Vil opna folks auge om kristne minoritetar
Eit møte med ei heilt spesiell kvinne i Damaskus skulle forandre forfattaren og redaktøren for alltid.
– Sjølv etter årelang research forstod ikkje eingong forfattaren at boka skulle bli så aktuell som den er blitt no, sa Morten Dahle Stærk til dei frammøtte på frukostmøtet då Lunde Forlag denne veka lanserte boka «Flukten fra Syria og Irak», skriven av Dagen-redaktør Kari Fure.
Ei dramatisk utvikling i Midtausten og hundretusenvis på flukt gjennom Europa gjer lanseringa av boka «Flukten fra Syria og Irak» langt meir aktuell enn venta.
– Vi treng denne boka fordi vi treng å lytte og forstå meir enn det nettavisene viser oss, sa Stærk.
I boka, som har undertittelen «Bli med inn i eit av vår tids store drama», trekkjer Fure dei lange linjene og går djupare inn på korleis dei religiøse motsetningane i Syria og Irak har blitt så store.
Augeopnar
– Då eg begynte på denne boka, hadde eg inga aning om at det skulle bli så aktuelt og nært, seier Kari Fure til KPK.
Fure går heilt tilbake til folkemordet i Tyrkia for hundre år sidan og fram til i dag, kor tyngdepunktet har flytta seg, og IS er den største trusselen.
– Eg håper boka kan vere ein augeopnar for folk, slik at dei forstår kva både kristne og andre minoritetar i Syria og Irak opplever. Korleis liva blir snudde opp ned, familiar blir splitta og menneske blir drivne på flukt. I augo mine er desse menneska heltar, seier ho.
Spesielt møte
Fure har møtt mange menneske som står midt i dramaet. Eit møte med ei heilt spesiell kvinne i Damaskus skulle forandre forfattaren for alltid.
– Eg gjesta områda som journalist for Dagen i 2007, og i Damaskus møtte eg blant anna ei kvinne som eg i boka kallar «Sara». Eg innsåg at vi var ganske like. Vi var på same alder, hadde begge fire barn, og ho hadde på seg ein bluse som likna på ein av mine, fortel ho.
Men trass i mange likskapar var «Saras» lagnad ein heilt annan.
– Mannen hennar var blitt kidnappa, og ho hadde selt absolutt alt ho åtte for å betale løysepengar. Likevel blei han drepen. Sjølv fekk ho det same valet som mange andre: «Konverter eller døy!» Det gjorde hardt inntrykk på meg, for der eg hadde eit raudt pass i baklomma og kunne dra tilbake til både mann og tryggleik, stod ho igjen på bar bakke.
– Trusstyrkjande
Eit bokprosjekt var aldri i tankane. Den tanken dukka opp fyrst i fjor. I ettertid trur ho det blei ein styrke at prosjektet voks seg til undervegs.
– Det blir noko anna når eg har følgt det over såpass lang tid. Eg drog tilbake i 2009 for å lære meir og skrive meir. Sidan har dei blitt mange turar. Hadde eg hatt mål om å skrive ei bok, hadde eg neppe hatt like god tid, seier Fure.
Ho fortel at å skrive boka har vore til stor inspirasjon for henne personleg. Særleg trekkjer ho fram svaret ho fekk då ho spurte folk i kyrkjene kva som dreiv dei og gav dei mot til å bli igjen i områda. Det var den kristne nestekjærleiken.
– Det var veldig trusstyrkjande for meg å sjå korleis trua deira gav dei inspirasjon til å gå inn i det. Menneskeleg sett vil det vere naturleg å pakke saman og dra så fort råd er, seier ho.
– Viktig bok
Bibelmisjonsleiar i Bibelselskapet, Bernt Greger Olsen, deltok på frukostmøtet.
– Eg er ikkje sikker på at vennene mine i Syria hadde likt denne boka. Dei liker ikkje at vi snakkar om dei kristne. «Vi er alle syrarar», seier dei. Men eg har bladd i boka, og den er både viktig og aktuell, sa han.
– Eg stod i Domkyrkja for tre år sidan og stilte spørsmålet: Kva skjer med flyktningane i desse landa? Kven har plass til millionar av forfølgde flyktningar? Eg hadde aldri trutt at situasjonen skulle bli verre. Det er den. Derfor treng vi boka, sa han.
Også leier av Tankesmien Skaperkraft, Filip Rygg, deltok.
– Eg las den i natt, men blei likevel ikkje trøytt. Dette er ei viktig bok, som eg håper får merksemd og gjennomslag, sa han. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!