RUIN: Den baptistiske hjelpeorganisasjonen Merath omtaler havneområdet i Beirut der eksplosjonen gikk av, som en apokalyptisk ruin og ber om forbønn. FOTO: Wikimedia Commons
Ber om forbønn for Beirut
Stefanusalliansens partnarar i Beirut ber om forbønn for alle som er ramma etter eksplosjonen i byen.
Tysdag 4. august var det ein stor eksplosjon i hamneområdet i Beirut i Libanon. Minst 100 menneske er drepne, hundrevis er sakna, og over 4000 er skadde.
President Michel Aoun seier ifølgje BBC World at årsaka til eksplosjonen var 2750 tonn ammoniumnitrat som var lagra usikkert i eit lager. Ammoniumnitrat blir mellom anna brukt som gjødsel i landbruket.
Store øydeleggingar
Den norske menneskerettsorganisasjonen Stefanusalliansen har fleire samarbeidspartnarar i Beirut som fortel om store øydeleggingar.
– Partnarane våre i Beirut ber om forbønn for offera og for byen, skriv organisasjonen på heimesidene sine.
Ein av dei er Nayla Tabbara som er ein muslimsk teolog i Adyan, ein organisasjon som arbeider for religiøst mangfald og like borgarrettar i Midtausten. Stefanusalliansen støtter dei, og dei omset mellom anna undervisningsopplegga deira om trusfridom til arabisk.
– Takk Gud at eg ikkje var heime, seier Tabbara. Leilegheita hennar fekk store øydeleggingar medan ho var ute og køyrde bil då det small.
– Eg såg skadde og øydelagde leilegheiter, og rundt meg så eg menneske som sprang gjennom gatene dekte med blod, seier ho.
Øydelagde kyrkjer
– Vêr så snill og be for oss og andre kyrkjer som òg lir etter eksplosjonane, seier Lily Malky Njeim i Resurrection Church til Stefanusalliansen.
Baptistforsamlinga Resurrection Church Beirut melder at ingen er skadd, men at dei har fått skadar på bygningar i alle campusane sine – Nabaa, Sabtieh og Baabda. Forsamlinga driv eit utstrekt hjelpearbeid for syriske og irakiske flyktningar – med undervisning, helsehjelp og matvarehjelp.
Fleire i forsamlinga har òg fått store skader på heimane sine.
Stefanusalliansen støttar eit prosjekt der forsamlinga gir skulehjelp til syriske og irakisk flyktningbarn.
Resurrection Church sette umiddelbart i gang ei innsamling for å hjelpa folk med å bygga opp igjen øydelagde heimar etter denne siste katastrofen.
«Apokalyptisk ruin»
Eksplosjonen skjedde i ein by og eit land som allereie var kriseramma.
– Denne ulykka kunne ikkje ha komme på eit verre tidspunkt for eit land på randa av økonomisk kollaps og sosial samanbryting, medan talet på koronavirus-tilfelle har auka dei siste dagane, skriv den baptistiske hjelpeorganisasjonen Merath, som Stefanusalliansen støtter i eit prosjekt for krigsramma barn i Syria.
Merath melder i eit brev om forbønn at eksplosjonen har gjort ein viktig del av Beirut om til ein apokalyptisk ruin.
– Beirut ser ut som ei krigssone etter at sjokkbølgja knuste vindauge og bygningar og sende glasbitar og vrakgods i alle retningar. Sjukehusa klarer ikkje å takla talet på skadde og lemlesta, medan Røde Kors treng desperat nye blodgivarar.
Organisasjonen ber om forbønn for dei som har mista sine kjære og sine heim, for helsepersonell og redningsmannskap, for dei som har ansvar for å handtera katastrofen, for kyrkja og Guds folk. Organisasjonen ber òg om spesifikk forbønn for Beirut Baptistskole og Gateway Bookshop, som fekk viktige materielle skadar og for personalet som har vorte skadd av ei knust glasrute. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!