OPNAR OPP: Israel opnar grensene for vaksinerte turistar i mai, men den kristne reiseaktøren Plussreiser ventar likevel til hausten før dei tar med nordmenn på tur til det heilage landet.
Frå mai opnar Israel for vaksinerte turistar
Frå 23. mai opnar Israel opp for gruppeturar med vaksinerte utlendingar. – Eit veldig godt signal, seier dagleg leiar i Plussreiser som likevel ikkje planlegg turar denne sommaren.
Vaksinerte turistar får lov til å reisa inn i Israel frå 23. mai. Det kunngjorde helse- og turistdepartementa i landet tysdag, ifølgje Jerusalem Post.
Turistane må gjennomgå ein PCR-test for koronavirus før dei går om bord på flyet, og ein ny PCR-test og ein serologisk test når dei kjem til Israel. PCR-testen indikerer om ein person ber viruset; den serologiske testen viser nærværet av antistoff i blodet.
I den første fasen er det berre personar som reiser i organiserte førehandsregistrerte grupper, som kan komma inn i landet, sidan dei blir vurdert til å vera lettare å følgja med på.
Framskyndar ikkje reiser frå Noreg
Den kristne norske turoperatøren Plussreiser har frå før planlagt fleire gruppeturar til Israel frå september og utover. Dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne seier til Kristelig Pressekontor at dei ikkje kjem til å framskynde sine reiser sjølv om Israel opnar opp i sommar.
– Vi er òg nøydde å halda oss til reiseråda frå norske UD og ønsker å sjekka at alt fungerer slik at vi veit at det er trygt for gjestene våre. Men vi ser på nyheitene frå Israel som eit veldig positivt signal, seier Halsne.
Vaksine
Ho er òg bekymra for at vaksinasjonen av nordmenn skal bli forseinka.
– No som Johnson & Johnson-vaksinen ikkje kjem som planlagt, trur eg det kan bli veldig forseinka, og det kan ligga dårlegare an for oss under 60, seier Halsne.
Halsne trur måten Israel har handtert pandemien og vaksinasjon av eiga befolkning på, vil vera eit ekstra salsargument for Plussreiser som arrangerer turar i kristen regi.
– Det skaper nok ekstra trygghet, særleg for dei eldre kundane våre. Eg trur òg våre Israels-gjester er førebudd på at det vil vera strenge reglar, seier ho.
Plussreiser ville i eit normalår hatt gruppereiser til Israel for rundt 3000 personar. Til hausten reknar Halsne med at 500-600 personar blir med på tur.
Anerkjenner ikkje vaksinasjonspass
For augneblinken anerkjenner Israel ikkje noko utanlandsk vaksinasjonspass, sjølv om myndigheitene er i forhandlingar med fleire land om saka. Alle som er vaksinert i utlandet, er framleis pålagt å gå i karantene til dei gjennomgår ein serologisk test. Kravet om ein serologisk test vil bli oppheva når desse avtalane er nådd, seier departementa.
Det israelske helsedepartementet undersøker om det skal opprettast eit raskt serologisk testsenter på Ben-Gurion lufthamn, sa ein representant frå departementet til Jerusalem Post førre veke.
Eit PCR-testanlegg er allereie i drift på flyplassen for å testa for alle som kjem reisande. Resultata er klare i løpet av 14 timar eller mindre. Tysdag sa regjeringa at anlegget ville bli utvida.
Trur reisevanar har endra seg
Aud Kindervåg Halsne fortel at Plussreiser det siste året har nytta seg av Innovasjon Norges omstillingsstøtte.
– Vi har skulert oss for eit annleis reiseliv. Vi trur ikkje det automatisk vil gå tilbake til slik det var før. Vi har nok endra oss både i reisevanar og levemåte, seier Halsne.
Plussreiser hadde før pandemien slo til eit budsjett på 103 millionar for 2020, med mange planlagde gruppereiser både til Israel, til Pasjonsspillet i Oberammergau og andre reisemål.
– Det såg ut til å bli tidenes år, men så enda det med at vi måtte refundera gjester for over 25 millionar, fortel Halsne.
Plussreiser fekk ein kompensasjonspakke på 2,3 millionar frå staten og har òg fått noko annan kompensasjon og noko kompensasjon for faste kostnader. Alle dei tilsette har vore heilt eller delvis permittert det siste året, og framleis er alle tilsette permitterte 50 prosent.
Fjoråret enda med 1 million i minus.
– Det er utruleg bra i høve til korleis det kunne gått. Vi tapte ein del på fly, som mange andre. Vi ser ikkje heilt mørkt på det, men det er veldig krevjande. Vi prøver å gjera det beste ut av ein vanskeleg situasjon, seier Aud Kindervåg Halsne. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!