Friskolane ventar på meir likebehandling

Friskole-Noreg håpar på meir likebehandling med den offentlege skolen.

Det fekk representantar for Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomite høyre då dei gjesta Kristne Friskolers Forbunds årlege skoleleiarkonferanse på Gardermoen nyleg. Alle partia var inviterte, men berre Høgre, Frp og KrF møtte med representantar. Konferansen samlar skoleleiarar ved kristne friskolar frå heile landet.

Ny friskolelov blei vedtatt av Stortinget i vår. Friskolane etterlyser verknader av den nye lova i form av løyvingar over statsbudsjettet, men det kjem etter kvart, lova regjeringspartia sine representantar.

Henrik Asheim (H) påpeikte at statsbudsjettet i praksis langt på veg var ferdig utarbeidd då den nye lova blei vedtatt i vår. Han forstod utolmodet hos friskolane, men roa forsamlinga med at regjeringspartia og støttepartia sine representantar ville «hengje på» kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen for at komiteens merknader i samband med den nye lova skal omsetjast i praksis.

Friskolane har lenge meint at husleigekostnader når det gjeld skolebygningar også må reknast med i tilskotsgrunnlaget. Utan at han sa det direkte, kunne KrFs Anders Tyvand oppfattast slik at hans parti vil foreslå meir pengar til friskolane i sitt alternative budsjettforslag.

Sentrum-høgre-forlik

KrF inngjekk i si tid et breitt forlik med dei dåverande raud-grøne regjeringspartia om friskolane. Partiet har no inngått eit nytt forlik med dei noverande regjeringspartia. Den nye lova blei meir moderat enn det regjeringspartia opphavleg la opp til.

-Vi er veldig nøgde med det nye forliket, og det var viktig for KrF å trekkje regjeringspartia inn mot sentrum i denne saka, og få til eit nytt, breitt forlik, sa Tyvand.

Bente Thorsen (Frp) var tilfreds med at den nye lova gjer det noko enklare å starte nye friskolar, sjølv om Frp og Høgre eigentleg ønskte at det skulle bli meir fritt fram å starte nye skolar. Ho meiner sunn konkurranse mellom offentlege og private skolar om å ha det beste tilbodet kjem elevane til gode.

Integrering

Frå friskolane si side blei det gitt uttrykk for at dei er budde til å ta sin del av arbeidet med å integrere flyktningane som no kjem til landet. Fleire skoleleiarar påpeikte at dei pengane som kommunane får frå staten til dette formålet, ikkje kjem friskolane sin innsats til gode.

Anders Tyvand tilrådde skolane å ha ein god dialog med vertskommunane om dette.

– Det er rimeleg at også de får tilført ekstra ressursar for å bidra til integrering av flyktningane i det norske samfunnet, sa han.

Likebehandling

Eit mangeårig ankepunkt frå friskolane er praktiseringa av den såkalla 20-dagars-regelen, som gjer at skolane mister tilskotet til eleven dersom han eller ho har fråvær på meir enn 20 dagar, og dette ikkje skuldast til dømes kronisk sjukdom. Friskolane klagar over at denne regelen i praksis blir praktisert strengare overfor friskolar enn overfor offentleg skole.

Henrik Asheim (H) viste til at ein samla komité i Stortinget no vil ha endringar i 20-dagars-regelen.

Taktskifte

Stortingspolitikarane forstod at friskolane synest det tar lang tid å få omsett lovnader i praksis. Henrik Asheim minna forsamlinga om at SV-landsmøtet for få år sidan vedtok å arbeide for eit forbod mot religiøse friskolar.

-Eg skjønar at de er utolmodige. Men det har likevel skjedd eit taktskifte etter regjeringsskiftet i 2013. Og alternativet hadde vore mykje verre, meinte han. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.