IKON: Jostein Andreassen meiner det er klårt at framstillinga av Jesus i kyrkjekunsten – som dette ikonet frå St. Katarinaklosteret i Sinai – vart påverka av likkledet i Torino. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Guten frå Søgne og gåta om Jesu ansikt

Korleis såg eigentleg Jesus ut? Den pensjonerte læraren Jostein Andreassen meiner å vita kvar svaret kan vere å finne.

Andreassen har brukt år av livet sitt på å koma fram til svaret på gåta frå gutedagane.

I oppveksten merkte han seg korleis Jesus vart framstilt i kyrkjer og bedehus og på bilete i fromme norske heimar. Han spurde mor si korleis ein kunne vite at Jesus såg ut slik som i dåtidas kristne kunst, men noko klårt svar fekk han ikkje. Med åra er arbeidet med å finne svaret vorte litt av ein geskjeft for Jostein Andreassen.

Vart ikkje prest

70-åringen er kanskje ingen rikskjendis, men likevel kjend vidt omkring, og lokalt på Sørlandet må han kunne kallast ein markant kulturpersonlegdom. Som 18-åring tok han avgjerda om å vere kristen, og etter gymnas og folkehøgskule byrja han på teologistudiet på Menighetsfakultetet. Han ville bli prest. Etter tre år vart han så sjuk at han måtte slutte.

– Det var sjølvsagt skuffande, seier han til Kristelig Pressekontor og fortel at han likevel fekk med seg mykje viktig språkkunnskap. Tida han brukte på å lære latin, hebraisk og gresk, skulle seinare koma godt med.

Etter eit par år som anleggsarbeidar gjekk han laus på lærarutdanninga og fullførde den.

– Som lærar vart eg i staden prest på mitt eige vis, seier han med eit smil.

I mange år var han vaksenleiar i Laget og leiar i ei kristen ungdomsforeining i heimbygda Søgne der han har budd heile livet. Utanom lærarjobben har han vore predikant i alle år og dessutan skribent. Det har truleg vorte eit par tusen artiklar i avisene, særleg om trusforsvar.

– Dei som har skrive kritisk om kristen tru, har raskt fått meg på nakken, seier han.

Meir enn ein hobby

Andreassen bur i huset han bygde for mange år sidan i kanten av utmarka på heimgarden der han fekk tomt av mor si. Røtene i heimleg jord har han dyrka til fulle og markert seg sterkt som lokalhistorikar og sett seg grundig inn i ei rekke tilhøve på heimstaden.

Mellom anna har han kartlagt alle hekkande fuglar i Søgne, talt opp alle planter som veks der, skaffa oversikt over kvar øy, kvar holme og kvart skjer langs Søgne-kysten – dei er det forresten 1229 av, ifølgje Andreassen – og vandra og greidd ut om kvar tursti i bygda. Det har vorte ei mengd hefte, brosjyrer og ulike slag publikasjonar av det. Han har vore guide i Søgne gamle kyrkje sidan 1969. No skriv han bok om gudshuset frå rundt 1640.

Når nokon står fast i ein diskusjon om noko lokalt, er det Jostein Andreassen dei ringjer til. Det kan skje fleire gonger i veka, og oftast sit han med fasiten.

Likkledet

Det er likevel noko frå langt sørlegare breiddegrader han har vore mest oppteken av dei seinare åra. Du får eit hint om dette straks du kjem inn i stova hans. Der heng ein replika av likkledet i Torino. Dette har vorte den store lidenskapen hans, og for kort tid sidan gav han ut ei lita bok knytt til arbeidet med dette feltet: «Jesu ansikt – Hvordan så Jesus egentlig ut?»

Andreassen meiner nøkkelen til svaret ligg i likkledet som han har skrive fleire bøker om. I den siste forklarer han korleis det er mogeleg å freiste å finne ut korleis Jesus kan ha sett ut.

