FORDELER: Krinssekretær Sondre Orrestad ser fleire fordelar med at kretsbladet går inn i Sambåndet. FOTO: ImF Media arkiv

To nye kretsblad inn i Sambåndet

Både Sogn og Fjordane Indremisjons kretsblad Indremisjonsvarden og ImF Midthordlands kretsblad Vegen Fram går inn i Sambåndet.

«Indremisjonsvarden» har vore namnet på kretsbladet for Sogn og Fjordane Indremisjon i 20 år. Krinssekretær Sondre Orrestad fortel til Sambåndet at dei tidlegare hadde «Sognevarden» i Sogn Indremisjon, som ved fusjonen i 2002 gjekk saman med Dalsfjord og Bremanger Indremisjon. Frå og med februar 2023 går Indremisjonsvarden inn i Sambåndet og skiftar samstundes namn til Varden.

– No når bladet går inn i Sambåndet, som er Indremisjonsforbundets sitt organisasjonsblad, går me inn i ein «ny» fase med kretsbladet, difor gjer me også namnet enklare, seier Orrestad.

Heilskapleg
Også ImF Midthordland vil la sitt kretsblad, Vegen Fram, bli ein integrert del av Sambåndet frå og med juni. Når Sambåndet ringer kretsleiar Otto Dyrkolbotn, held dei på å senda Vegen Fram til trykking for siste gong.

Kvifor går de inn i Sambåndet?

– Det vert ein del arbeid med produksjon og distribusjon av bladet, og så har vi hatt ein reduksjon i talet på abonnentar. I tillegg ligg det ein heilskapleg tanke bak. Ved å gå inn i Sambåndet når vi lengre ut med det som skjer i ImF Midthordland, og vi får meir informasjon om kva som skjer i resten av ImF. Det er ein måte å byggje identitet til ein større samanheng på og byggje fellesskap ved at ein veit meir om kvarandre, seier Dyrkolbotn.

KRETSLEIAR: Otto Dyrkolbotn i ImF Midthordland. FOTO: ImF MEDIA

Effektivisering
Noko av det same nemner Sondre Orrestad.

– Det er fleire grunnar for oss til å gå inn i Sambåndet. Dei siste åra, og i heile mi tid i Sogn og Fjordane Indremisjon, har me stått for heile produksjonen av bladet sjølv – både stoff, bilete, trykking, klargjering, abonnementslister og utsending. Forhåpentlegvis vil dette føre til ei effektivisering av arbeidet, seier han.

Indremisjonsvarden har jamt hatt fire utgåver i året, og ifølge Orrestad vil også Varden kome ut fire gonger i året i Sambåndet.

Einskap
– I tillegg, og kanskje det viktigaste, er at indremisjonsarbeidet og kallet til teneste er noko me står saman om. Å også få informasjonsblada våre på same plattform – i same format, samtidig, håpar eg skal føre til litt meir einskap oss i mellom. Samtidig har me hatt ein del mottakarar av Indremisjonsvarden som ikkje har motteke Sambåndet – og vise versa – no får mottakarane eit større blad, med informasjon frå også andre deler av arbeidet vårt, peikar Orrestad på.

Krinssekretæren ser også nokre ulemper med nyordninga, mellom anna at dei ikkje har gåvegiro  med i Sambåndet slik dei har hatt i kretsbladet, men at giroen framover blir sendt utanom bladet.

– Trass i det er det kostnadseffektivt å gjere det på denne måten, meiner Orrestad.

Innhald
– Tenkjer du annleis om innhaldet i bladet når det kjem i Sambåndet?

– Innhaldet blir det kanskje litt endringar på, men målet med Varden og kretsblad er tredelt: Å informere om ting og arrangement som har skjedd, å informere om ting og arrangement som skal skje og å gi inspirasjon og retning for det lokale arbeidet, seier Sondre Orrestad.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.