er i dag 1. varamann til forbundsstyret. Solveig Hosøy har vore ungdomskonsulent i Nordhordland Indremisjon og er i dag tilsett som ungdomsleiar og lærar ved Sygna vidaregåande skule i Balestrand.

Forutan Odd Asbjørn Nybø stiller Linda Austnes til val frå Sunnmøre. Skribenten, forkynnaren og den tidlegare KrF-politikaren Linda Austnes er gift med Karl Arne, som er tidlegare krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon.

To kvinner
For Nordmøre og Romsdal Indremisjon (NRI) er begge kandidatane kvinner. Anne Bente Klokk Svendsvik er forbundsstyremedlem i dag og første kvinne som, i 2009, vart vald inn i forbundsstyret. Astrid Johanne Brandshaug er prosjektleiar i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal og har vore styremedlem i NRI.

For valkrinsen Finnmark og landet elles er det òg to kvinner på vallista. Helga Ingebrigtsen er 3. vara til forbundsstyret i dag og er daglig leiar ved Repparfjord ungdomssenter. Norunn Byrknes er sekretær i styret for Betania Haugesund og har ei rekkje andre styreverv.

Ikkje attval
Det vil koma ein grundigare presentasjon av kandidatane i treårsmeldinga. Nestformann i forbundsstyret i dag, Reidar Røyland, og Vegard Soltveit – som var vald etter benkeforslag på generalforsamlinga i 2013, tek ikkje attval.

– Valkomiteen synest me har fått til ei god kandidatliste, seiar leiar for komiteen, Arne Lindekleiv, til Sambåndet.

1 kommentar »

  • 1

    En av disse blir ny ImF-formann | ImF Generalforsamling 2016

    25.01.2016, kl. 14:25

    […] Av Petter Olsen – Sambåndet […]

    Svar

Skriv en kommentar

KVS Lyngdal har så langt i år tjent 1,3 millioner kroner på salg av tømmer.

Mannen som risikerer mye for å sikre ureturnerbare asylsøkere arbeidsrett, ble torsdag hedret med Petter Dass-prisen 2019.

Bildøy Bibelskole og ImF Midthordland erstatter julemessen med et annet arrangement på en annen tid på året.

At ImF-styret har valt Kjell Hauan til nestformann er i tråd med det som har vore praksis dei ti siste åra. Tanken bak har ei endå lengre historie.

DEBATT «Ingen som følger med i norsk kristen- og samfunnsliv, bør være overrasket over at NLAs eierorganisasjoner lærer at rammen for seksuelt samliv er det monogame ekteskapet mellom mann og kvinne.» Det skriver tre av NLA-eierne i et debattinnlegg.

Copyright © Sambåndet 2019