SONGARAR: Reggie Smith og kona Ladye Love Smith er nr. to og tre fra venstre. Bildet er tatt under Spring Camp Meeting 08. juni 2019. FOTO: Three Angels Broadcasting Network/Flickr

Gaither-duo til Bygland

Reggie og Ladye Love Smith kjem til Bygland kyrkje 12. juli som del av Bygland bibel- og naturcamp.

Onsdag 10. juli set Reggie og Ladye Love Smith seg på flyet i USA med direkte kurs for Bygland. Der skal dei ha konsert i Bygland kyrkje fredag 12. juli kl. 19.00.

Dette musikalske ekteparet er kjend over heile Amerika og har òg vore i Norge tidlegare. Første gong var i 2017, då i regi av Finsland Gaither-Music Club (FGMC). Finsland er ei bygd som i dag er ein del av Kristiansand kommune.

Gaither

Reggie er medlem av Gaither Vocal Band. Ladye turnerer no saman med bandet i USA som solosongar. Gaither Vocal Band er ei vokalgruppe innan sørstatsgospel. Gruppa har fått namnet sitt etter grunnleggjar og leiar Bill Gaither og har vore aktive siden 1981.

GRUPPE: Reggie Smith (til venstre) fra Gaither Vocal Band kommer til Bygland sammen med kona Ladye Love Smith. Bandet består ellers av Wes Hampton, Bill Gaither, Todd Suttles og Adam Crabb. Bildet er tatt 4. mai 2023. FOTO: Anaheimryan94/Wikimedia Commons

Konserten er eit samarbeid mellom Bygland bibel- og naturcamp, Bygland sokneråd og Skjærgårdsgospel.

Primus motor for Bygland bibel- og naturcamp, Olav Nilsen, er kyrkjeverje i Bygland kyrkjelege fellesråd.

På soknerådsmøtet 8. april la Nilsen saka fram som orienteringssak. Her skriv han at Bygland kyrkjekontor i samarbeid med FGMC og stiftelsen Skjærgårdsgospel, har arrangert mange konsertar med kjende amerikanske gospelartistar i Bygland kyrkje. I fjor var det country-gospelgruppa «The Browns» som samla nesten fulle hus.

Grammy

– Ein har no vore i kontakt med Finsland Gaither-Music Club og Skjærgårdsgospel om ein gospelkonsert i Bygland kyrkje fredag 12. juli med den kjende amerikanske duoen Reggie og Ladye Love Smith. Reggie Smith har mellom anna gjennom sin deltaking i Gaither Vocal Band, vunne to Grammy-prisar. Dei kjem til Bygland direkte frå USA og skal vidare til Sarons Dal dagen etter, skriv Nilsen og legg til.

– Dette har eg svara ja til, avdi det fell saman med avslutningshelga for årets Bygland bibel- og naturcamp.

Utan risiko

Olav Nilsen peikar på at konsertar saman med Skjærgårdsgospel plar vera utan økonomisk risiko.

– Dette fordi ein ikkje betalar artisthonorar, samstundes som alle billettinntektene går til Skjærgårdsgospel. Ein plar òg trekkja frå utgifter til teknikar i det endelege oppgjeret, held Nilsen fram.

Soknerådet arrangør

Kyrkjeverjen skriv at det av praktiske og tekniske årsaker vil vera enklast at Bygland og Årdal sokneråd også denne gongen står som arrangør, sjølv om det fell saman med Bygland bibel- og naturcamp.

– Men nett av den grunn er ein også sikra ekstra god pubikumsoppslutning, peikar Olav Nilsen på.

Soknerådet sa seg einig i dette, går det fram av referatet.

Bygland bibel- og naturcamp 2024 startar på KVS Bygland 7. juli. Sambåndet hadde førehandsomtale i nr. 4/24, som kom ut 2. mai.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.