Vil gi hjelp til at tenåringar ikkje startar med alkohol
Korleis kan foreldre på ein god måte snakka med tenåringane sine om alkohol? Blå Kors lanserer no ein kampanje.
Den tverrkyrkjelege diakonale organisasjonen Blå Kors sender i desse dagar ut 100.000 brosjyrar til tenåringsforeldre i åtte fylke. Brosjyren er foreldreguiden «Du er viktigast!», som gir argument, fakta og hjelp til å snakke med ungdom om alkohol. Indremisjonsforbundet er ein av 25 medlemsorganisasjonar i Blå Kors.
– Foreldre er kjempeviktige, for vi er «bakkemannskap» for tenåringane våre. Vi skal ikkje synast, men vere trygt til stades i liva deira.
Dette seier Christina Søgård i ein kommentar. Ho er generalsekretær i organisasjonen Ungdom og Fritid. Det er ein barne- og ungdomsorganisasjon for brukarar, tilsette og frivillige i kommunalt støtta fritidsklubbar, ungdomshus og liknande opne møteplassar.
Søgård seier til blakors.no at ho synest foreldreguiden er ein god idé. Ho har sjølv ein gut på 10 år og ei jente på 19. Med eitt barn på veg inn i tenåra og eitt på veg ut, er ho tett på ungdomslivet heime og på jobb.
Midt i tenåra
Dei aller fleste ungdomar begynner å eksperimentere med alkohol i midten av tenåra. Blå Kors foreldreguide gir tips om korleis foreldre kan snakke med barna sine om dette.
Ei befolkningsundersøking gjort av Ipsos/MMI på oppdrag frå Blå Kors sumaren 2016 viste at éin av tre foreldre gav uttrykk for at dei er usikre på kva som er riktig å gjere når det gjeld tenåringar og alkohol. Dei mest usikre er foreldre mellom 30 og 39 år.
I denne gruppa gav 40 prosent uttrykk for at dei er usikre. Søgård tenkjer at dette kan kome av at vaksne kan ha dårleg samvit fordi dei kanskje drikk litt for mykje sjølv.
Å teikne seg som personar
– Det er i tenåra mennesket begynner å teikne seg som personar. Det er no dei blir synlege og tydelege som noko eige. Å kunne følgje med her er noko av det beste ved det å ha tenåringsbarn, seier Christina Søgård.
Foreldreguiden er utvikla av Blå Kors i samarbeid med alkovett-organisasjonen Av-og-til og baserer seg på nettstaden www.kjipeforeldre.no.
I løpet av 2017 sender Blå Kors ut til saman 300.000 foreldreguidar til tenåringsforeldre i heile landet. Fyrste opplag på 100.000 blir ut sendt i desse dagane til åtte utvalde fylke: Oslo, Østfold, Vestfold, Nordland, Vest-Agder, Aust-Agder, Sør-Trøndelag og Buskerud. Utgivinga av guiden er støtta av Helsedirektoratet. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!