Er bibelskule mest for jenter?

Berre 12 prosent av studentflokken ved bibelskulen Gå ut-senteret i år er gutar. Rektor og studentar har litt ulike tankar om kvifor.

Ved starten av sitt andre år i Trondheim har Gå ut-senteret (sjå faktaboks) auka talet frå 17 til 42 studentar. Rektor Ørjan Tinnen er nøgd, men skulle gjerne hatt både fleire gutar og fleire eldre studentar. Av dei 42 studentar er det i år berre 5 gutar.

– Delvis handlar det nok om at mange av studentane våre ønskjer eit år der målet er å bety ein forskjell. Det er eit utrykk som går igjen og noko som kanskje ligg nærmare hos ein del jenter enn gutar, seier Tinnen.

Mange av studentane våre ønskjer eit år der målet er å bety ein forskjell. Det er noko som kanskje ligg nærmare hos ein del jenter enn gutar

I tillegg trur han at jenter i stor grad er meir interesserte i praksisplassar med omsorgsdiakonalt arbeid

– Men vi har også andre tilbod der vi har trudd det var meir aktuelt for gutar. Vi har for eksempel Indonesia og samarbeidet med Krik Bali, der du kan drive diakonalt arbeid og lære å surfe samtidig, utan at det trekkjer særleg fleire gutar, seier rektoren som sjølv synest det er litt rart.

Militæret og folkehøgskule lokkar meir

Studentane har mange forklaringar på den skeive kjønnsfordelinga.

– Kanskje militæret er meir freistande for nokre gutar. På Kvitsund var det i alle fall mange som drog i militæret, seier Kristiansen og får støtte frå medstudent Norunn Eiane (19).

– Der eg kjem frå, er bibelskule blitt ei jentegreie, og det er ikkje like akseptert for gutar. Gutane dreg i militæret eller på folkehøgskule og skal vere veldig aktive, seier ho.

Der eg kjem frå, er bibelskule blitt ei jentegreie, og det er ikkje like akseptert for gutar

Dei trur òg at gutar i større grad ønskjer å kome seg ut i jobb og styre sin eigen kvardag. Tormod Jordet (19) trur mengda teoretisk undervising har mykje å seie.

– Gutane er kanskje vel så slitne og lei av skule og har mykje energi som må ut. Å ta eit friår der du går på folkehøgskule eller har helt fri, er gjerne meir freistande enn bibelskule med mykje undervising, seier han.

Å ta eit friår der du går på folkehøgskule eller har helt fri, er gjerne meir freistande enn bibelskule med mykje undervising

Rett frå vidaregåande

Tinnen trur òg at den ulike kjønnsfordelinga har noko med alder å gjere.

– Ein del handlar nok om at 18-19 år gamle jenter er på ein annan stad i livet enn gutar på same alder, seier han.

Rektoren fortel at omtrent to tredjedelar av studentmassen kjem rett frå vidaregåande, mens den siste tredjedelen er i spennet mellom 20 og 30 år.

– Dersom ein ser på nordmenn sine utdanningsvanar, er det ikkje tvil om at året etter vidaregåande for dei aller fleste er eit høve til å ta eit slikt år. Det er berre naturleg, seier han.

Eiane som er frå Rennesøy, har begynt på Gå ut-senteret rett etter vidaregåande.

– Eg har lyst å bruke eit år med Gud og tenkte det var lurt å gjere det no før kvardagen blir så stressande og full av andre ting at eg ikkje tek meg tid til det, seier ho.

Ønskjer aldersspenn

Rektoren fortel at han ønskjer å ha eit spenn i alderen på studentane.

– Spesielt på linja Faith in action legg vi opp til at det skal kunne vere eit år for dei som allereie har begynt å studere eller har jobba noko år. Dei som ønskjer eit avbrekk for å setje ny retning og finne ut av eigne nådegåver, utrusting og vidare teneste, seier Tinnen.

Ønskjer å utfordre eldre

Tinnen ønskjer også dei som er enda eldre velkomen som studentar ved Gå ut senteret.

– Ei gruppe som er spennande å lage opplegg for er jo seniorane. Dei har ofte god tid og mykje kompetanse og kunne veldig gjerne hatt ei utanlandsteneste på slutten av arbeidslivet. Der er vi ein aktuell aktør for å vere med og utfordre og utruste til misjon i vaksen alder, seier rektoren.

Han seier han er einig med Ungdom i oppdrag sin leiar Andreas Nordli om at pensjonistar godt kan dra på utanlandsopphald som misjonærar.

– Alle nordmenn bør ha eit engasjement som ikkje endar ved eiga stovedør. Å ha ei teneste internasjonalt trur eg er ein kjempespennande veg å gå for mange, også dei godta vaksne, seier Tinnen.

Skulestart i helga

STOR ØKNING: Gå ut senteret økte studentantallet fra 17 første året til 42 andre året i Trondheim. Skoleåret startet forrige helg.

STOR ØKNING: Gå ut senteret økte studentantallet fra 17 første året til 42 andre året i Trondheim. Skoleåret startet forrige helg.

Hagen på Berg prestegard er full av spente og ivrige studentar ved Gå ut-senteret, som starta skuleåret sitt i helga.

– Eg synest opplegget her verkar så bra. Vi får i både pose og sekk, og eg har kjent eit lite kall om å dra til Indonesia, seier Silje Kristiansen (18) som skal gå på linja Global Disippel med 4,5 månader i utlandet.

