MER ÅPNE: Laget opplever at det er lettere å få til samtaler om tro med ikke-kristne studenter nå enn for få år siden. Her fra Skepsisuka på Universitetet i Oslo i høst. ARKIVFOTO: Stein Gudvangen, KPK
Unge vaksne meir opne for tru enn eldre
Ifølgje ein amerikansk studie er unge ikkje-kristne no meir interessert i kristendom enn eldre. Laget ser same tendens i Norge.
Ny forsking frå Barna Group viser at ikkje-kristne unge frå millenniumsgenerasjonen, det vil seia dei som er fødd mellom byrjinga av 1980-åra og midten av 90-talet, har større sannsyn for å vera interessert i åndelege spørsmål enn eldre ikkje-kristne.
I studien «Reviving Evangelism» seier nesten tre fjerdedelar av ikkje-kristne millennials at dei har hatt minst ein samtale om religiøs tru med ein nær venn eller familie det siste året. Blant eldre ikkje-kristne var det 52 prosent som sa det same.
Nesten to tredjedelar (64 prosent) hadde snakka om trua si med ein kristen, samanlikna med 44 prosent av eldre ikkje-kristne.
Millennials i USA hadde dobbelt så stor sannsyn for å uttrykka ei personleg interesse for kristendommen (26 prosent mot 16 prosent) og hadde meir kontakt med folk som går i ei kyrkje (35 prosent mot 19 prosent).
Same tendens i Noreg
I Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget) har generalsekretær Karl-Johan Kjøde og feltarbeidar Kjetil Spilde eit sterkt inntrykk av at situasjonen er den same i Norge.
– Vi merkar at det er ein mykje større openheit for det åndelege blant millennials enn blant dei eldre. Mange av dei yngre har ikkje høyrt så mykje om kristendommen før og synest det er spennande, medan den tidlegare generasjonen gjerne har hatt ei førestilling om at dei veit kva det går i, seier Kjøde.
Spilde fortel at når dei køyrer spørjeundersøkingar på skulane, får dei djupe samtalar om tru med studentane.
– For berre få år sidan var dette nesten umogleg, men no er det heilt uproblematisk å snakka om tru rundt kantineborda, seier han.
Meir erfaring med evangelisering
Barna-studien er basert på undersøkingar gjennomført i fjor med 992 vaksne som identifiserte seg som kristne og 1001 ikkje-kristne i USA. Gruppa med ikkje-kristne inneheldt både folk med ei anna religiøs tru enn kristendommen og dessutan ateistar og agnostikarar.
Barna forklarer at dei yngre ikkje-kristne har hatt meir personleg erfaring med alle slag evangelist-metodar enn dei eldre, mellom anna gjennom traktatar (45 prosent mot 26 prosent). Dei har òg med større sannsyn møtt evangelisering på gata (30 prosent mot 16 prosent).
Føretrekker personleg kontakt
Tala viser at dei yngre sin føretrekte måte å utforska trua på er gjennom personlege ein-til-ein møte med ein kristen (52 prosent), noko berre ein tredjedel (32 prosent) av eldre ikkje-kristne føretrekker.
Kjøde i Laget opplever at dette òg er tilfellet her til lands.
– Dette bør jo få noko å seia for måten vi snakkar med denne generasjonen på, seier han og fortel at det framleis er ein utprega institusjonell skepsis når det gjeld religion.
– Men den religiøse erfaringa er det meir openheit for, og at nokon har ei åndeleg erfaring gjer dei spennande og interessante.
Ikkje fornøgd
Andre funn viser at medan mange ikkje-kristne er opne for å snakka med sine kristne jamnaldrande om tru, er ikkje alle nøgd med samtalane dei har hatt.
Rett under to tredjedelar av ikkje-kristne og bortfalne kristne (62 prosent) sa at dei ønskte å snakka med ein praktiserande kristen som «lyttar utan å dømma», men bare ein tredjedel (34 prosent) sa at dei hadde opplevd dette.
Og medan halvparten sa at dei ønskte å diskutera tru med nokon som «ikkje tvingar fram ein konklusjon», sa berre ein fjerdedel (26 prosent) at dette hadde skjedd med dei kristne dei kjente. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!