UTBYGGING: Det er området nord-aust for Bibelskulen, sjå dei parkerte bilane, som er på tale. DRONEFOTO: TORMOD VINDENES

ImF vil byggja leilegheiter

ImF-styret seier ja til å setja i gong ein reguleringsprosess med sikte på vidareutvikling av resteigedomen ved Bildøy bibelskule.

– Eigedomen bør vere attraktiv for utbygging av terasseleilegheiter eller liknande som vender mot sør eller aust ut mot fjorden, seier generalsekretær Erik Furnes til Sambåndet.

Av saka til møtet i ImF-styret 11. september går det fram at generalsekretæren ved fleire høve har nemnd desse tankane. Furnes legg ikkje skjul på at det er aukte kostnadar til Sjøholt folkehøgskule som aktualiserer eigedomsutvikling på Søre Bildøy.

15 mål

ImF sit igjen med om lag 15 mål mellom personalbustadane til Bibelskulen og det som vart seld til noverande Øygarden kommune i 2016. I dag vert denne delen av eigedomen berre nytta til parkering, og det når Bibelskulen to–tre gonger i året har større arrangement.

– Så dette er stort sett død kapital, peikar Furnes på.

Til ImF-styret opplyser han òg at rektor ved Bibelskulen er orientert, og at han ikkje har innvendingar mot planane. Rektor Gunnar Ferstad stadfestar dette overfor Sambåndet, og han legg til:

– Me treng likevel å få behova våre for parkering tatt vare på. Her kan det tenkjast ulike kreative og gode løysingar på eigedomen sett under eitt.

Potensial

Odd Inge Austevoll er prosjektleiar for Helgatunlia i Voss.

– Han har sett på karta for vår eigendom på Bildøy og meiner det er stort potensial. Han vil i første omgang vera i kontakt med ressurspersonar i Bergens-området som kan hjelpe oss vidare, opplyser Furnes.

Fem år

Området er i dag regulert til «allmennyttige formål», og det er difor på det reine at det må omregulerast. Ved salet av nokre av personalbustadane tok denne prosessen rundt tre år.

– Sjølv om regjeringa lovar kortare tid for handtering av omregulering, må vi vere budd på at dette vil ta tid, og truleg vil det ta fem år før eit slikt leilegheitskompleks eventuelt kan stå ferdig. Det kan vere gunstig med tanke på at Sotra-sambandet då vil vere ferdig, og det vil vere enno meir attraktivt å bu i området, seier Erik Furnes.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.