Sambåndet

Søndag 24. september 2017
RSS
GAMLEBYEN: På Tempelhøgda/Haram al-Sharif ligg jødiske og muslimske heilagdomar side om side. FOTO: Markus Plementas, KPK

Bibelstorm mot FN-organ

Organisasjonen ICEJ aksjonerer mot at berre det muslimske namnet på tempelhøgda i Jerusalem vert brukt.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 3. november 2016.

– Som FN sin organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommuikasjon freistar no Unesco å omskrive historia ved å fråskrive den djupe samanhengen mellom Israel og jødane og i staden islamisere området, seier Dag Øyvind Juliussen, leiar for International Christian Embassy Jerusalem (ICEJ) i Noreg.

ICEJ ber i aksjonen «Bibelstorm» folk sende ein bibel til Unesco der namn som tempelet, Tempelhøyden, Jerusalem, Betlehem og Hebron blir understreka. Det blir også oppfordra til å leggje ved eit personleg brev. Dette skriv ICEJ Noreg i ei pressemelding.

Berre muslimske namn

Aksjonen kjem som ein protest mot at det bibelske namnet på tempelberget er heilt borte i fleire resolusjonar i Unesco. I staden blir berre det muslimske brukt, namnet Haram al-Sharif. Særleg ein resolusjon vedtatt 18. oktober kalla «Det okkuperte Palestina», har vekt sterke reaksjonar i Israel.

– Over 1500 år før islam så dagens lys var Jerusalem jødane sin heilage by. Jerusalem er nemnt over 800 gonger i Bibelen, mens den ikkje er nemnd ein einaste gong ved namn i Koranen. Jesus sjølv omtalte byen som «Den store Konges by», seier Juliussen.

Han meiner Unesco sin bruk av dei muslimske namna er ein kampanje mot jødane og Israel, iscenesatt av palestinske styresmakter.

– Som kristne får vi ikkje lov til å teie når jødane på nytt blir ramma i den internasjonalen samfunn, seier han.

Forventar reaksjon frå regjeringa

Til avisa Norge i dag seier politikarar frå Kristelig folkeparti (KrF) og Fremskrittspartiet (Frp) at dei forventar at regjeringa reagerer mot Unesco.

– At Unesco presenterer Tempelhøgden berre som ein muslimsk heilagdom, er historielaust og kunnskapslaust. Frå KrFs side forventar vi at regjeringa bruker alle diplomatiske kanalar overfor FN til å protestere, seier Hans Fredrik Grøvan (KrF) til Norge IDAG.

Også Jørund Rytman (Frp), som er leiar for Israel sine Venner på Stortinget, meiner dei norske styresmaktene må reagere overfor FN-organet.

– Vi i Frp har allereie teke dette opp med politisk leiing i Utanriksdepartementet, der Noreg presiserer og minner om jødedomen si tilknyting. Vi har blitt lovt ein reaksjon på dette, kommenterer Rytman ovanfor Norge IDAG.

– Bør engasjere

Dag Øyvind Juliussen i ICEJ Noreg meiner dette er ei sak som bør engasjere breitt.

– Alle ansvarlege menneske som ser det alvoret i denne saka, bør delta, seier Juliussen.

Han meiner òg norske styresmakter burde vere tydelege i saka.

– Sjølv om Noreg ikkje er representert i Unesco, bør styresmaktene våre så absolutt engasjere seg mot denne antijødiske kampanjen, seier Juliussen.

Internasjonal aksjon

ICEJ har over 80 medlemsland, og liknande aksjonar er i gong i fleire av desse. ICEJ Noreg skriv nettsidene sine at Bibelaksjonene starta etter ei oppfordring frå ICEJ sin internasjonale leiar, Jürgen Bühler.

– Fortel FN at du som kristen er oppøst over historieforfalskinga. Send ein bibel til Unesco. Strek under alle stadene i Bibelen der Jerusalem, Tempelhøyden, Hebron og Betlehem er nemnde, sa Bühler til ein fullsett sal i Jerusalem under lauvhyttefesten.

Mange i salen reiste seg og tok imot utfordringa.

– Dette er godt nytt. Det betyr at det i løpet av to veker vil vere send minst 2000 biblar til FN, sa Bühler. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Australias statsminister Malcolm Turnbull forsvarer kirkens rett til å nekte å vie folk.

Neste uke kommer Bergens Indremisjons blad ut igjen med færre sider og i enklere format.

Det er forskjell på hvordan Gud kommuniserer «i fordums tid» og i «disse siste dager».

Sloveneren Primoz Roglic klatret i går inn til tempo-sølv i sykkel-VM. Oppladningen hadde han på ImF Midthordland sitt leirsted, Fjell-ly.

Tidligere statsminister Kjell Magne Bondevik og forfatter og forkynner Asle Hetlebakke er blant gjestene når Molde folkehøgskole denne uken skal feire 100-årsjubileum.

Copyright © Sambåndet 2017