Andreassen peiker på at framstillinga av Jesus i kyrkjekunsten endra seg i heile Middelhavsområdet då likkledet – ifølgje mange – vart kjend så tidleg som i år 544. Han er overtydd om at framstillinga av Jesus bevisst vart lagt tett opp til biletet som trer fram på likkledet. Det verkar som dette vart eit mønster for kunstnarane.

– Dette syner at kristne kyrkjer godtok likkledet, meiner han og legg ut om mengder av detaljar i kledet som kan ein kan finne att i måleri og mosaikkar. Mellom dei er det aller første kjende ikonet som finst i eit kloster i Sinai-ørkenen.

AVTRYKK: Ein replika av likkledet i Torino, med eit bilde av ein død mannsperson, er noko av det første du oppdagar heime hjå Jostein Andreassen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

I den siste boka gjennomgår han framstillinga av Meisteren frå 200-talet fram til vår tid.

– Dette er den første boka i sitt slag i Norden, seier han og meiner det er viktig å få fram forteljinga om kledet i Noreg òg, ikkje berre i katolske Italia.

Han har sjølv reist mykje rundt for å oppsøke stader der Jesus er avbilda, og då kom språkstudia til nytte. Bileta i boka har han stort sett tatt sjølv, i Hellas, Tyrkia, Egypt, England, Tyskland, Italia, Spania og Frankrike. I 2010 fekk han sjå likkledet i katedralen i Torino. Det var ei stor oppleving for Andreassen og Oddvar Søvik som er medforfattar av fleire av bøkene. Dei to driv òg nettstaden torinokledet.no som dels står som utgjevar.

C14-metoden

Det er sådd tvil om kledet er autentisk, og i alle fall at det skal stamme frå Jesu tid. I 1988 la tre forskarar fram forskingsresultat etter C14-målinger der dei konkluderte med at kledet var ein forfalsking, og at det kunne daterast til mellom 1260 og 1390.

Andreassen er sterkt usamd med dei og underkjenner resultatet – forresten i likskap med 97 prosent av alle som har forska på kledet, ifølgje Andreassen.

– Underkjenner du C14-metoden som sådan?

– Nei, på ingen måte, men metodikken som er brukt i dette tilfellet, er feil, og det er ikkje snakk om fri forsking, meiner han. – Og viss kledet er ei forfalsking, må han som har gjort det, eventuelt vere ute 5-600 år før si eiga tid, seier Andreassen som meiner teknikkane og kunnskapen som må til, ikkje fanst på 1200- og 1300-talet.

– Men ateistane har fått det syltynne hårstrået å klynga seg til som dei treng, meiner han.

Styrker trua

– Men står og fell trua di med om likkledet er ekte eller falskt? Kva skjer med trua di viss det er falskt?

– Det har dei spurt meg om mange gonger, og svaret er: «Ingenting.» Mange som høyrer på meg og les bøkene, seier at historia om likkledet styrker trua deira. Somme kjem òg til kristen tru, seier Andreassen som i årevis har halde foredrag om det fascinerande tøystykket.

– Er det viktig å vita akkurat korleis Jesus såg ut?

– Nei, det er eigentleg ikkje viktig, men det er morosamt å vita kvifor vi har eit bestemt bilete av han og kvar ansiktet på bileta stammar frå.

– Er det forskaren i deg som har kasta seg inn i denne jakta?

– Ja, ja. Det er meir at eg er forveten enn at trua vert pirra i jakta mi på Jesu utsjånad. Eg har vore veldig aktiv og hatt masse arbeidskraft, og eg har hatt det artig i denne jakta. Dette er nok ein hobby, men vel så mykje eit livsprogram. Eg kjenner meg kalla til å drive med dette, og det eg kjenner meg mest kalla til, er å forsvare kristendomen på eitkvart vis. Det med likkledet i Torino kjem eg til å halde fram med, for det er svært gjevande, seier apologeten i Søgne. KPK

Les òg: Problemet med urtene.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.