Sambåndet

Onsdag 12. desember 2018
RSS
BEKYMRET: Sokneprest og trebarnsfar John Sylte er bekymret over at fordommer og myter om kristendommen kommer til uttrykk i lærebøker i barneskolen. FOTO: Olav Skjegstad/privat

Opprørt over fordomar i lærebøker

Sokneprest meiner norske lærebøker for barneskulen framstiller kristendomen feilaktig.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 25. mars 2018.

John Sylte er sokneprest i Vestnes og Fiksdal i Indre Romsdal prosti og far til tre barn. Då han i haust skulle hjelpa dottera på 11 år med heimeleksene i samfunnsfag, vart han både sjokkert og forarga over måten læreboka framstilte brytningstida mellom vikingtid og kristendom i Noreg på.

– Fakta er lagt fram på ein veldig tvilsam måte. Det er ein gjennomgåande negativ tone og veldig lite matnyttig. Det inntrykket 11-åringane sit igjen med, er at dei snille vikingane vart tukta hardt av dei slemme kristne, seier Sylte.

I boka Gaia Samfunnsfag, utgjeve av Gyldendal Undervising, står det blant anna at kristendomen kom med «fælslege straffar», at dei ikkje lenger fekk lov å eta hestekjøtt, og at biskopen var slem med bøndene og ikkje lét dei jobba på sundagar.

– Eg reagerer på at ikkje ting som kristenretten, som la føringar for at det ikkje lenger var lov å ha slavar, og at det vart slutt på fleirkoneri og blodhemn, ikkje er nemnt. Ein skulle tru det var ganske viktig. Òg det at ein fekk kontakt med universitet i Europa og skriftkulturen som kom med kristendomen. Ikkje noko av dette er nemnt, seier Sylte.

Faktafeil og mytar

FAKTAFEIL: Dette avsnittet i læreboken Gaia Naturfag mener Sylte ikke forteller sannheten. – Det finnes ikke bevis for at kirken har drept noen på grunn av deres vitenskap, sier han. FOTO: John Sylte/KPK

Siste drope for trebarnsfaren kom då han i vår skulle hjelpa dottera med naturfagleksa og kom over dette avsnittet i boka Gaia Naturfag, frå same forlag, under tittelen «Religion og vitskap»:

«Forklaringane til naturfilosofane hadde ikkje plass til gudar. Derfor vart mange av dei som trudde på ein eller fleire gudar, både fornærma og rasande. Gjennom historia har mange vitskapsfolk vorte fengsla og drepne for meiningane sine.» (s. 108).

– Dette er rett og slett indoktrinering og fake news. Det var det motsette som skjedde mellom religion og vitskap. Det var gudstrua som fekk dei til å tenkja at verda er rasjonell og noko ein kan undersøkja og forska på. Trua på ein rasjonell Gud inspirerte vitskapsfolk, seier Sylte.

Han meiner det bør vera eit minstekrav at fagbøkene snakkar sant.

– Kyrkja har gjort mykje dumt, og det er vi ikkje usamd i, men kyrkja har ikkje forfølgt og drepe vitskapsmenn for vitskapen si skuld. Kyrkja har heller vore føregangs på desse tinga, det ser vi heilt frå Augustins tid, seier soknepresten.

Sylte trur desse mytane om kyrkja i mellomalderen òg lever godt blant mange kristne.

– Eg har lese og snakka med folk som har undersøkt desse mytane nøye. Så langt eg veit, finst det ikkje bevis for at kyrkja har drepe nokon på grunn av vitskapen deira. Tilfelle der vi kjenner til forfølging, handlar det om teologi, eller om to ulike vitskaplege retningar som står mot kvarandre, ikkje religion mot vitskap.

Fordomar vert skapt

Som prest møter Sylte mange av desse førestillingane som har sett seg hos ungdomane når dei etter kvart vert konfirmantar.

– Det er ikkje rart vi har fordomar i samfunnet vårt – vi lærer dei jo på skulen, utbryt han.

Han har skrive lesarinnlegg om dette i lokalavisa Romsdals Budstikke og har teke kontakt med skulesjefen i kommunen.

– Dette tek eg alvorleg. Vi får melding om å ikkje forkynna i skulen, noko eg har stor respekt for. Men vi må forventa det same andre vegen. Slik eg ser det, er dette forkynning og ei klår føring.

No håpar han at biskopar og andre høgare opp i kyrkjelandskapet vil ta opp kampen på politikarnivå for å få meir kvalitetssikring på at lærebøkene leverer objektive fakta utan uvillige haldningar og myter.

– Eg synest ikkje kyrkja skal finna seg i dette, og eg skulla ynskje eg hadde fleire med på laget. Dette burde vera noko for dei øvste leiarane i kyrkja. Dette er heilt klårt noko som påverkar kvardagen til alle prestar, trosopplærere og kristne heimar.

Ser poenget

Begge bøkene Sylte kritiserer, er utgjeven på forlaget Gyldendal Undervising. Forlagsdirektør Ulv Pedersen seier til KPK at dei tek kritikken på alvor.

– Vi ser poenga i det John Sylte seier, og vi vil sjå på desse tekstene og sjå om vi kan gjera dette på andre måtar, seier han.

Pedersen fortel at forlaget jobbar med nye bøker til læreplanane som kjem i 2020 .

– Desse bøkane er 12 år gamle og på veg ut, men det hender vi trykkjer opp nye utgåver, og då vil vi ta med oss desse innvendingane og sjå om vi kan endra på innhaldet, seier han. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

14 bibelskoler har gått sammen om å opprette Informasjonskontor for bibelskolene i Norge for å fremme skoleslaget for potensielle elever.

Rus, seksualitet og nettvett er tema for færre enn halvparten av kirker og organisasjoner som driver med arbeid for aldersgruppen 9 til 13 år.

Sunniva Gylver ble æret med prisen for sitt mangeårige engasjement og sin formidling av kristen tro til Norges befolkning. – Jeg håper vi alle kan la oss inspirere, sier prisvinneren.

Det er vanskeleg for etnisk norsk ungdom i dag å snakka om tru, observerer skuleleiar og generalsekretær.

Sjølv om Svein Helge B. Torsteinsbø har stått i spissen for arbeidet med å gjera Fosen bedehus om til museum, meiner han ikkje at tida for bedehusrørsla er over.

Copyright © Sambåndet 2018