Organisme, ikkje organisasjon

– Manglande relasjonar er hovudproblemet i ImF-land, seier forkynnar Johan Halsne.

Halsne var òg ein av dei som engasjerte seg då Sambåndet, på papir og nett, i oktober sette søkelys på organisasjonsstrukturen i Indremisjonsforbundet (ImF). I kommentarfeltet til ein av artiklane på sambåndet.no skreiv han dette:

Medisin. «Me kan vel ikkje organisere oss bort frå elendighet og til suksess? Fusjoner, større enheter, gir vel ikkje større bevissthet av kva me er ein del av? Trur nok det er annen medisin som får piler til å peike oppover.»

Kva er så denne medisinen som forkynnaren og prosjektmedarbeidaren skriv om?

Relasjon.
– Det som manglar, er at misjonsfolket ikkje møter tilsette. Ingen har relasjon til ein organisasjon, ein har relasjon til personar i organisasjonen, utdjupar Halsne.

Og dette kan ein ikkje løysa ved kretssamanslåing, meiner forkynnaren.

– Har du ikkje relasjon, har du heller ikkje eigarskap. Det er ikkje mange nok tilsette som er ute og reiser. Misjonsfolket vårt må få møta nokon som er tilsette i organisasjonen. Då får dei eigarskap, meiner Halsne.

Organisme.
ImF-forkynnaren har ikkje tru på at samanslåing med NLM, som tidlegare krinsleiar Torgeir Skrunes er inne på (sjå eiga sak s 10-11), er vegen å gå.

– Det er ein årsak til at me har ulike organisasjonar, og det er rom for alle. Men på bedehuset kunne me godt vågt å tenkja at me ikkje jobbar for ein organisasjon, men for ei organisme, eit sett av levande mennske. Men jobbar i retning av eit felles mål, men frå litt ulike båtlag, seier Halsne med eit kjent språkleg bilete frå bedehusland.

Kall.
– Misjonsfolket må kjenna at denne plassen som me bur på, er vårt kall og vårt arbeid, held Halsne fram.

Og han er klar på kva ImF som organisasjon har som funksjon i denne samanhengen:

– Me må hjelpa dei med forkynning av Ordet, vegleiing og nye idear om korleis dei kan vera misjonerande, seier Johan Halsne.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.