VIL ENGASJERE UNGE: Himalpartner ønsker gjennom Giving Tuesday å engasjere flere unge givere. – Når ungdom starter en innsamlingsaksjon, er de helt rå, sier informasjons- og innsamlingsleder i Himalpartner, Line Konstali. Arkivfoto: KPK
Nyttar kjøpefest til å nå nye givarar
Du har garantert høyrd om Black Friday, men kanskje ikkje så mye om Giving Tuesday? Det kan endra seg i åra som kjem.
På Black Friday denne veka lokkar butikkar og kjøpesentera deg med ekstra gode tilbod så dei skal tena godt på at du brukar pengar på deg sjølv. Giving Tuesday er svaret frå eit nettverk av frivillige organisasjonar som jaktar givarar som vil tenkja like mykje på andre.
Nytt i Norge
I fjor var det første gong norske frivillige organisasjonar var med på Giving Tuesday, eit internasjonalt fenomen som har vakse mykje sidan starten i New York for sju år sidan. Blant dei 11 organisasjonane som deltok då, var Det Norske Misjonsselskap og Kirkens Nødhjelp.
I år er tre kristne organisasjonar til med på Giving Tuesday: Himalpartner, Misjonsalliansen og Normisjon. Datoen er 27. november – ikkje heilt tilfeldig fire dagar etter Black Friday.
Vil nå ungdom
Dei kristenorganisasjonane som er nye i år, vil både nå ut til og nytta seg av ungdomen, både gjennom arrangement og sosiale medier.
– Vi håpar at det vi vil gjera denne dagen, vil appellera til dei yngre givarane, primært unge vaksne som samlar seg på arrangement ulike stadar i landet, seier Line Konstali som er informasjons- og innsamlingsleder i Himalpartner.
Dei vil ha ulike såkalla events (arrangement) for å samla ungdom og vaksne om hovudtemaet sitt, mental helse. Dette har vist seg å slå godt an blant dei yngre.
– Kva har de igjen for å verta med på Giving Tuesday?
– Vi tenkjer at vi må melda oss på der kor dei unge er. Vi kan ikkje berre tenkja tradisjonelt og gå i gamle spor, men må treffa dei yngre og engasjera dei. Då er Giving Tuesday eit perfekt høve til å nå fleire enn dei som kjenner organisasjonen vår frå før, meiner Konstali.
Røynsla er dessutan at viss ein først når ungdomen, når ein òg generasjonane før dei.
Dette er analysen blant anna etter ein svært vellukka innsamling på misjonseigde Framnes vidaregåande skule i fjor der elevane samla inn over ein million kroner til eit av Himalpartners prosjekt.
– Heilt rå
Dei yngre har kanskje ikkje mest pengar, men dei kjenner mange som har meir enn dei.
– I fundraising fungerer dei eldre som givarar og dei yngre som innsamlarar. Ungdomen kontaktar foreldre, onklar og tantar og får dei til å gje. Dei er ein vanvitig ressurs.
– Framnes-kampanjen sist skuleår viser kva for gode kreftar ungdom kan setja i gang når vi berre ser det beste i dei. Når ungdom startar ein innsamlingsaksjon, er dei heilt rå, seier Konstali begeistra.
Ho meiner ungdomar har andre måtar å tenkja på, samla seg på, engasjera seg på og knytta til seg andre ungdomar på. Og så inspirerer dei foreldra og besteforeldre til å gje. Dei eldre har pengane og givargleda, ungdomane har engasjementet.
– Spennande
Òg Normisjon ser etter nye måtar å skaffa støtte på.
– Vi ynskjer å byggja opp ulike konsept og gjera dei kjent både blant dei givarane vi allereie har, og generelt i Norge, seier medie- og marknadssjef Ole Martin Rudstaden.
Han rosar Innsamlingsrådet for innsatsen deira og for at Normisjon får høve til å bruka det han kallar «eit spennande høve til å nå nye givargrupper». Middelet er ein allianse med ungdom som produserer filmar for videokanalen Youtube.
– Når vi jobbar saman med Youtubarar, når vi unge menneske på annan måte enn før, seier han.
Nepal
Dei er midt i prosessen med å plukka ut kven som skal verta med dei til Nepal der prosjektet er bygging og drift av eit sjukehus i Okhaldunga, like sør for Mount Everest. Han trur dette diakonale prosjektet har appell til menneske uavhengig av tru.
– Vi gøymer ikkje vekk at vi er ein kristen misjonsorganisasjon, og dei som vil, kan hengja seg på det vi gjer. Vi gler oss veldig til å vera med på dette og ser høve ut over det som skjer på akkurat denne dagen, 27. november, seier Rudstaden.
Han ser òg for seg at Giving Tuesday skal verta mykje meir kjent i åra som kjem. På den store givardagen i år vert det uansett stor merksemd på Youtube om eit sjukehus i åsane opp mot Himalaya. KPK
stein@kpk.no
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!