KVARTETT: Song under eit årsmøte i Øystese. Frå v. Rolf Onarheim, generalsekretær i "Vestlandske" frå 1975-79, Rasmus Rydland, Geir Vik, Rasmus Fitjar og Lars Vik. Foto: Privat

Frå: Lars K. Vik. Til: Rasmus Rydland

«Sender vedlagt notene til denne julesongen som eg skreiv til min gode venn Rasmus Rydland i 1969. Han likte den godt og song den ofte.»

Slik står det i eit brev stila til Sambåndet-redaksjonen. Avsendar er Lars K. Vik (85), som har skrive både tekst og melodi til «Julesong».

Mange vil hugsa at desse to karane ikkje berre var del av Fitjarkvartetten, men òg med på å skipa song- og musikkgruppa som var kjend over store deler av landet. Dei to andre medlemmene var Rasmus Fitjar og bror til Lars, Geir Vik.

Torsdag 16. november var det stor Song- og musikkveld i Fitjar bedehus, og då skulle det mimrast om kvartetten, kan lokalavisa Fitjarposten fortelja. Vokalisten i kvartetten, Rasmus Rydland, døydde brått av blodpropp i 1987, berre 49 år gammal. Seinare starta dei tre andre opp igjen under namnet Fitjarbrørne. Kjell Haukefær, Trygve Eiken og Johnny Aase slutta seg til.

Ifølge ei anna lokalavis, Sunnhordland, vart Lars K. Vik kristen i 1965, og i 1969 kom dei første kristne songane med tekst og melodi frå Vik si hand. «Julesong» (som du finn notene til under vignetten Postkassen i desembernummeret av Sambåndet) var ein av desse første. Den aller første var ein annan julesong, «Det tindra ei stjerne».

Lars K. Vik skreiv over 50 songar og melodiar i løpet av dei 20 aktive åra til Fitjarkvartetten. Totalt har han skrive 96 songar. «Ingenting er for vanskeleg for Gud» frå 1972 er heilt klart den mest brukte.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.