Sjøholt folkehøgskule får 4,2 mill. i statsbudsjettet
– Ein stor dag for ImF, seier generalsekretær Erik Furnes. – No kan vi setje full fart med å signere avtalar, seier prosjektleiar Lars Johan Klokk
Planane for ny folkehøgskule på Sjøholt (tidlegare omtala som Ørskog folkehøgskule) har vore ein veg med mange krokete svingar. Sju søknadar måtte til før dei i fjor, på overtid, fekk innvilga 750 tusen kroner til planlegging av oppstart hausten 2020. Pengane kom etter budsjettforhandlingar med mellom anna KrF.
Då fleirtalsregjeringa, der KrF no er medlem, la fram sitt budsjettforslag i dag, var denne setniga å lese på side 154 av Kunnskapsdepartementet sitt 385 siders budsjett. «Sjøholt Folkehøgskole (tidlegare Ørskog Folkehøgskole) skal starte opp hausten 2020. Departementet foreslår å auke løyvinga til skulen med 4,2 mill. kroner som følge av det.»
Dette mikroskopiske utdraget av det totale busjettet er eit fundament for planane om ny folkehøgskule. Det betyr i praksis at oppstart hausten 2020 no kan bli reellt.
– Dette betyr full fart i arbeidet med å vere på plass hausten 2020. Vi kan no gå i gong med å signere avtalar om ombygging og anna tilrettelegging som til nå har stått litt på vent, seier prosjektleiar Lars Johan Klokk.
Summen på 4,2 millionar er noko lågare enn det ImF har lagt opp til i budsjettet – 4,9 millioner. Prosjektleiar Klokk har fått signal om at det skuldast meir budsjett-tekniske tilhøve enn reelle kutt i tilskot.
Denne delen av statsbudsjettet skal formelt vedtakast 6. desember. Det er likevel ingen grunn til å tru at denne posten i budsjettet vert vesentleg endra.
Sjøholt folkehøgskule er planlagt som ein skule med aldersgrense 16 år. Øvrige folkehøgskular har i dag 18-årsgrense.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!