EVANGELISERINGSBOK: – Det er mitt ynskje at desse historiene kan nå ut til folk som ikkje er vane med å vitje kyrkjer og bedehus, seier forfattar Ove Eikje om den ferske boka si, Da Gud grep inn, som alt vert trykt i nytt opplag. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Fortel i ny bok 18 historier om omvending

Ein møtte ein lysande skikkelse på eit fly. Ein leste seg til tru i ei andaktsbok. Ein annan fann Jesus gjennom eit nytestamente. Ove Eikje har skrive om dei alle i den nye boka si.

Eikje (63) er nokså fersk pensjonist, men har vore journalist i mange år, mellom anna i avisa Dagen og i Kristelig Pressekontor. Han har også gitt ut fleire bøker. Den siste er hovudsakleg  basert på intervju som har stått på trykk i Dagen gjennom åra, men som er noko omarbeidd for boka. Eit par intervju er heilt nye.

Tidligare har Eikje skrive om kristne idrettsutøvarar i bøkene Mer enn gull – som selde i  7000 eksemplar – og Mer enn mål. Denne gongen har han samla 18 personlege historier der folk fortel korleis dei kom fram til kristen tru. Boka har fått namnet Da Gud grep inn og er akkurat kome ut. Opplaget på 1000 bøker er alt distribuert til kristne bokhandlarar, og eit nytt opplag på 1000 bøker vert no trykt.

Lysande skikkelse

Boka vert innleia med ei spektakulær forteljing. Anita Evjen var erklært ateist og sat på flyet på veg heim frå ferie i Thailand då noko underleg hende. Ho sat og las då ho heilt uventa såg ei rørsle i sidesynet.

  – Eg såg opp, og der stod det ein lysande skikkelse. Det var ei fjetrande oppleving som tok heile mi merksemd. Skapnaden var i menneskeform, men bestod kun av lys. To auge strålte imot meg. Dei var fulle av vensemd og glede, og eg fekk kjensla av at dei kjende meg tvers igjennom, fortel Anita i boka.

  Ho tykte verda var ein spanande stad og interesserte seg for filosofi og psykologi, men sakna inga gudstru. Då ho såg den lysande skapnaden, tenkte ho at slik måtte kjærleiken sjå ut. Like etter var det som om skapnaden smelta inn i henne.

– Det kjendest som kvar celle i kroppen var fyld av kjærleik. Det var som å puste kjærleik. Tårene rann, og eg forsto ikkje kva som skjedde, fortel ho vidare i boka.

  Dette vart starten på ei sann søking etter Gud.

– Eg såg at den måten eg hadde levd på, skada hjartet mitt. Derfor forstod eg at her trengtest det ei heilomvending. Eg måtte skifte kurs, seier ho.

Bibelen var ho ukjent med, men nå dykka ho djupt ned i han. Ateisten var blitt truande.

Forandra i godstolen

Starten på Tom Dervola Oseberg si trusreise var mindre oppsiktsvekkjande. Han sat heime i stova og las i andaktsboka Daglig brød av Carl Fredrik Wisløff. Det førte til endring.

– Livet mitt vart totalt forandra, og eg vart frelst medan eg sat i godstolen, fortel han.

Etter ein kristen oppvekst kom han bort frå Gud i tenåra, men nokre kristne vener ga han ein stabel med andaktsbøker, og han gjekk noko motviljug i gang med å lese den minste av de, Wisløff si bok. Då han las at «Å tro er å komme til Jesus med sine synder», forsto Tom at det var tid for å vende om.

Han ringte då mor si og fortalde kva som hadde skjedd. Ho hadde bedt for han i mange år og vart overvelda. Tom har opplevt mykje sidan 2004 då dette skjedde, og han har mellom anna reist rundt som songevangelist med songar han har skrive sjølv.

Jesus mangla

Også Tor Espen Kristensen las seg til tru. Han er svært glad for det raude nytestamentet han fikk utdelt ein dag medan han gjekk i 8. klasse.

– Ein eldre mann frå Norsk Gideon kom til skulen og bar på ei øskje med nytestament. Alle elevane fekk kvart sitt testament, fortel han i boka.

Det skulle likevel gå fleire år før Tor Espen opna Gideon si lille raude. Fyrst då han vart student, kom han til å tenkje på nytestamentet i bokhylla heime. Nokre kristne medstudentar hadde fortalt ope om trua si, og Tor Espen vart nyfiken.

– Dette skapte ein tørst og ei interesse i meg om å få vite meir om kva kristendom var for noko, fortel han i Eikje si bok.

Tor Espen byrja å gå tidleg til sengs for å lese før han somna. Særleg var han oppteken av Bergpreika.

– Det var som om eg høyrde Jesus sjølv tale til meg. Eg opplevde at Jesus mangla i reknestykket mitt, seier matematikaren som gjennom den vidare bibellesinga si kom fram til ei avklart tru. Men det heile byrja altså med ei lita bok frå Gideon.

Evangeliseringsbok

Ove Eikje ser på den siste utgjevinga si som ei evangeliseringsbok. Han vonar dei 18 vitnesbyrda skal nå fram til nokre som er opne for den kristne bodskapen.

– Det er mitt ynskje at desse historiane kan nå ut til folk som ikkje er vane med å vitje kyrkjer og bedehus, dei møteframande. Derfor vonar eg denne vesle boka kan bli delt ut mellom slekt og vener og andre som folk vil nå med bodskapen om Jesus, seier Eikje til KPK.

– Eg har arbeidd som journalist mesteparten av mi tid som yrkesaktiv. Det som har gleda meg aller mest, er intervju med menneske som fortel om eit nytt liv etter at dei møtte Jesus og vart frelst. Det var ofte sterkt å høyre korleis Gud greip inn i livet deira og skapte eit nytt tilvere, seier Eikje.

Boka fortel at menneske kjem til tru i Norge også i vår tid, og Eikje voner det kan vere til oppmuntring for kristne når dei høyrer at mange framleis tek imot evangeliet. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.