ROS: Berit Thorbjørnsrud rosar forfattarane av «Global kristendom», her representert ved Vebjørn Horsfjord. Foto: Stein Gudvangen.

‘- Kven avgjer om du er kristen?

Er til dømes saudiarar som har konvertert til kristendomen i løyndom, kristne, spør professor Berit Thorbjønrsrud.

Boka «Global kristendom. En samtidshistorie» vart nyleg presentert på Teologisk fakultet på Blindern i Oslo. I ei tid då svært mykje handlar om islam, finn fire forfattarar grunn til å minna om at kristendomen enno er den største religionen i verda.

Medan religionsdebatt ofte er det same som islamdebatt, kan det vera grunn til å minna om kristendomen sitt mangfald og verdsvide posisjon og påverknadskraft, meiner forfattarane Vebjørn Horsfjord, Sven Thore Kloster, Gina Lende og Ole Jakob Løland.

Boka deira vert gjeve ut med det spenstige siktemål å presentera verdskristendomen på ein måte som er forståeleg for studentar, elevar på vidaregåande skular og andre interesserte som – i motsetnad til forfattarane – ikkje naudsynlegvis ber på tung teologisk ballast.

Fleire typar kristendom?

Berit Thorbjørnsrud er professor i Midtøsten-studiar ved Universitetet i Oslo og har eit ikkje-teologisk blikk på trusfeltet. Ho meiner boka bør fengja hos folk utan vesentleg teologisk innsikt. Ho vert begeistra av boka, men ikkje utan å koma med innspel. Blant anna problematiserer ho at forfattarane definerer alle som kallar seg kristne, som kristne.

– Eg skjønner valet, men sidan det er så mange ulike trendar innanfor kristendomen, meiner eg dykk slepp dette litt for lett, seier professoren og peikar på to motstridande trekk: Mange kristne legg lita vekt på eigen og andre si konfesjonelle tilhøyrsle og deltek enkelt i tverrkyrkjelege og brubyggjande samtalar. Samstundes reknar nokon trusretningar berre seg sjølv som kristne, ofte basert på små teologiske skilnader.

Seniorforskar Henrik Syse brukte den amerikanske visepresidenten som døme på at mange kristne ikkje heilt klarer å plassera seg sjølv i eit bestemt kyrkjesamfunn. Mike Pence er fødd katolikk, men kontakten med eit karismatisk miljø gjorde at han no kallar seg evangelikal katolikk.

– Og mange er ikkje heilt klår over kva dei er, metodist, baptist eller pinsevenn. Eg møter til og med prestar som ikkje veit heilt. «Ja, kva er eg eigenleg?», seier Syse

Digital misjon

Det skjer truleg mange kristne omvendingar gjennom digitale kanalar i Midtausten.

– Nokre oppgjer store tal over saudiarar som har konvertert til kristendomen i løyndom, seier Berit Thorbjørnsrud og held fram:

– Men vi veit ikkje kor mange som har omvendt seg åleine etter preiker dei har høyrt på nettet. Dei har ikkje kontakt med andre kristne og er ikkje døypt. Er du kristen når du sit for deg sjølv og trur i all løyndom? Og kven er det som avgjer dette, dei kristne sjølv eller fagpersonar, spør ho.

– Eg ynskjer meg ein diskusjon om vi skal omtala alt som skjer som éin kristendom eller om vi skal snakka om det som fleire typar kristendom. For biletet er så utruleg variert, seier ho.

– Eg meiner det er fruktbart å snakka om fleire typar kristendom og korleis vi skal handtera dei mange variasjonane, seier ho til Kristeleg Pressekontor.

Ho rosar forfattarane for ein «absolutt fantastisk innsats».

– Dei klarer å gje ei så levande innføring i den enorme variasjonen som finst innanfor kristendomen globalt.

– Kunne du rådd til boka til ein som er religiøst blank?

– Ja, for her er det ikkje eit spørsmål om sjølv å vera religiøs, men om å gje eit innblikk i vår samtidshistorie. Dei freistar å samla trådane frå alle områda i verda, og resultatet er imponerande, seier Thorbjørnsrud.

Ho meiner boka er eineståande for det nordiske språkområdet, kanskje òg for Europa.

– Eg har ikkje sett noko liknande nokon stad der ute, seier ho.

Først med slik bok

Ein av dei fire forfattarane, Vebjørn Horsfjord, er teolog og førsteamanuensis ved Høgskulen i Innlandet. Etter eit par års arbeid er han godt nøgd med resultatet.

– Har det vore eit tomrom som denne boka no fyller?

– Ja. Tidlegare presentasjonar av kristendomen har vore ei form for konfesjonskunnskap med ei teologisk tilnærming slik at ulike endringsprosessar ikkje er fanga opp. Det vi har skrive, har ikkje vore presentert mellom to permar før, seier Horsfjord.

Heller ikkje han kjenner til tilsvarande framstillingar i Skandinavia.

Regional inndeling

– Kristendom spelar ei større rolle i delar av verda enn mange trur. Og det er eit ekstremt misforhold i den offentlege religionsdebatten mellom den plassen islam får, og den kristendomen får. Islam vert brukt som døme på tilbakekomsten til religionane, men kristendomen er enno den største religionen i verda, seier Horsfjord.

Hovudgrepet til forfattarane har vore å dela inn verda regionalt, for så å la store land i kvar verdsdel stå fram som døme på korleis stillinga til kristendomen er i regionen. Han minner samstundes om at det er variasjonar frå land til land i regionane, så dei som les boka, må ikkje trekkja for vidtrekkande konklusjonar basert på dei utvalde landa.

Eit anna viktig grep er den tematiske inndelinga. Ein tek for seg framvoksteren av pinse-karismatiske retningar over det meste av verda, men skildrar òg det globale nærværet til den katolske kyrkja. Dette er dei to tydelegaste retningane som veks og er store i verda, samstundes som dei dels glir over i kvarandre sidan det òg er ei stor karismatiske rørsle i Den katolske kyrkje.

  – Vi har med vilje ikkje vore teologiske, for vi ynskjer å vekka interesse blant folk som er opptekne av å forstå rolla til religionen i samfunnet utan å vera spesielt interessert i teologi, seier Vebjørn Horsfjord til KPK. KPK

stein@kpk.no

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen. I oktobernummeret av Sambåndet som kjem denne veka, kan du mellom andre møta to som driv kristen radiomisjon i Midtausten

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.