ENDRING: – Det er ikkje lenger slik at det er den kristne samanhengen der ein går, som avgjer kva ein tenkjer og trur, seier førsteamanuensis Arne Helge Teigen. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

– Krevande å skulle vera Jesus på jorda

Uro over påverknad frå usunn karismatikk gjorde at Nordhordland indremisjon sette søkelys på dette på nyårsmøtet sitt.

– Det er på lokalplanet desse tinga kjem opp, seier Ole-Jørgen Storsæter i Nordhordland Indremisjon til Sambåndet.

På det digitale nyårsmøtet som kretsen arrangerte 7.–9. januar, var fredagskvelden sett av til seminar med førsteamanuensis Arne Helge Teigen ved Fjellhaug internasjonale høgskole. Teigen hadde tema om New Apostolic Reformation (Nar), på norsk «Den ny-apostoliske reformasjonen». Sambåndet skreiv utfyllande om dette i nr. 6/19 (kan kjøpast via denne lenka.

Storsæter peikar på at folk har ulik grad av kjennskap til kva Nar står for og kva påverknadskraft det har, og at det difor er nyttig å løfta det fram, særleg på lokalplanet.

Uroa

– Dersom det kjem slik påverknad, er det lokalt det dukkar opp. Særlig gjeld det i ungdomssamanheng, der det er meir flyt når det gjeld kvar ein går på møte, og også meir påverknad frå internett, seier Storsæter.

Den tidlegare kretsleiaren stadfestar at det er påverknad frå Nar lokalt i Nordhordland, utan at han ønskjer å gå i detalj.

– Det har vi i kretsen fått tilbakemelding på, og fleire er uroa. På lokalplanet er det mange ulike folk som kjem frå ulike stader, og som har ønskje om å invitera forkynnarar som klårt er påverka av Nar, seier Storsæter.

Ny side

På seminaret definerte Arne Helge Teigen Nar som ei sein-karismatisk rørsle, ikkje ein organisasjon. Ein trur at Gud i den siste tid vil gjenreisa den apostoliske og profetiske funksjonen innad i kyrkja (Ef 4,11). Det skal reisast opp personar som mottar openberringar frå Gud på lik line med apostlane og profetane i Bibelen. Det skal bli ein reformasjon som er mykje større enn den lutherske. Rørsla definerer seg som å vera over andre kyrkjesamfunn og skal invadera andre rørsler.

– Dei meiner å ha oppdaga ei ny side ved evangeliet. Det handlar om at Guds rike skal opprettast på jorda, seier Teigen.

Herredømme

Dette blir, ifølgje førsteamanuensen, definert på to måtar. Det er ei politisk side – kalla herredømmeteologi – som mellom anna ga seg utslag i profetiane om Donald Trump for nokre år sidan. Kristne skal påverka inn i samfunnet og oppretta Guds rike på jorda.

– Den andre sida er ei tenkning om korleis Gud i dei siste tider skal invadera jorda gjennom truande som nyttar autoriteten sin og er kanalar for den overnaturlige røynda. Ein meiner ein kan oppretta sjudomsfrie område på stader der det er eit sterkt nedslag av forsamlingar som nyttar denne krafta til å lækja og befala sjukdom bort, seier Teigen.

Impulsar

Førstemanuensen vil vera forsiktig med å svara på kor stor innflytelse Nar har i lutherske samanhengar i Norge. – Eg har prøvd å informera, for i nokre miljø som kan synast å vera opne for dette, har dei kanskje ei mangelfull forståing om kva det handlar om, seier han.

Teigen trur det er viktig å vera merksam på det som òg Ole-Jørgen Storsæter seier, når det gjeld ungdomar. – Dei går ofte rett på internett. Det er ikkje lenger slik at det er bedehuset eller den kristne samanhengen der ein går, som avgjer kva ein tenkjer og trur på, men ein går på nettet og tek imot kanskje vel så mange impulsar derifrå.

Evangeliet

Med tanke på forsamlingane i ImF, trur Arne Helge Teigen det er behov for informasjon og formidling av kunnskap om Nar som er breiare enn det folk meir selektivt har fanga opp her i Norge.

– Menneske som har vore inne i dette, treng ofte hjelp til å få sjå inn i evangeliet og finna fotfeste der. Det er frykteleg krevande å vera Jesus på jorda – ein kan prøva kven som helst! Ein sa til meg: «Eg hadde i grunnen ikkje høyrt evangeliet før.» Kanskje må evangeliet forkynnast på ein måte som relaterer til loviskheita, dette at ein skal gjera så store gjerningar. Eg trur vi lever i ei tid der evangeliet må forkynnast veldig tydeleg som noko Jesus har gjort for oss og som me kan få kvila.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.