Stanghelle om tru og tanke

På NRK1 tirsdag kveld snakkar Harald Stanghelle om livets store spørsmål i programmet «I heisen med". I eit stort intervju med Sambåndet i desember i fjor fortalde Aftenposten-redaktøren om si oppvekst og tilhøve til den kristne trua.

Dette er eit utdrag frå intervjuet, som ikkje tidlegare har vore publisert digitalt:

– Du sa trua farvel?

– Ja, det var nok i 13-15-årsalderen. For meg var det ein periode der eg var veldig interessert i politikk. Eg var aktiv i unge Høgre og stifta eit Unge Høgre-lag i Vaksdal. Eg vart intervjua både i Dagen og her i Aftenposten i 1970, då var eg 14, så det var ein periode der eg søkte ut og sprengte ein del av dei grensene som var der.

Opposisjon

Stanghelle fortel om ei ungdomstid der han var mykje i opposisjon.

– Eg vaks jo opp i ein indremisjonsheim der begge foreldra mine var veldig aktive i indremisjonen og anna misjonsarbeid. Begge bestefedrane hadde òg vore aktive, på kretsnivå. Far til mor mi, Johan Kvalvik, var predikant og reiste mykje i bygdene på Nordmøre, der ho kom frå, og han var veldig aktiv i samband med å etablera og driva ein kristen folkehøgskole som heiter Høgtun. Eg var der i fjor og snakka på ein kultur- og elevkveld. Det er den einaste gongen eg har vore der, og der hadde mor mi gått. Bestefaren min på farssida, Haldor Stanghelle – som kom frå Stanghelle – var veldig aktiv rundt ungdomsskulen på Frekhaug. Han døydde så tidleg som i 1933, litt over seksti år gammal.

– Min far var 46 år då eg vart fødd, han vart fødd i 1910 og bestefar i 1870. Farfar overtok garden på Stanghelle som me kjem frå, i 1892, han gifta seg til den. Så heile min bakgrunn er frå det miljøet. Og eg hugsar far min fortalte at han fekk stemmerett første gong i 1933, det første året KrF stilte liste med Nils Lavik på topp i Hordaland. Så dette er eit miljø eg kjente ut og inn. Eg vil ikkje påstå eg kjenner det så godt no, men eg veit i alle fall korleis det var.

Parkerte spørsmål

– Du viser til at du blei politisk aktiv, men var det noko med trua som gjorde at ho begynte å vakla, var det noko som skjedde?

– Slikt skjer ikkje frå ein dag til ein annan, det skjer i ein prosess. Men det som eg reagerte veldig sterkt på, var at alle spørsmål vart parkert. Det var ikkje rom for å stilla spørsmål eller tvila, og det var ikkje rom for å leita etter andre måtar å sjå ting på. Siste halvdel av 1960-åra var jo ei tid der det var veldig klårt kva som var synd og ikkje synd. Og viss ein les historia til dei lågkyrkjelege rørslene, har det nok alltid vore sånn at ein har sett på den stormande verda utanfor som noko farleg, noko som ville ta ungdomen frå det einaste sanne, det einaste rette. På 60-talet var det store brytningar, og eg opplevde nok at dette vart veldig konformt.

Stanghelle strekar under at han i tenåra kom i opposisjon til mange ting.

– Det var ikkje berre i høve til trua eg vaks opp med, men også til skule. Då eg var 15 år, leia eg ein streik mot normerte prøvar på Dale ungdomsskule og hadde mykje opposisjonstrong i meg. Det å stilla spørsmål, det å tvila, det var ikkje noko som var reservert trusområdet eller det religiøse området, det gjaldt det politiske området og skule, det gjaldt mange ting eigentleg.

Ekskluderande

På trusområdet fortel han om ei oppleving av at det var veldig trongt og veldig konformt.

– Alle som freista å gå andre vegar, vart møtt med ei veldig stor grad av mistru, at då måtte det vera noko gale med trua. Og eg hugsar veldig tydelig noko som høyrte til den tida, skepsisen mot Ten Sing-rørsla, for eksempel, og sjølvsagt også den tidas stridsspørsmål: langt eller kort hår, fjernsynet, det å gå på teater og kino. Alle desse tinga var utdefinert som noko som ikkje var mogleg å foreina med å vera ein sann kristen. Og viss ein likevel såg noko i det, vart det definert som at du ikkje hadde det godt med di eiga tru. Det vart sett på som eit sjukdomsteikn i truslivet ditt. Som støtte i eit komplisert liv kan jo det verka ganske godt, men det fungerer berre så lenge du er innanfor den boksen. Viss du tar nokre skritt utanfor boksen, verkar det ekskluderande.

Korleis reagerte familien på at du braut ut?

– Det såg dei mørkt på. Begge besteforeldra mine på farssida døydde før eg blei fødd. Så hadde eg ei mormor på Nordmøre som eg ikkje hadde den type kontakt med, som døydde då eg var 10-12 år. Men foreldra mine såg mørkt på det, for vi vaks jo opp i det svimlande perspektivet at våre små liv var ein del av ei rett linje som starta med skapinga og enda med det evige livet. Og viss ein tar det perspektivet på alvor, er det klart at det å oppleva eit brot med denne rettlinja aksen, skaper sorg.

Heile intervjuet vil bli publisert på sambåndet.no seinare i år.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.