– Vi har tru på at Gå ut-senteret er ein attraktiv skule slik det er no. Totalpakken med skule, utanlandspraksis og kyrkjelydsliv er nok noko som trekkjer mange av dei som går her, seier rektor Ørjan Tinnen.

Student Tormod Jordet stadfestar det.

– Eg liker linjetilbodet, og at det er ei Europa-misjonslinje som trefte meg veldig bra. Det er bra at dei har fleire tilbod enn berre å reise langt å jobbe på barneheim, seier han.

Uvisse søkjartal

Rektoren er likevel forsiktig med å sjå på det høge talet studentar som eit teikn på noko.

– Vi er forsiktige med å slå oss på brystet no, sjølv om vi er overvelda over at vi endar opp med 42 studentar i år. Det er vanskeleg å sjå trendar på statistikken som går opp og ned i tal studentar. Søkjartala blir opplevde som veldig uvisse, seier Tinnen.

I samanheng med flyttinga av Gå ut senteret frå Hurdal til Trondheim i fjor blei det lagt ein femårsplan for kor mange studentar skulen skulle ha for kvart år for å kome opp på eit berekraftig nivå. Målet for dette skuleåret var 32 studentar.

– Det er fyrst og fremst veldig motiverande at vi endar opp med ti fleire studentar enn det som var målet. Men vi skal ha litt is i magen før vi konkluderer så mykje om det handlar om flytting eller ting vi har gjort i Trondheim, seier den unge rektoren.

Ein av studentane på Faith in Action er Margrete Vangen Bakklund (24) som blei kjend med Gå ut senteret gjennom Salem kyrkjelyd.

– Eg har studert nokre år i Trondheim og har vore med i Salem kyrkjelyd her i byen. Eg har fått sjå ein del av det Gud gjer der, og så kjende eg at eg ønska meir av det han har å gi og bli betre kjent med Gud. Eg ønskte eit litt annleis år med eit anna fokus enn det er på eit vanleg studie, seier ho.

Eg har fått sjå ein del av det Gud gjer der, og så kjende eg at eg ønska meir av det han har å gi og bli betre kjent med Gud

Kompetansesenter

Gå ut senteret ønskjer ifølgje Tinnen å vere eit kompetansesenter for misjon, og at dei som ønskjer å sende folk i misjon, skal få bruke skulen til det.

– Vi trur at mange av dei som går på Global disippel eller Faith in Action, som ikkje nødvendigvis planlegg ei misjonærteneste, verkeleg får smaken på misjon, seier Tinnen.

Studentane vi snakkar med, stadfestar dette inntrykket.

– Eg har ikkje tenkt å bli misjonær, men eg lengtar etter at hjartet mitt skal bli kjent med misjonslivet sjølv om det kanskje ikkje er det eg kjem til å gjere i framtida. Men ein veit jo aldri, seier Global disippel-student Therese Ljones (19).

Eg lengtar etter at hjartet mitt skal bli kjent med misjonslivet sjølv om det kanskje ikkje er det eg kjem til å gjere i framtida

Tinnen fortel at misjonærlinja, der misjonærar som skal ut for Normisjon får førebuinga si, er viktig for skulen. I år har dei eit ektepar som tek kurset før dei skal ut til Senegal for Normisjon.

– Det var jo for folk som dei Gå ut-senteret starta i 1984, fortel Tinnen.

Då var utgangspunktet at Santalmisjonen hadde mange misjonærar som trengde førebuing til teneste. No er talet misjonærar som blir sende frå Norge, mykje lågare.

– Men dei som blir sende, skal jo ha god førebuing. Det er ei viktig rolle Gå ut-senteret har, seier Tinnen.

Byskule

Gå ut-senteret flytta frå Hurdal til Trondheim etter år med låg oppslutning og vanskeleg økonomi.

– Den mest sjølvsagde forskjellen frå Hurdal er at Gå ut-senteret har blitt ein byskule. No er skulen blitt ein del av bymiljøet som òg blir brukt i det pedagogiske opplegget, for eksempel i kontakt med innvandrarmiljøet i byen, fortel Tinnen.

Bibelskulen har fått ein lokal eigarskap ved at Salem kyrkjelyd eig 60 prosent av skulen, medan Normisjon eig 40 prosent.

– Det blir opplevt som veldig positivt at studentane får vere del av eit kyrkjelydsliv og studentmiljøet samt flergenerasjonsfellesskapet i Salem kyrkjelyd. Tilknytinga blir opplevd som viktig både for studentane og oss som jobbar her, seier Tinnen.

Mindre boble

Studentane stadfestar rektor sin tankar om flytting og kyrkjelydsliv.

– Eg trur samarbeidd med Salem er kjempebra. Kvardagslivet etter bibelskulen blir også kanskje lettare når ein er vant til å ha eit større fellesskap ein er med i, seier Ljones og får støtte frå dei andre studentane.

– Det blir også mindre boble ved å vere del av ein større kyrkjelyd, seier Vangen Bakklund.

Det blir også mindre boble ved å vere del av ein større kyrkjelyd

Ho synest også at det er fint at skulen flytta til Trondheim.

– Eg fekk høyre om skulen gjennom Salem, så for meg har det vore helt avgjerande at skulen flytta hit, fortel Vangen Bakklund.

Dei andre studentane er einige i at det er ein fordel at skulen ligg i ein by.

– Eg liker godt at den ligg her og ikkje ute i ødemarka. I tillegg bur vi rett ved ein studentby som gir gode aktivitetshøve, seier Eiane og Kristiansen. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.