OSTERØY: Danielsen ungdomsskule Osterøy starta i Valestrand bedehus og flytta inn i nytt bygg hausten 2019. FOTO: PRIVAT

Danielsen på Osterøy opplevde konkret svar frå Gud

Danielsen ungdomsskule Osterøy låg an til eit underskot på 400.000 kr i 2023. Same dag som ein skal varsla om det på styremøtet, mottek skulen ei gåve på same beløp.

På slutten av 2023 såg rektor Jostein Fossmark ved Danielsen ungdomsskule Osterøy føre seg å måtte ta raude tal med inn i eit nytt budsjettår. På styremøtet i november vart skulen varsla om at den låg an til eit underskot på 400.000 kr til jul. 

– Det kunne ført til nedskalering av fleire viktige tilbod for elevane, skriv Fossmark i ein e-post til sambåndet.no. 

Mellom anna stod den årlege turen til Auschwitz for 10. klasse i fare. 

Gåve.
Same ettermiddag, utan at nokon av sakene var kome ut offisielt, ringte formannen i Valestrand Indremisjon til rektoren. 

– Han lurte på om me trengte noko pengar. Eg svarte ærleg at, «Ja, det gjer me faktisk», fortel Fossmark. 

Formannen sa at Valestrand indremisjon hadde bestemt seg for å gje ei gåve til Danielsen Osterøy på 400.000 kroner. Dette var berre timar etter at same beløpet var presentert av økonomileiar som sannsynleg underskot. 

– Dette fortalte eg formannen, og me var begge forundra over kor konkret Gud hadde svart på våre behov. Det vart ei sterk historie som me kunne dela med både elevar, styret, tilsette og foreldre, skriv Fossmark vidare. 

Avvikla.
Bakgrunnen for gåva var at Valestrand Indremisjon skulle avvikla drifta og dela ut dei pengane dei hadde på konto. Bedehusbygget vart seld til Egill Danielsen stiftelse for fleire år sidan, og forsamlinga har gått inn i andre samanhengar på Osterøy. Ved årsslutt avslutta dei ytterlegare nokre kontoar og gav pengane til skulen. Samla var gåva på 532.000 kr. Det resulterte i at skulen ikkje gjekk med underskot i 2023, men enda med eit overskot på nokre hundre tusen. 

Magne Daltveit var kasserar i styret for Valestrand Indremisjon. 

– Når me la ned laget vårt, hadde me ein del pengar etter salet av bedehuset, og me fordelte dei til mellom anna Raknestunet, Nordhordland Indremisjon og Bibelskulen som fekk ein million kvar. Bedehusa på Osterøy fekk ein del, og så fekk Danielsen ungdomsskule Osterøy resten. Dei kjøpte bedehuset vårt, og det er me svært glade for, skriv han i ein e-post. 

Betydning
Rektor er klår på betydninga gåva har for Danielsen Osterøy. 

– Det er ein stor kamp å driva kristen skule i dag. Mange sterke røyster talar imot den fridomen som me har i dag, og det er usikre tider for friskulane i landet vårt. Det betyr mykje for oss å oppleva at Gud ser oss og syner dette på ein så konkret måte denne gongen. I tillegg er det ei enorm oppmuntring at andre søsken i trua ser det viktige arbeidet som skjer på skulen og vil støtta dette på ein slik avgjerande måte, strekar Fossmark under. 

Ungdomsarbeid
Han peikar på at skulen betyr ein stor forskjell for veldig mange heimar og er eit viktig kristent arbeid i området. 

– Kvar dag kan me møta 90 ungdommar med Guds ord og Guds kjærleik i eit trygt og utviklande læringsmiljø. Ungdommar som kjem frå alle typar heimar og med alle typar bakgrunn, skriv Jostein Fossmark. 

– Kva betre kunne bedehuset vorte brukt til? Det er eit ungdomsarbeid som me ikkje kunne få til, konstaterer Magne Daltveit. 

Først publisert i Sambåndet 4/24, som kom ut 02. mai 2024.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.