GLAD: – For meg har det vore eit privilegium å jobbe på Fangekasa, seier dagleg leiar Vidar Førrisdahl-Johansen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Bibel- og bobiljubel ved svenskegrensa

Fødselen var trang for misjonssenteret som mot fleire odds er blitt ein institusjon og eit must for mange menneske, ikkje minst for tre ihuga generasjonar Johansen.

Når april kjem og det vert opna for påmelding til bibelcampen på Fangekasa, går det berre nokre minutt før staden er fullbooka. Dei som var her i fjor og året før og året før der igjen, vil attende på nytt og på nytt.

For mange familiar er sommaren aldri den same utan eit opphald her i grensetraktene mot Sverige. Dei rett og slett tilbake. Ikkje minst syter barn og unge for at tradisjonen vert oppretthalden. Dei har gode vener dei skal treffa, og då er ikkje Legoland eller Liseberg godt nok i meir enn toppen eit par dagar.

Slik har det vore meir og mindre i 40 år på den gamle husmannsplassen ved Aremarksjøen. Så lenge er det sidan det første stemnet på Fangekasa misjonssenter, og sommarsesongen i år vert avrunda 21. juli med jubileumsfest.

«Han som spring»

Midt i alt som skal ordnast i ei hektisk ferietid, står Vidar Førrisdahl-Johansen med begge føtene. Vel, står og står. Vidar ber tilnamnet «Han som spring». Den slanke daglege leiaren på Fangekasa ser ikkje vitsen med langsam gange, men småspring frå eitt gjeremål til det neste.

Det er ikkje tilfeldig at det er akkurat han som har denne rolla. Utan å vita det sjølv, byrja han å aspirera til den tidleg på 1980-talet, medan førebuingane til den første Fangekasa-sommaren gjekk føre seg. Det var hektisk. Dagen før stemnestarten var ikkje badegolvet ferdig, og kjøkenet mangla godkjenning. Einkvan måtte trå til.

Tre generasjonar

– Eg hugsar vi sveiste golvbelegg på badet den siste kvelden, seier 53-åringen, som berre var 13 då han fyrste gongen hjalp til med glød i det praktiske arbeidet. Alt då trivdest han godt i trus- og arbeidsfellesskapet på leirstaden.

– Det kom ein kar som skulle feriera her og som var handverkar. Han låg heile den siste natta på knea medan han ordna kjøkenet, skyt Tore Johansen inn.

77-åringen er Vidar sin far og sto midt i prosessen då det vart avgjort å satsa på Fangekasa som ein møteplass for ungdom. Den tidlegare ordføreren i Aremark sat i det fyrste styret og engasjerte seg sterkt frå første stund. No er tredje generasjon komen med. Kristian Petrus er ein praktisk anlagd 15-åring som fylgjer i far og farfar sine fotefar og jobbar her i juni og juli.

TRE LEDD: Engasjementet er stort for Fangekasa hjå både farfar Tore Johansen, pappa Vidar Førrisdahl-Johansen og Kristian Petrus Førrisdahl-Johansen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Få tilsette

Det er i det heile teke mange som har hatt omsut for Fangekasa og bidrege med materialar, ekspertise, pengar, forbøn og dugnadstimar i eit tal som berre Gud har full oversikt over.

Fangekasa er i bruk frå mai til oktober, men tilsette har det vore få av.

– Det både er og har vore masse dugnadsarbeid her, seier Vidar, som no i sommar får hjelp av eit par vaktmestrar og eit knippe unge sesongarbeidarar. Sidan februar har han óg hatt Ole Kristian Tjernæs med seg som administrasjonskonsulent i ei 30 prosents stilling.

To jobbar

Vidar Førrisdahl-Johansen snakkar om den unge utgåva av seg sjølv som stille og tilbakehalden. Frå midt på 80-talet delte han sommartida mellom Fangekasa og kyrkjeleg sektor, der han var plenklyppar mellom gravsteinane. Han avspaserte så han kunne sykla til Fangekasa og vere lydteknikar der og få med seg bibeltimane. Så tråkka han attende til jobben på kyrkjegarden.

– Folk spurde korleis eg orka, men for meg var det eit merkeleg spørsmål. Det var ikkje eit ork å jobba her, men eit privilegium. Det var artig og lærerikt, og eg trivdest, seier Vidar.

Han er radio- og TV-mann med utdanning frå Gimlekollen, og han tok opp alle bibeltimane på Fangekasa.

– Eg har dei kassettane framleis, fortel han til Kristelig Pressekontor.

