Ingebrigt Sørfonn blir økonomileiar

Går inn i fast stilling i ImF fra 15. april.

– Det skal bli veldig kjekt. Eg føler meg heime i denne organisasjonen og eg gler meg til nye oppgåver, seier Sørfonn, som går til stillinga med skrekkblanda fryd.

– Det er ei stund sidan eg arbeidde med økonomi på denne måten, så det er litt nytt og spennande, men eg har svært dyktige folk med meg i Edith Molland og resten av staben. Dette var ein sterkt medverkande faktor til at eg svara ja, seier Sørfonn.

Forlenga.
Sørfonn har sidan 1. juni vore tilsett i vikariat i Indremisjonsforbundet. Fyrst som fungerande administrasjonsleiar under fødselspermisjonen til Anja U. Heggen. Sidan nyttår under tittelen seniorkonsulent. At han nå går over i fast stilling, var ikkje planen då han starta i fjor vår.

– Nei, eg var i utgangspunktet innstilt på dette eine året og måtte tenkja meg om ei stund før eg svara ja, seier han. Men det har modnast fram ein tryggleik for at dette er den rette vegen vidare for meg, seier Sørfonn, som røper at det er fleire andre aktuelle jobbar han no seier nei til.

Ingen raske løysningar.
Sørfonn vil i den nye stillinga ha budsjett og rekneskap som sine hovudområdet. Han skal også reisa 20 prosent som forkynnar, samt ha andre oppgåver på huset. I tillegg går inn i leiargruppa til ImF og vil den neste tida arbeide tett saman med generalsekretær Erik Furnes og administrasjonsleiar Anja U. Heggen for å finne ei god fordeling på fleire av arbeidsoppgåvene i ImF-leiinga.

Sørfonn tar til som økonomileiar i ei økonomisk utfordrande tid, men han ser ikkje på seg sjølv som nokon redningsmann som har dei enkle, raske løysningane.

– Mi utfordring og viktigaste oppgåve er å vera i god dialog med folket der ute, ikkje fyrst og fremst for å samla inn pengar, men for å vera nær dei. Indremisjonsforbundet handlar ikkje om eit oss og dei. Det handlar om oss. Å bevara denne nærleiken og oppleving av fellesskap, vert ei viktig oppgåve for meg.

– God løysing.
Sørfonn overtar økonomileiaransvaret etter Edith Molland som etter eige ynskje går tilbake til si forrige stilling som økonomisekretær – slik ho var fram til hausten 2009.

– Edith har gjort ein ansvarsfull og god jobb og har all grunn til å vera stolt over det ansvaret ho har hatt som økonomileiar denne tida. Men då ho i fjor haust signaliserte at ho ville tilbake til den gamle stillinga, valde me å ta dette på alvor. Ingebrigt har allereie bidratt ein god del på dette området, så me er svært glad for den løysinga som no er på plass, seier Erik Furnes.

Han erkjenner at det er utfordrande å utvide staben når økonomien er pressa, men ser likevel dette som ei rett løysing.

– På kort sikt ser me dette i samanheng med planlagte permisjonar hos andre så det gir oss ikkje nye utgifter dette fyrste året, seier Furnes.

1 svar
  1. Gudrun Longva says:

    Godt at Ingebrigt blir verande i organisasjonen! Ein person med mange av dei eigenskapane og røynslene imf har bruk for i toppleiinga. Så flott at han også vil bruke 20% til forkynning. Vi gleder oss over det varme vitnemålet og den positive evangeliske forkynninga til Ingebrigt.
    Ynskjer Ingebrigt og Sylvi Guds signing i denne avgjerda. Lykke til. Rom.15,13
    Vennleg helsing Gudrun Longva

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.