PEKER PÅ JESUS: Selv om hun også er glad i fortellingene fra Det gamle testamentet, er Kari Berg mest opptatt av at barna skal få lære å kjenne Jesus og bli glad i ham. 70-åringen har forkynt for barn siden hun selv var tenåring. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Har fortalt barn om Jesus i snart 60 år

Kari Berg (70) synest det er skremmande å sjå at barnearbeidet forsvinn i mange kyrkjelydar. – Det er det viktigaste arbeidet ein kyrkjelyd gjer, seier ho.

Då Kari Berg var 8 år gammal, forstod ho kvifor Jesus døydde på krossen. Då bestemte ho seg for å følgja Jesus. 62 år seinare brenn Kari framleis for at barn skal få oppleva det same som henne, og at ein ikkje må tru borna er for små til å forstå.

– Dei fleste som vel Jesus, gjer det før dei er 18 år, og blant dei er dei fleste under 12. Slagordet mitt er at det er betre å byggja barn enn å reparera vaksne. Det levande gudsordet vi legg i hjartet på borna, vert aldri borte, seier 70-åringen.
Berg, som saman med mannen Jan er pastor i Pinseforsamlinga Betania i Rakkestad, voks opp i Filadelfia-forsamlinga i Oslo. Då ho var 13 år, vart ho spurt om å leia sundagsskulen for dei minste der.

– Det var skummelt. Det var jo ikkje berre borna som høyrde på forkynninga mi, men òg mødrene deira. Men dei vaksne i Filadelfia såg meg, og det er viktig.

Sidan den gongen har engasjementet for barn vore sterkt og brennande hos Kari. Allereie som 16-åring var ho med eit team og reiste rundt i Noreg og forkynte i forsamlingar. Den unge jenta passa alltid på å òg få til eit opplegg for borna dei åra ho var ute og evangeliserte.

– Eg trur eg har fått eit spesielt kall for borna. Den gongen var det meir ubevisst, men det har alltid vore der. Det er ikkje noko som er så flott som å få lov å halda ei andakt for ungar, seier Kari.

Stort ansvar
I barneklubben på fredagar i Betania i Østfold-bygda Rakkestad kjem det vanlegvis over 50 barn, og over 90 barn er registrerte.

– Det er eit stort ansvar. Borna sluker jo alt du seier. Eg er veldig medvite på kva eg seier og korleis eg gjer ting for borna, seier Kari.

Ho vel til dømes å aldri ha «ettermøter» der borna kan velja å koma fram viss dei vil bli frelste.

– Viss eg trykte på dei rette knappane, er eg er sikker på at eg kunne kome heim og sagt at alle borna kom fram og vart frelst . Men eg vil heller byggja eit trygt kristenliv, slik at borna lærer Jesus å kjenna og får ei tryggheit i trua si.

Kari er oppteken av at borna skal få oppleva det å følgja Jesus som eit eige val som ikkje vert treknt ned over hovudet på dei.

– Ein må leggja fram dette med Gud og Jesus på ein måte som gjer at det vert positivt og ikkje tvinga.

– Skremmande endringar
Kari synest det er trist og skremmande å sjå at barnearbeidet forsvinn i mange kyrkjelydar.

– Før kunne vi ha opplegg for barn gjerne tre gonger i veka. No har mange berre sundagsskule for borna til dei som går i gudstenesta. På ein kvardagsaktivitet, som barneklubben vår, kjem nesten alle borna frå heimar der foreldra ikkje går i kyrkje eller på bedehus, seier pastoren.

Ho meiner kyrkjelydane har eit endå større ansvar når borna ikkje lenger lærer like mykje om kristendomen på skulen.

– Kyrkjelydane og bedehusa har større ansvar no for å gje evangeliet til borna enn dei nokon gong har hatt før. Di verre seier mange at dei ikkje har kapasitet til å driva barnearbeid. Det er ei sorg, seier Kari.

Krev eldsjeler

KAPASITET: – Det må vera nokon som brenn for dette. Røynsla mi er at arbeid som vert starta utan eldsjeler, ikkje varer så lenge. Foto: Ingunn Marie Ruud

Kari Berg reiser ofte rundt til andre pinseforsamlingar landet over for å hjelpa dei å setja i gang barneaktivitetar.

– Det første ein må gjera, er å sjå kva for behov som finst i vår bygd og kva for barn vi kan nå, seier ho.

Pastoren seier at ein òg må vita kva slags kapasitet ein har i forsamlingane.

– Det må vera nokon som brenn for dette. Røynsla mi er at arbeid som vert starta utan eldsjeler, ikkje varer så lenge.

Ho ser mange kyrkjelydar som slit fordi dei ikkje har nokon yngre som kan driva barnearbeidet.

– Feilen ligg ofte fleire år tilbake – at ein ikkje har bygd opp eit arbeid over tid. Plutseleg er heile gjengen over 70 år og ser at forsamlinga er i ferd med å gå til grunne.

Sjølv om ho no har fylt 70, er ikkje Kari Berg klår for å gje seg med det første.

– Det klarer eg ikkje. Det driv sånn i hjarta mitt. Men eg prioriterer vekk andre ting og passar på at eg òg har med meg yngre folk som kan ta over oppgåver etter kvart, seier ho. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.