Gud samlar skattar

Gud samlar skattar på jorda, det vakraste han veit er her. Han kjøper opp kostbare steinar, om aldri så høg prisen er. Gud samlar seg skattar i verda, til kvar einaste avkrok han dreg. Og tungt han ofte må bera, når han samlar skattar til seg. 2) Gud samlar skattar i verda, titusentalls perler han […]

Gud samlar skattar på jorda, det vakraste han veit er her.
Han kjøper opp kostbare steinar, om aldri så høg prisen er.
Gud samlar seg skattar i verda, til kvar einaste avkrok han dreg.
Og tungt han ofte må bera, når han samlar skattar til seg.

2)
Gud samlar skattar i verda, titusentalls perler han finn.
Eit hav av gull og juvelar, er det han kvar dag samlar inn.
Men er det ei einaste perle, han ser, men han ikkje kan nå.
Han sørgjer, han føler seg fattig, av perler han har alt for få.

3)
Gud samlar skattar på jorda, det er oss som han ynskjer å få.
Langt meir enn eit barn er for mora, er vi i hans auga å sjå.
Gud samlar seg skattar på jorda, vi veit at det skal ikkje vi.
Nei, vi samlar skattar til himlen, til Guds skattejakt er forbi.

Tekst: Arne Nordbø Finnøy Jan.-99
Tone: Hank Williams

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.