FULL FART: Vidar Førrisdahl-Johansen står sjeldan stille når det er høgsesong på Fangekasa, og han rører seg kjapt mellom dei mange gjeremåla. Det har gitt han tilnamnet «Han som spring». Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Kyrkjeverge

Vidar deler stadig tida si mellom kyrkja og Misjonssambandet. Han har nemleg avansert til kyrkjeverge i Aremark og er ofte å sjå på kyrkjegarden slik som i den plenklypjande ungdomstida.

På Fangekasa som i samfunnet elles, er det mykje kontorarbeid og formalitetar å ta seg av, og for tre år siden trengte ein å løna ein dagleg leiar. Styret drog ikkje langt for å finne kandidaten sin. Vidar var opptrent frå før senteret vart etablert, og han fekk sjølvsagt jobben.

– Eg er så å seia oppvaksen her og kjenner plassen, seier Vidar, som meiner det kunne trengjast ei full stilling hjå begge arbeidsgjevarane hans. Men beinflyr gjer han i alle høve.

Starten

Far og farfar Tore fortel at det måtte ein ivrig sunnmøring til for at senteret skulle bli etablert: – Det starta då dåverande krinssekretær Sveinung Lianes var på eit ungdomsmøte i Halden seint på 70-talet. Der spurde han om det var nokon som visste om ein stad som var godt eigna til eit ungdomssenter.

Lianes fekk svar frå Carsten Winsvold, som eigde Fange gård og husmannsplassen Fangekasa som berre hadde ein låve og eit lite, rødt våningshus med nokre små jordlappar med fjellskjær og skog rundt. Ein regntung dag drog krinsstyret på synfaring.

JUBILEUM: Midt mellom campinghytter og bobilar står framleis våningshuset frå den gamle husmannsplassen på Fangekasa. I sumar er det 40 år sidan staden vart misjonssenter. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

And som teikn

– Det var grått og trist, og stemninga var ikkje høg, seier Johansen og fortel om ei and som kom symjande nordifrå på Aremarksjøen. Då bemerka eit styremedlem spøkefullt: «Skal vi ta dette som eit teikn på at vi skal satse på staden?»

– Somme meinte vel at det i så høve skulle ha vore ei due, seier Johansen og opplyser at det ikkje vart fatta noko vedtak i gråveret.

Skepsis i NLM

Dessutan var det noko skepsis i hovudstyret for Norsk Luthersk Misjonssamband mot ein ny leirstad. Ingen strategidokument sa heller noko om at ein skulle starta bibelcamp langt inn mot svenskegrensa.

Men stjernepredikanten John Olav Larsen sin bibelcamp på Justøya ved Lillesand var nok ein modell. Og så var det altså ein visjonær sunnmøring med gründargener i biletet.

Sveinung Lianes

– Sveinung Lianes ga seg ikkje. Det var pågangsmotet hans og det synet for saka som han hadde, som gjorde at dette vart ein stad for ungdom med bibelcamp og misjonssenter, seier Tore Johansen til KPK.

Lianes fylgde opp i handling og ga seg saman med gode allierte til å rydda skog med motorsag då dei naudsynte vedtaka etter kvart var gjort. 23. april i 1984 ga styret klarsignal til å reisa sanitærbygget. 16. juli same sommaren fann innviinga stad.

Historia til Fangekasa bibelcamp startar med at dåverande krinssekretær Sveinung Lianes var på eit ungdomsmøte i Halden seint på 70-talet. Bildet er frå 2016. FOTO: Ole Andreas Husøy

600.000

  – Her var det inga nøling?

– Nei, og det er nesten utruleg at det gjekk. Men vi hadde dyktige handverkarar med oss, seier Tore Johansen, som fortel at Misjonssambandet først leigde staden. I 1990 fekk dei kjøpa Fangekasa for 600.000 kroner. Ein velviljugt innstilt eigar hadde plassert den årlege leigesummen på konto, og alt som var innbetalt, vart overraskande trukke frå kjøpebeløpet.

 – Både brukarar og tilsette trivst tydelegvis her. Kva er det beste med jobben på Fangekasa?

– Det er når sesongen startar, og det byrjar å strøyma på med bobilar og folk, når grillukta svevar over området og «Navnet Jesus blekner aldri» lyder ut gjennom døra frå møtehallen. Det er det beste, seier ein nesten henført dagleg leiar.

Så må han springa. KPK

Reportasjen er laga av Stein Gudvangen, KPK – stein@kpk.no

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.