Barnevakten ser behov før skulestart
Medieinnhald retta mot stadige yngre brukarar byr på nye utfordringar, meiner foreldreorganisasjonen.
Barnevakten har utvikla eigne temakveldar for foreldre og barnehagetilsette. Fram til no har organisasjonen primært jobba mot grunnskulen, men ser no nytteverdien av rettleiing allereie før skulestart.
– Vi har i mange år vore mest i grunnskulen, men utviklinga har gått i retning av fleire skjermar tettare på kroppen også for dei yngste, med tilhøyrande mykje innhald utvikla for dei under skulealder, seier fungerande dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.
Organisasjonen trur at mange småbarnsforeldre finn det vanskeleg å halde oversikt over alle moglegheitene og finne det beste innhaldet for barna sine.
– Barn i barnehagealder kan ha stor nytte og mykje glede av å bruke skjermar, men samtidig er det nokre utfordringar som vi foreldre kan kjenne på, seier Vik.
Derfor tilbyr dei no eigne temakveldar for foreldre og kurs på dagtid for barnehagetilsette. I samlingane blir det også lagt opp til tid til samtale og refleksjon for at foreldra skal få dele og drøfte sine eigne erfaringar med kvarandre.
– Barnevakten ønskjer å vere ein ressurs for foreldre frå barna er heilt små, og å leggje til rette for at barn veks opp i familiar der skjerminnhald og skjermtid gjer både enkeltpersonar og fellesskapet rikare. Barnevakten ønskjer at alle barn i Noreg skal bruke media på ein trygg og medviten måte. Då er barnehagane ein god stad å starte, seier Vik. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!